Rudolf taklar foreløpig klimaendringane betre enn frykta

Av Cathrine Glosli

Reinsdyr på Svalbard.
Reinsdyr på Svalbard. Foto: Shutterstock

Svalbardreinen har blitt tjukkare, ikkje tynnare, av dei siste 28 åra med klimaendringar.

Nordpolen er ikkje kva den ein gong var. Arktis og Antarktis er områda på kloden kor temperaturane aukar raskast. På Svalbard betyr dette lengre periodar med mildvêr. Det fører til at snø og is smeltar, for så å fryse på igjen i kaldare periodar. Desse nye vekslingane mellom varmt og kaldt resulterer i at bakken blir dekt av is. Det er eit problem for Svalbardreinen: når isen legg seg på bakken, blir maten utilgjengeleg.

– I ein normal Svalbardvinter, kor bakken er dekt av snø, kan dyra grave seg ned til maten, seier Leif Egil Loe, professor i viltbiologi ved NMBU.

Luftig snø er lett å kome igjennom. Hard is er mykje vanskelegare.  

Fram til nyleg styrte desse isete vintrane bestanden: Den bygde seg opp over nokre år, for deretter å stupa når det meste av bakken vart dekt av is og mange dyr konkurrerte om dei få plantane dei kunna finna. Dei siste ti åra har det likevel skjedd noko nytt.

Ein flokk på fire svalbardreinsimler og ein årskalv i vinterpels.
Ein flokk på fire svalbardreinsimler og ein årskalv i vinterpels. Foto: Erik Ropstad

Tjukkare ein vanleg

Loe og kollegaene har dei siste 28 åra fanga og vege rundt 1000 simler i Reindalen på Svalbard. Dei har også følgt utviklinga av talet på dyr i bestanden.

Overraskande nok så har reinsdyrbestanden vakse kontinuerleg dei siste 10 åra, sjølv om det har vore nokre isete vintrar. Det tyder på at dei taklar dei nye mildare vintrane bra, dei var faktisk tjukkare på våren enn vanleg.

– I dei åra og områda kor vinteren starta seint, var dyra i snitt 5 kilo og ti prosent tyngre på slutten av vinteren.

Større matfat

Årsaka til Rudolfs auka feittlag skuldast endringar i matfatet.

– Vekstsesongen på Svalbard er svært kort, seier Loe.

Vekstsesongen til plantane varer vanlegvis frå byrjinga av juni til midten av august, men det er store forskjellar mellom år. I eit varmare klima startar plantane tidlegare på våren, og lever lenger utover hausten. Ein varm sommar produserer dobbelt så mykje reinsdyrmat som ein kald Svalbardsumar, og denne maten er tilgjengeleg større delar av året.

Varmare haustar med seinare snøfall har derfor meir enn kompensert for at resten av vinteren har vorte meir isete.

– Dette er nok hovudforklaringa til at bestanden i vårt studieområde har nær tredobla seg dei siste tre tiåra, seier han. 

Professor Leif Egil Loe
Professor Leif Egil Loe Foto: Tommy Normann / NMBU

Stadbunden variant

Svalbardrein er ein eigen underart av rein. Den er mindre enn dei fleste andre underartane, og eksisterer berre på Svalbard.

– Reinen finst stort sett i alle område som ikkje er dekka av isbrear, seier Loe.

Det finst om lag 20 000-25 000 reinsdyr på Svalbard, men bestanden varierer mykje, både geografisk og over tid.

– I motsetning til dei store flokkane folk vanlegvis assosierer med reinsdyr, held Svalbardreinen gjerne saman i mindre grupper.

Den kom antakeleg over isen for rundt 6000 år sidan. Genetiske studiar indikerer at bestanden har opphavet sitt i Sibir og nordvestre delar av Russland, og kom til Svalbard via Novaja Zemlja og Franz Josef Land.    

Feltarbeid på Svalbard. Det er ikke alltid ideelt vær.
Feltarbeid på Svalbard. Det er ikke alltid ideelt vær. Foto: Erik Ropstad

Økosystemet endrast

– I framtida vil antakeleg Svalbard sjå ganske annleis ut, påpeikar Kari Klanderud, NMBU-professor i planteøkologi.

Ho har forska mykje på korleis klimaendringane vil påverka skandinaviske plantesamfunn.

– Varmare vêr favoriserer gras og blomstrande plantar i staden for mosane som dominerer i dag. Endringane i plantesamfunna vil antakeleg også vera sjølvforsterkande fordi plantane vil endra jordsmonnet. Mattilbodet til reinen vil nok derfor berre halda fram med å auka.

For varmt for eit istids-dyr…?

I tillegg til endringar i lokal flora, er det også mogleg at det blir meir vinterbeite for dyra i framtida. Høg vintertemperatur vil til slutt avdekkja meir beite vinterstid, i staden for å isleggja dei.

– Dersom desse trendane slår inn kan framtida for reinsdyra på Svalbard vera lysare enn det me så langt har frykta, seier Loe.

Han er likevel ikkje superoptimistisk på reinsdyra sine vegner.

– På varme sommardagar ser me at reinen vel kvilestader på kalde jordflekker, i myr eller på snø.

– Aktivitetsnivået til dyra stuper også kraftig når temperaturane overstig 12 grader.

Desse sommartemperaturane blir stadig vanlegare på Svalbard.

– Sjølv om reinen kan reknast som ein klimavinnar dei siste 28 åra, og mattilbodet vil halda fram med å auka, vil fysiologiske utfordringar for dette istids-dyret antakeleg gjera seg gjeldande i nær framtid, avsluttar Loe.

Men nissen treng altså ikkje ha med seg ekstra mat på sleden til Rudolf og resten av flokken i år.

Fakta

Referanse:

Loe, L.E. et al. 2021. The neglected season: Warmer autumns counteract harsher winters and promote population growth in Arctic reindeer. Global Change Biology.

Publisert - Oppdatert

Del på