Lagar arkiv med historiske roser

Av Elin Judit Straumsvåg

Student i slutttfasa av bruleggjing.
Student i slutttfasa av bruleggjing.Foto: Ragna Berg

Historiske roser har fått sitt klonarkiv ved NMBU. Opparbeidinga av rosehagen og klonarkivet er gjennomført av studentane ved studieoppstart. No skal historiske roser bevarast for ettertida.            

Rosene er samla inn frå austlandet i eit samarbeid med Norsk roseforeining, eit samarbeid som tok til i 2007. Ukjende roser har vorte identifiserte ved å ta DNA-prøver som vart samanlikna med DNA-analyser av roser samla inn i Sverige. Lærar og prosjektleiar Ragna Berg fortel at det er vald ut 62 forskjellige rosesortar frå det gamle prøvedyrkingsfeltet som inneheldt 350 roser. Rosene høyrer til fleire rosegrupper, er tilpassa austlandsklima, er godt dokumenterte og har ein historikk i Noreg før 1950.

Svalbard Globale frøhvelv

I eit klonarkiv også kalla feltgenbank, vert genressursar tekne vare på i form av levande planter i plantesamlingar. I eit frøarkiv tek ein vare på frøa, slik ein gjer det i Svalbard Globale frøhvelv. Ragna Berg fortel at NMBU tek vare på arvemateriala åt desse rosene med å ta vare på levande planter. Planter som må verta klonformerte for å bevara den rette genkombinasjonen, og planter som ikkje har frø som kan tørkast og frysast ned, må bevarast som levande planter.

– Fordelane med klonarkiv er at vi kan følgja plantene over tid under varierte forhold, og at plantene er tilgjengelege for publikum, som her i planteskulen, seier Ragna Berg.

Publikumsope klonarkiv og rosehage

Midt i rosehagen er det sett ut bord og stolar i ei fin sitjegruppe. Rosehagen er open for alle.

– Vi må til ei kvar tid vite, hundre prosent sikkert, at den rosa vi meiner å ha i bedet er den rosa – utan er alt øydelagd som klonarkiv. Vi må vita heilt sikkert og da må vi vera veldig påpasselege med korleis vi lagar beda og med vedlikehaldet framover, seier prosjektleiar Ragna Berg.

Førsteårs landskapsarkitekt- og landskapsingeniørstudentar, 69 tilsaman, tek til med eit praktisk byggjeprosjekt ved studieoppstart. Byggjeprosjektet er ein del av emnet LAA115 som er ein introduksjon åt profesjonsstudiet.

 Praktisk, kreativt og berekraft 

Uvant, men ein god start på landskapsarkitektstudiet får vi til svar på spørsmålet om korleis ein praktisk oppstart fungerer. NMBUs Fakultet og samfunn utdannar både landskapsarkitektar og - ingeniørar. Iselin Camilla Tilley, som studerer landskapsarkitektur, synes det er bra at dei to disiplinane samarbeider frå start.

– Vi vert ein ressurs for kvarandre frå første stund og det er gjerne slik vi kjem til å samarbeida i arbeidslivet. Vi hjelper kvarandre på same tid som vi er avhengige av kvarandre.

Tilley trekkjer fram blandinga mellom det reint praktiske og det kreative som inngang til studievalet. Berekraft eit anna stikkord.

Byrommet og sosial berekraft

Dorthe Sverdrup- Thygeson, studerer også til landskapsarkitekt, trekkjer fram det grøne  og byrommet som har stor betydning for folk. Sosial berekraft – at det vert lagt til rette for alle aldrar og funksjonalitetar.

– Alle skal ha ein stad å møtast.

Landskapsarkitektane sin kompetanse

Enn dei som bur på landsbygda, vil dei oppleva å få hjelp av landskapsarkitektane. Sjølvsagt var svaret, frå både Tilley og Sverdrup-Thygeson.

Elles arbeider mange landskapsarkitektar i Vegvesenet. Ingen veg vert planlagt eller bygd utan kompetansen åt landskapsarkitektane. Ei rundkøyring er aldri så lita at ikkje ein landskapsarkitekt kan gjera ho meir funksjonell og vakker. Sykkelstiar bind både byar og bygder saman.

I dette prosjektet er studentane med å etablera rosehage og klonarkiv, som ein oppstart på eit langt studium. Arkivet vil bety mykje for mange? Her kan roseentusiastar og andre ved sjølvsyn få, på nære hald, sjå og studera roser dei minnes frå tidlegare tider. Publikum og vitskaplege veit at rosene no vert tekne godt vare på. Det kan mesta samanliknast med frøarkivet på Svalbard.

Begge landskapsarkitektstudentane Dorthe Sverdrup-Thygeson og Camilla Tilley og er samde om at det er stas:

– Veldig gøy å vera med på å byggja noko permanent.

 Mange moglegheiter

August Haug Bjerknæs, søkte seg på landskapsingeniørstudiet fordi det opnar for mange moglegheiter. Både studiet, men òg arbeidslivet vil utfordra til fortløpande å læra noko nytt. Stor variasjon heile tida.

– Fjorten dagar med praktisk arbeid og samarbeid er både ein «teaser» og ein motovasjon til studia utover hausten. Intensivt og gøy.

 August Haug Bjerknæs påpeikar også fordelen at ein vert fort og godt kjend med dei ein skal studera i lag med desse intense vekene. Også landskapsarkitektane.

– Vi har jobba mykje felles heile tida, akkurat siste dagen vart dei separerte med kvar sine oppgåver. Og slik vil det som oftast fungera i arbeidslivet òg – same prosjekt, men med ulike arbeidsoppgåver.

Praktisk arbeid før teorien

Helene Gabrielsen hoppar uti det. Med William, sonen, på seks veker ved kursets siste dag og eit langt studium framom seg skjønar vi fort at dette er ho motivert for. Landskapsingeniør vil ho bli. Og seier at det er fint med ein praktisk inngang på studiet.

– Kult å komma fort i gang. Med ein praktisk oppstart veit vi meir kva det dreiar seg om når vi tek til med det teoretiske.

Som småbarnsmamma har ho fått lettare oppgåver enn kollegaene og slakkare tøyler no dei første vekene, men gler seg til fortsetjinga.

Helene Gabrielsen sin inngang til landskapsingeniørfaget er hennar store interesse for planter. Ho har drive med eit stort prosjekt heime i eigen hage i Tønsberg. Ho har rekonstruert hagen. Det igjen har opna interessa for å vera med i større prosjekt seinare.

– Eg er interessert i feltet og det verkar kjempespanande. No gler eg meg til førelesingane.

 God praktisk innføring

– Med eit byggjeprosjekt som dette vert studentane kjende med materialar, masser, verktøy, arbeidsteknikkar og krav åt utføringa. Dette håpar eg dei vil dra god nytte av i studia vidare, seier prosjektleiar Ragna Berg. 

  «Helt strøkent»

Godorda sit laust da Ragna Berg samlar studentane kring seg. Berg legg ut ein metallstokk (rettholdt), vater og tommestokk – og same kor ho målar stemmer alt. Riktig gradshelling og heilt perfekt i forhold til kravet til overflateavvik og sprang ved fuger. Godt innafor krava i Norsk Standard!  

 – Dette kan de vera nøgde med. Særs nøgde med. Ingen anleggsgartnar hadde gjort dette arbeidet betre enn dokker!

Publisert - Oppdatert

Del på