Vi skal prøve å finne nye virkestoff som hemmar danninga av bakteriasamfunn - såkalla biofilmer. Dette vil kunne bidra til å stoppe mange typar infeksjonar som er årsaka av antibiotikaresistente bakterier.

01 jan. 2019 - 31 des. 2020

Joint Programming Initiative on Antimicrobial Resistance

  • Antimikrobiell resistens (AMR) er eit aukande problem omkring i verda. Stadig fleire infeksjonar er vanskelege å behandle på grunn av bakteriar som er resistente mot antibiotika. Særleg vanskelege er infeksjonar som er forårsaka av bakteriar som veks i biofilmer. Dette er fordi biofilmen gir bakteriane ein ekstra vern mot antibiotika som kjem i tillegg til andre AMR mekanismar.

    Ein biofilm er eit strukturert samfunn av bakteriar som er festa til ei overflate. Biofilmar haldast saman av ei rekkje ulike komponentar som polysakkarid, lipid, DNA og protein. Slike bli danna på til dømes hudceller, medisinsk utstyr eller implantat, og kan føre til mellom anna sår- og urinvegsinfeksjonar. Denne samansetninga beskyttar bakteriane og gjer dei høgresistente mot infeksjonsbehandling. Nye strategiar for å behandle slike infeksjoner er naudsynte.

  • Målet med dette prosjektet er å finne fram til nye anti-biofilm strategiar og mekanismar for å stoppe biofilminfeksjonar forårsaka av antibiotikaresistente stafylokokkar, pneumokokkar, E. coli og Pseudomonas. Ved å hindre at bakteriane dannar biofilm, vil sjansen for infeksjonar gå ned, og samtidig potensielt gjøre bakteriane meir sensitive for andre antibiotika. Vi vil i dette prosjektet nytte nye genetiske teknologiar som "CRISPR interferens", kombinert med storskala forsøk for å leite etter nye metodar å hindre at biofilm blir danna. Prosjektet er venta å kome fram til nye anti-biofilm mekanismar for dei ulike AMR bakteriane som kan nyttast i vidare forsking og utvikling. I tillegg vil dei genetiske verktøya frå dette prosjektet vere tilgjengeleg for alle forskingsgrupper som arbeidar med å motverke AMR.

  • Prosjektet "DISRUPT", som vert koordinert av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, er eit samarbeid mellom forskingsgrupper i Noreg, Sveits (Universitetet i Lausanne) og Tyskland (EMBL, Heidelberg).

    For mer informasjon, besøk websiden til DISRUPT

Deltakere

Eksterne deltakere:

Danae Morales Angeles

Postdoctor

Maria Victoria Heggenhougen

PhD student

Jan-Willem Veening

Veening lab

Nassos Typas

Christoph Merten

Associate Professor, Laboratory for Biomedical Microfluidics

Alexandra Koumoutsi

Research scientist, EMBL Heidelberg