Utval skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050

Av Cathrine Glosli

Skog
SkogFoto: Ekaterina Kondratova/Shutterstock

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gjere ei utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. I 2050 skal dei norske utsleppa vere 90-95 prosent lågare enn i 1990. NMBU-professor Erik Trømborg skal bidra med ekspertise på norske skogressursar.

I januar la regjeringa fram ein plan for innrettinga av klimapolitikken dei neste ti åra, slik at vi når klimamåla for 2030. Planen er eit viktig steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Lovfesta mål

Noreg har via klimaloven eit lovfesta mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050, og målet er at klimautsleppa skal reduserast 90-95 prosent frå utslippsnivået i 1990. Klimautvalet skal vise korleis Noreg kan bli et lågutsleppssamfunn på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. 

Optimal omstilling

Ei heilskapleg utgreiing vil gje eit styrka kunnskapsgrunnlag om viktige vegval for å nå 2050-målet. Ekspertutvalet skal sjå på korleis utsleppsreduksjonar og omstillinga kan skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Denne omstillinga må og medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn.

Mål: offentleg utgreiing

Utvalet skal levere ei samla tilråding i form av ein NOU innan 1. november 2023. Utvalet skal innhente innspel og involvere relevante aktørar i arbeidet, mellom anna næringslivet, sivilsamfunn og partane i arbeidslivet, og leggje til rette for brei offentleg debatt.

– Eg ser frem til å delta i viktig og spannande arbeid, seier Trømborg.

– Kunnskap om natur og berekraftige løysningar for bruk av naturressursane er jo en del av NMBU sin sentrale kompetanse, så det er naturleg at vi er representert i dette viktige arbeidet. Det er og eit viktig signal at forvalting og bruk av skogressursane inkluderast som tema i strategien for framtida sitt lågutsleppssamfunn, påpeiker han.

Publisert - Oppdatert

Del på