Høringsuttalelse til forslag om endring av nasjonale reglar for omsetjing av rå mjølk og rå fløyte til konsum

I brev av 18.11.2018 har Mattilsynet (MT) bede om synspynkt på deira forslag om endring av nasjonale reglar for omsetjing av rå (upasteurisert) mjølk  og rå fløyte til konsum.  Det er Helse- og
omsorgsdepartementet som har bede Mattilsynet om å utarbeida eit forskriftsutkast som opnar for ei avgrensa omsetjing av rå mjølk og rå fløyte til konsum.

av KBM

Høringsuttalelse til forslag om endring av nasjonale reglar for omsetjing av rå mjølk og rå fløyte til konsum

Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap (KBM) og Veterinærhøgskolen har utarbeidd eit høyringssvar til Mattilsynet der NMBU påpeikar utfordringar med det å tillata at rå mjølk og rå fløyte går til konsum:

  • Ei rad analysar og studiar har vist at konsum av rå mjølk er risikabelt
  • Overvaking, førebygging og kontroll er grunnleggande prinsipp i folkehelsearbeid. Mattilsynets forskriftsforslag er klart i strid med prinsippet om førebygging. Pasteurisering av mjølk er eit svært effektiv førebyggande tiltak mot matboren smitte og alvorleg sukdom og er ein metode som har vore nytta i over hundre år. Gjennom å opna opp for omsetjing av upasteurisert mjølk fjernar ein eit svært vesentleg nivå av forbrukarvernet
  • Der er ingen vitskaplege haldepunkt for at mjølk får lågare næringsverdi ved pasterurisering, og me ser såleis overhovudet ikkje grunn til at Noreg skal opna opp for omsetjing av rå mjølk og fløyte slik forskriftsforslaget gjer.
  • Dersom Mattilsynets forskriftdforslag går gjennom, vil det stilla heilt andre krav til bøndene når det gjeld kjennskap til eigne produksjonsdyr, hygienekontroll og ikkje minst grundig innsyn i kva for biologisk mangfald rå mjølk faktisk har. Sjukdomsframkallande bakteriar finst i rå mjølk.  At dyra som har produsert mjølka, er friske, er ingen garanti for at slike bakteriar ikkje blømer opp i mjølka og fører til sjukdom hos dei som drikk mjølka eller et osten som er ysta frå mjølka.  
  • Fagmiljøa innanfor næringsmiddelhygiene, meieriteknologi og mattrykkleik står fast ved det som tidlegare er sagt: Å eta og drikka rå mjølk er som å gambla med helsa.

 

Heile uttalen frå NMBU er å finna her:
18/06411-4 Høring - Forslag om endring i regler for å åpne opp for begrenset omsetning av rå melk og rå fløte til konsum - saksnummer 2017/226974         

 

Published 22. February 2019 - 14:16 - Updated 22. February 2019 - 14:29