Skip to main content

Fakta har makta i utvikling av gode skattesystem

By Sigrid Klæboe Jacobsen

Annette Alstadsæter presenterer i eit rom med publikum.
Annette Alstadsæter under Verdsbankens internasjonale konferansen om offentlege finansar i 2025. Photo: The World Bank

Kva skjer når toppforskning blir omsett til praktiske verktøy? Atlas of the Offshore World viser korleis opne data kan styrkje skattesystem i land som treng det mest.

Då overgangsregjeringa i Bangladesh i fjor vinter la fram rapporten sin om den økonomiske tilstanden i landet, sto eitt tema i sentrum: korrupsjon og andre ulovlege pengestraumar som har tappa landet for ressursar. Dei viste til Atlas of the Offshore World som kjelde. Det er ikkje tilfeldig.

Når politikarar og embetsverk treng raske, truverdige tal for å finne penga som «forsvinn», er Atlaset blitt eit arbeidsverktøy – og eit døme på korleis norsk forsking får direkte samfunnseffekt i utviklingsland.

Forskingsprosjektet som vart eit arbeidsverktøy

Atlaset er utvikla av EU Tax Observatory og Skatteforsk ved NMBU. Det samlar oppdatert, forskingsbasert informasjon om korleis multinasjonale selskap flyttar overskot, kor mykje formue hushald gøymer i lågskattland, korleis kapital og arbeid blir skattlagde – og til og med offshore eigedom i storbyar.

Alt er visualisert land for land, med opne datasett og metodegrunnlag som gjer det lett å etterprøve og byggje vidare. I praksis betyr det at finansdepartement, skattemyndigheiter, journalistar og sivilsamfunn kan bruke dei same tala i både utvikling, etterprøving, og samanlikning av politikk og strukturar.

Opne datasett gjer politikken meir treffsikker

Dette er avgjerande for utviklingsland fordi god skattlegging er fundamentet for sjølvstende og velferd. Gitt dagens geopolitiske situasjon og dei mange kutta i bistand, er robuste og gode skattesystem viktigare enn nokon gong for at land skal kunne finansiere eiga utvikling. Skatteinntektene finansierer skular, sjukehus og infrastruktur; dei reduserer avhengnad av bistand og styrkjer den sosiale kontrakten mellom styresmakter og innbyggjarar.

Aggresiv skattetilpassing og hol i både internasjonale og nasjonale lovverk verkar saman med manglande data og svake system til å mogleggjere svekking av skatteevna til land. Når selskap flyttar overskot ut av landet gjennom kreative opplegg, og personar gjer det same for å gøyme pengar frå skattlegging, så bryt ikkje berre budsjetta saman – tilliten gjer det òg.

Atlaset hjelper land å identifisere kvar lekkasjane er størst, og kan hjelpe til med å finne virkemidla som treffer best.

Frå enkeltstudier til levande datasett

Historisk har mykje forsking stoppa etter publisering i tidsskrift. Då Skatteforsk saman med kollegaer for nokre år sidan målte kor mykje dei rikaste faktisk unndreg i skatt gjennom skatteparadis, skapte resultata stor merksemd – men spørsmåla som kom etterpå var praktiske: «Kan de oppdatere tala jamleg? Kan vi sjå utvikling over tid for landet vårt?». Men repeterande oppdateringar får sjeldan plass i topptidsskrift. Løysinga vart å byggje ein infrastruktur for data, ikkje berre endå ein artikkel, for å lage forskningsbasert statistikk over tid. Det er her Atlaset kjem inn.

Gjennom støtte frå Norad og samarbeid mellom EU Tax Observatory har vi på Skatteforsk etablert ein ny modell: opne, levande datasett som blir oppdaterte og delte, med brukarvennlege visualiseringar. Sidan den første lanseringa er Atlaset oppdatert og utvida og nyleg kom nye datasett og funksjonar som gjer det enklare å sjå biletet for einskilde land og samanlikne på tvers av land. Dette tek forskinga ut av universitetssiloane og inn i praktisk politikk og administrasjon.

Bangladesh viser kor raskt slik kunnskap kan bli operativ. Etter at den sterkt korrupte regjeringa fall, har overgangsregjeringa lagt fram tal på kor mykje som truleg er ført ulovleg ut av landet – og peika på korleis dette undergrev evna til å finansiere utvikling. I arbeidet vender dei seg mot opne kjelder og verktøy som Atlas of the Offshore World. Det gjev eit felles faktagrunnlag for styresmakter, domstolar og partnarar i andre land som skal hjelpe til med å spore verdiane.

Afrikanske land tek i bruk metodane

Samfunnseffekten stoppar ikkje der. På tvers av Afrika ser vi at skatteadministrasjonar og politikkutviklarar tek i bruk tala frå Atlaset til opplæring, risikoanalyse og kontrollstrategiar – mellom anna i kurs og verkstader der embetsfolk øver på å bruke land-for-land-tal for å avdekkje overskotsflytting. Når fagmiljø i sør får direkte tilgang til verktøy og metodar, blir dei raskare i stand til å stille dei rette spørsmåla til dei rette selskapa.

I haust fekk Skatteforsk høvet til å presentere Atlaset for praktikarar og forskarar på Verdsbankens internasjonale konferanse om offentlege finansar i London. Poenget vårt der var enkelt: Forskinga må vere nyttig i kvardagen til dei som faktisk skal byggje skattesystema. Difor ber vi aktivt om tilbakemeldingar – kva treng de for å prioritere kontroll, forhandle avtalar, endre reglar? Slike tilbakemeldingssløyfer gjer verktøyet betre, og dei gjer forskinga betre. Konferansen har på sju år vakse til ein sentral møtestad for nettopp dette samspelet.

Frå toppforskning til klasserom

Norsk forsking har ein nøkkelrolle i dette. Vi sit nær både forvaltning og finansnæring, og har tradisjon for å kombinere sterke registerdata med etikk og åpenhet. Når vi samarbeider internasjonalt, kan vi gjere metodane universelle – og resultata tilgjengelege for land og aktørar om verkeleg treng dei. Det er òg grunnen til at vi frå Skatteforsk no arbeider vidare med å gjere Atlaset endå meir brukarretta: som eit diagnoseverktøy for politikkutforming, som støtte for revisjonsstrategiar i skatteetatane, og som grunnlag for undervisning som byggjer kompetanse og tillit.

Undervisning er særs viktig. Me må gjæra komplekse skattespørsmål forståelege for dei som skal arve problema. Les meir om korleis vi koplar toppforskning til elevar ved videregåande skuler i Frå skatteparadis til klasserom.

Vegen vidare: endå meir open, endå meir relevant

Vegen vidare krev to ting. For det første må vi halde datasetta opne og oppdaterte. Det gjer at land som Bangladesh kan vise til truverdige kjelder når dei ber andre jurisdiksjonar om rettsleg hjelp – enten det gjeld overskotsflytting eller eigedommar i utlandet. For det andre treng vi fleire arenaer der forskarar og praktikare jobbar saman – ikkje berre presentasjonar, men sams problemløysing. Verdsbank-konferansen viser at denne kulturen er mogleg og vi bør forsterke han.

Vi har nå laga verktøyet, og neste steg er å oppdatere og utbetre, som krev samarbeid med brukarar for å lære kva dei treng. Atlas of the Offshore World er ikkje svaret på alt, men det gjer noko grunnleggjande: det gjer kunnskapen brukbar. Når tal blir til kart, kan land forhåpentleg raskare finne vegen til betre skattesystem.

Annette Alstadsæter, professor i samfunnsøkonomi ved NMBU og leiar for Skatteforsk

Sigrid Klæboe Jacobsen, programleiar i Skatteforsk

Merknad: Atlas of the Offshore World er utvikla av EU Tax Observatory og Skatteforsk. Oppdateringar og landviser er ope tilgjengelege på nett

Published - Updated