Nyskapande samarbeid for meir berekraftig oppdrett

  • Den digitale laksen kan bidra til færre dyreforsøk.
    Foto
    Visual Lab

Ei ny arbeidsgruppe som består av industriselskap, forskarar og innovasjonsklynger skal vidareutvikla ein kunnskapsbase med digitale modellar av laksekroppen. På sikt kan det gi ei meir berekraftig oppdrettsnæring.

Nyskapande samarbeid for meir berekraftig oppdrett

 – Data kan bli meir verdifulle når dei vert delte. Med å bruka matematiske modellar til å læra av kvarandre sine erfaringar kan vi raskare svara på næringa sine utfordringar, fortel Jon Olav Vik, prosjektleiar for forskingsprosjektet DigiSal.

5.-6. juni inviterte han kollegaer frå oppdrettsnæringa, forskingsinstitusjonar, Innovasjon Noreg, Noregs Forskingsråd, NMBUs teknologioverføringskontor, Sjømatklusteret og Senter for digitalt liv til ein oppstartsverkstad på Ski.

Samde om felles mål for kunnskap om laksen sin biologi

Arrangementet resulterte i ei arbeidsgruppe sett saman av industriselskap, universitetsforskarar og innovasjonsklynger, med Forskingsrådet som observatør.

Visjonen dei skal jobba vidare med er ein delt kunnskapsbase med data og matematiske modellar av laksebiologi, kalla "den digitale laksen" (DigiSal).

Meir berekraftig laksefôr

I dag får moderne oppdrettslaks 75% av fett og proteina frå planter. Men i DigiSal-prosjektet testar forskarane ut om vi òg kan fôre laks med råvarer som gras, grantre, tang og tare – mat som ikkje er menneskemat. Modellen dei lagar let oss rekna oss fram til kva oppdrettslaksen kan og bør eta.

Målet for digitaliseringa av laksekroppen er å laga eit bibliotek med ulike modellar av livsprosessar i kroppen, for med det å kunna setja det saman i skreddarsydde datasimuleringar slik at vi kan rekna oss fram til den beste bruken av ressursar - både med tanke på matsikkerheit og helse for både fisk og menneske.

I forskingsprosjektet «DigiSal» lagar forskarane ein modell som let oss rekna oss fram til kva oppdrettslaksen kan og bør eta.
 

Under workshopen i Ski tala innleiarane frå dei ulike sektorane blant anna om bruk av datastraumar til å skapa verdi innan havkultur, korleis ein kan sikra pålitelegheita av data og modellar, Forskingsrådets mogleggjerande rolle, og DigiSal-prosjektet i lys av "den digitale pasienten", eit liknande prosjekt innan medisinsk systembiologi.

Starten på eit viktig samarbeid

Grunntanken bak initiativet er at matematiske modellar av biologiske prosessar er nødvendig for å nyttiggjera seg det enorme datamaterialet som er tilgjengeleg i forsking- og utviklingsprosjekt i havkultursektoren. Gjennom å kopla saman data kan ein samla sektor enklare kombinera kjent og ny kunnskap.

Les hele saka hos Digitalt Liv.

Norsk Senter for Digitalt Liv (DLN) er eit virtuelt og nasjonalt senter som skal maksimera utnyttinga av bioteknologi på tvers av forskingsdisiplinar.

NMBU er involvert i fire av forskingsprosjekta under senteret, mellom anna  DigiSal kor NMBU òg har prosjektleiinga DigiSals fokus er å etablera ein matematisk modell for oppdrettslaksen, eller snarare ei samling av modellar, som vil vera eit nyttig verktøy for t.d. å kunna på førehand måla effekten av ulike fôr-samansettingar. Sjå prosjektet forklart i denne animasjonen:

NMBU har òg prosjektleiinga i Digitalt Liv-prosjektet "OXYMOD – Optimized oxidative enzyme systems for efficient conversion of lignocellulose to valuable products", og arbeidspakkar i Digitalt Liv-prosjekta "DigiBrain: From genes to brain function in health and disease" og "dCod 1.0: decoding systems toxicology of cod (Gadus morhua)".

Denne artikkelen er omsett frå nynorsk:

Nyskapende samarbeid for mer bærekraftig oppdrett

En ny arbeidsgruppe bestående av industriselskaper, forskere og innovasjonsklynger skal videreutvikle en kunnskapsbase med digitale modeller av laksekroppen. På sikt kan det gi en mer bærkraftig oppdrettsnæring. 

 

 

Relatert innhold
Ny metode kan føre til færre dyreforsøk

Ny metode kan føre til færre dyreforsøk

Med hjelp av matematiske modellar kan forskarar spare bruk av forsøksdyr.

Bli med på en digital fisketur

Bli med på en digital fisketur

Norske forskere bruker digitale verktøy for å løse store utfordringer innen oppdrettsnæringen. Kanskje kan de også oppdage hvordan det er å være en fisk?

Digitaliserer kunnskap om laksens kropp for å optimalisere vekst og sykdomsmotstand

Digitaliserer kunnskap om laksens kropp for å optimalisere vekst og sykdomsmotstand

NMBU-ledet forskningsprosjekt skal gjøre oppdrettsnæringa mer effektiv, bærekraftig og omstillingsdyktig gjennom å digitalisere kunnskap om hvordan laksekroppen virker.

Nytt forskningsprosjekt vil bidra til mer bærekraftig oppdrettsnæring

Nytt forskningsprosjekt vil bidra til mer bærekraftig oppdrettsnæring

NMBU-ledet prosjekt får millionstøtte til lakseforskning som skal bidra til det grønne skiftet.

NMBU tildelt millionprosjekt under nytt nasjonalt senter for bioteknologi

NMBU tildelt millionprosjekt under nytt nasjonalt senter for bioteknologi

Det nye senteret «Digitalt Liv» får ein kvart milliard i støtte for å forska innovativt og tverrfagleg på bioteknologi.

Published 13. august 2019 - 9:25 - Updated 21. April 2020 - 8:17