Hagekunsthistorie ved NMBU nest eldst i verda

Høst ved Svanedammen, 2009
Høst ved Svanedammen, 2009Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Hagekunst har vore eit viktig felt ved NMBU i mange år. Faktisk så lenge at NMBU kan seiast å ha den nest eldste hagekunsthistorie-utdanninga i verda. 

Professor Karsten Jørgensen kunne i si tid stolt fortelja at Noreg var tidleg ute med å sjå viktigheita av hagar i ulike samanhengar. Det vart oppretta ei utdanning for hagebruk i 1887 ved Den høiere landbruksskole i Ås. Allereie før hundreårsskiftet hadde Noreg fleire hagebrukskandidatar som spesialiserte seg innan anleggsgartneri og hagearkitektur. Desse arbeidde som bygartnarar. Bygartnarar vart ei gruppe som sette spor etter seg. Eit døme er Harald Halds byplan for Oslo frå cirka 1930. Ho inneheldt ein grøn del initiert av bygartnar Marius Røhne. I plana er det teikna inn heilt tydelege grøne årer frå sentrum og heilt fram til Marka. I dag ser ein berre restar av dei grøne årene.

Forskingsbasert undervising

I 1919 da skulen vart vitskapleg høgskule og undervisinga skulle ha forskinga som underlag, kom hagekunsthistorie inn som fag. Utdanningstida vart utvida med eit år, opptakskrava skjerpa og hagearkitektur vart skild frå fruktdyrking og grønsaksdyrking.  Den høiere landbruksskole i Ås var no det einaste studietilbodet innan hagekunst og hagearkitektur på dette nivået i Europa. I Tyskland vart det etablert studieprogram innan hagekunst i Berlin-Dahlem i 1929. I Sverige etablerte dei ei slik utdanning først på 1960-talet.

Fagleg utvikling

Ein lærar vart tilsett for å driva faget hausten 1919. Da ingen med professorkompetanse melde seg fekk Olav Leif Moen eit stipend og stilling som dosent i 1921. I 1938 fekk han tittelen professor. Han var ein markant person som i sitt 40-årige virke ved Noregs landbrukshøgskule (NLH) no NMBU, hadde ein omfattande aktivitet innan dei fleste felt i landskapsarkitekturstudiet. Innsatsen hans var viktig for utvikling av utdanningstilbodet og for faget i seg sjølv. Ein kan lesa meir om dette i boka «Landskapet vi lever i « av Mette Eggen, Anne Kathrine Geelmuyden og Karsten Jørgensen.

Harvard University – først ute

Målet var å betra folk si helse. Rørsler for å etablera folkeparkar og naturområde oppstod frå om lag 1800 både i Europa og USA. USA var tidleg ute med å sjå på hagane og parkane si samfunnsmessige nytte og skapte raskt utdanning på høgt nivå. Ved Harvard University vart  landskapsarkitekturutdanninga etablert i 1900 som verdas første. Ein kan finna andre program på bachelornivå frå tida før 1919 i USA, men i denne samanlikninga har ein sett stort på det og lagt til grunn at utdanninga skal vera på eit høgare nivå. (Ein påstand og samanlikning som nok kan diskuterast).

Austen og Vesten – kan det samanliknast

Kva med Austen og deira tilsynelatande lange tradisjonar med parkar og hagar? Det er vanskeleg å samanlikna utdanningssystema i aust  og vest. Med det er det vanskeleg å tidfesta om Austen var før eller etter den vestlege verda med å etablera landskapsarkitekturstudiar på universitetsnivå. Den endelege konklusjonen vert at NMBU har den nest eldste hagearkitektur- og landskapsarkitekturutdanninga i den vestelege verda.

Tidleg tverrfagleg samarbeid

Tidleg satsing på hagearkitekturutdanning i Noreg har ført til at landskapsarkitektane er ei anerkjend gruppe. Det er ein sterk tradisjon for nært og godt samarbeid mellom arkitektar og landskapsarkitektar. Dette samarbeidet starta for fullt på 1950 – 1960-talet i perioden kor funksjonalismen greip om seg innafor arkitekturen.

Det verdskjende norske arkitektfirmaet «Snøhetta» starta som eit reint landskapsarkitektfirma. I dag har dei arkitektar, landskapsarkitektar og interiørarkitektar på løningslista. Elles i Europa er det ikkje tradisjon for samarbeid. I USA kor dei utdanna landskapsarkitektar og arkitektar ved same universitet finn ein att det gode samarbeidet.

Korfor var hagekunst viktig i Noreg

På 1900-talet var det viktig for Noreg å hevda seg som ein sjølvstendig kulturnasjon. Frå andre land var det kjend at arkitektur, byplanlegging og hagekunst var viktige arenaer, eit verkemiddel, for «nasjonsbygging», borgarskapet si sjølvhevding og som eit slags «demokratiseringsprosjekt». I tillegg er det grunn til å tru at i Noreg hadde ein tankar om at hagearkitektur kunne synleggjera ein verdi som by og land kan verta samde om. Det er naturInstitutt for landskapsplanlegging

LANDSAM (Institutt for landskapsplanlegging (ILP) vidareutviklar stadig faga innafor landskapsarkitektur. Ideen om at hagen, parken og naturen har betydning for folkehelsa er fortsatt levande. I tillegg vert det estetiske og kunstnariske trekt inn som stimulerande og motiverande i pedagogiske samanhengar. Problemstillingar og etterspørsel etter kunnskap om korleis ein restaurerer og bevarer historiske landskap er stigande. Statsbygg er spesielt interessert i dette og etterspør kompetanse på feltet.

LANDSAM (ILP) har eit nært samarbeid med Norsk institutt for by- og regionforsking, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Transportøkonomisk institutt og Husbanken. Dette bidreg til ei sunn utvikling i utdanninga og gir kandidatar som er vande med å arbeida på lag med arkitektar og sivilingeniørar. LANDSAM (ILP) er på det viset med å bæra  tradisjonen med godt samarbeid på tvers av faggrensene vidare.

Publisert - Oppdatert

Del på