Urbant landbruk i praksis

Urbant landbruk i praksis tok til 1.juni – men mange studentar stilde frivillig til å utbetra jorda, likeins luka, planera, fresa og så i fellesareala før kursoppstart. Parkavdelinga hjelper til med hjullastar og resten er rå handmakt og dedikerte studentar. Og koordinator Ragna Berg frå Institutt for landskapsarkitektur er med studentane heile tida. 

Studentar i fullt arbeid i studenthagen før kursoppstart.

Studentar i fullt arbeid i studenthagen før kursoppstart.

Photo
Elin Judit Straumsvåg

Mastergrad

Overingeniør og koordinator Ragna Berg kan fortelja at det er på tredje året studenthagane har vore nytta til dette, men det er først frå haustsemesteret 2021 det er ein del av ein mastergrad. Masterstudentane har førsteretten til praksisemnet og det er stor variasjon i studentmassen. Innhaldet i dette emnet (kurset) "Urbant landbruk i praksis" er skreve om på emnets nettside. Emnet inngår i det toårige masterprogrammet "Urbant landbruk"

Overingeniør og koordinator Ragna Berg.

Overingeniør og koordinator Ragna Berg.

Photo
Elin Judit Straumsvåg
 

Matvekstar og prydvekstar

Kvar student får sin parsell, det høyrer med. Eit anna krav er at det må vera nyttevekstar, altså matvekstar - men ein kan ha prydvekstar òg. Attåt den enkelte student sin parsell, er det nokre felles areal. Der kan det vera både pryd og matvekstar (nyttevekstar).

Blodkløver, solsikker og linplanter

I fjor, sommaren 2021, var dei største fellesareala blomstereng. Ein ser gjerne for seg ei graseng med mange blomster. Ikkje her, ikkje noko gras – men ei blanding av 16 forskjellige sommarblomar.

Studentane si sommareng 2021.

Studentane si sommareng 2021.

Photo
Ragna Berg

– Vi fikk mange positive tilbakemeldingar på denne enga dei to føregåande årene, så den skal vi vidareføre i år også, seier Ragna Berg.

På eit anna areal hadde vi blodkløver og oransjegule solsikker i fjor. I år blir dei bytta ut med blåblomstrande lin og gule solsikker. Ikkje utan grunn, vakkert ja, men det er òg dei ukrainske fargane.

Blodkløver og solsikker.

Blodkløver og solsikker.

Photo
Ragna Berg

Studentaktivlæring og Landskapslaboratorium NMBU

Noregs Landskapslaboratorium NMBU, starta opp i 2017 og er eit utandørs laboratorium for tverrfagleg forsking, formidling og undervising innan berekraftig utemiljø med fokus på vegetasjon, opne overvatnløysingar og landskap.

Landskapslaboratoriet nyttar seg av heile NMBU som feltlaboratorium, og har hovudbase i Planteskulen. I planteskulen finn du innhaldsrike platesamlingar, klonarkiv, forsøks- og undervisningsfelt.

Landskapslaboratoriet inngår i berekraftsarenaen TOWARDS – mot berekraftige byar og lokalsamfunn, som er ein del av NMBUs fem berekraftsarenaer.

Landskapslaboratoriet.

Studentaktiv læring, og det har vore lærerikt og vellukka. Det er midt i smørøyet: tett ved hovudinngangen til den nye veterinærbygninga. Ikkje langt unna Bikuben og parkeringsplassen. Og til sist, men ikkje minst, studenthagen omkransar kunstverket «Løsrivelsen», 2020, av Aurora Sander. Nr 26 på NMBUs Kart over kunst.

Flislager vart reiskapshus

Koordinatoren fortel at det er heilt fantastisk at dei fikk lov til å ta over det gamle flislageret. For dei som hugsar det var det høner og kalkunar som heldt til rundt det lille raude huset som står mellom veterinærbygninga og parkeringsplassen. I dag reiskapshus åt Landskapslaboratoriet. 

Kompostbingar og kompostering

Studentane lærer kompostering og det er to kompostbingar nede ved studenthagen. Ein av studentane tok ivrig til med jordforbetring allereie i fjor.

Dugnad

Det faglege står ILP og BIOVIT for. Ingrid Merete Ødegård frå ILP er emneansvarleg. Gry Skjeseth, Trine Hvoslef-Eide og Ragna Berg er medverkande (medlærarar). Ein lyt òg nemna vikarane Svein Andre Kolltveit og Silje Evensdatter Roksti. Elles har Ellen Zakariassen, Björn Norberg og Mai Yan Brask stilt i dugnadsgjengen under førebuingane åt kurset. 

Praksis – Praksis –  Praksis

Korfor er dette kurset aktuelt å tilby studentane? Praksis. Praksis. Praksis. Viktig for studentane å bli kjend med jord. Frø. Planter. Det å dyrka fram planter. Mykje god læring å delta på kurset, koordinator Ragna Berg er ikkje i tvil. Og nytteverdien tek til å verta kjend. Første året, og før koronaen var det ti som deltok. I fjor, 2021 var det 18. I år var det opna for 25 studentar kunne ta kurset, men klassen vart på 17.

Informative og inspirerande videosnuttar

Lyst til å vita meir om masterstudiet i Urbant landbruk og verta enda meir inspirert?
Professor Trine Hvoslef-Eide fortel om masterstudiet i Urbant landbruk på Youtube.

Høyr sjukepleiaren og landskapsingeniøren fortelja korfor dei tykkjer masterstudiet i Urbant lanande, lærerikt og viktig

Published 13. juni 2022 - 10:47 - Updated 13. juni 2022 - 10:47