Dramatiske endringar på norske fjelltoppar

  • Jessica Wells Abbott på vei opp fjellet Vesuv på Svalbard.
    Foto
    John-Arvid Grytnes

Høgare temperaturar gjer at talet på planter og vekstar aukar på europeiske fjelltoppar. Ny forsking viser at dei norske fjellområda kjem til å endrast dramatisk, og ein del vil antakeleg forsvinne.

Dramatiske endringar på norske fjelltoppar

Fjelltoppane i Noreg og resten av verda har endra seg dramatisk dei siste tiåra, viser ny forsking. På grunn av global oppvarming aukar talet på planter og vekstar, og tregrensa kryp oppover.

Fjellområda vert grønare
Det dei såg var oppsiktsvekkjande. Det er fleire artar enn tidlegare. Professor ved NMBU, Kari Klanderud, var på Sikkilsdalshø, aust i Jotunheimen i 2014 for å samle inn data. Ho og masterstudenten Erlend Grindrud la merke til alle dei små bjørkeplantene som vaks i fjellsida, langt over tregrensa. 
– Då eg var i Jotunheimen 16 år tidligare, såg eg kun ei sped lita bjørk på alle dei 25 fjella eg undersøkte, no var dei overalt. 
– Dette er ei stor endring på relativt kort tid, og eit klart varsel om at fjellområda er i ferd med å verte grønare, seier Klanderud.

Issoleie. Den arten som går høgst i Noreg i dag. Veks ca 100 meter under toppen av Galdhøpiggen.

Issoleie. Den arten som går høgst i Noreg i dag. Veks ca 100 meter under toppen av Galdhøpiggen.

Foto
Sara Burg

Europeiske fjelltoppar
Ho er ein av forfattarane på ein artikkel som nyleg har verte publisert i det vitskaplege tidsskriftet Nature. Forskarar frå NMBU og UiB har vore sentrale i arbeidet med artikkelen. Også forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og fleire andre europeiske fagmiljø har vore med på prosjektet. I arbeidet med artikkelen har forskarane sett på data frå 302 fjelltoppar i heile Europa, samla inn gjennom 145 år. Datasettet er unikt, og kartlegg plantelivet på fjelltoppane.

Historiske observasjonar
Dei eldste observasjonane er frå 1870-talet. Då gjekk botanikarar på fjelltoppane og førte sirleg opp det dei fann av planter.
– Seinare har me gått på dei same fjelltoppane, og kartlagt kva som veks der i dag, seier ho.

Ei «ny» Hardangervidde
Både norske og europeiske fjell har alt endra seg mykje.
– Hardangervidda slik vi kjenner ho i dag kan verta vekke. Om og når jorda vert to grader varmare vil tregrensa etter kvart gå 350 meter høgare over havet, seier John-Arvid Grytnes, professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

John Arvid Grytnes, UiB

John Arvid Grytnes, UiB

Foto
UiB

Akselererande tempo
Grytnes fortel også om store endringar i korleis det ser ut på fjelltoppane.
– På fjellet Vesuv på Svalbard var det 1958 funne fire artar. Då vi var der i 2009, var det auka til tretten artar.
Funna viser at mengda på planteartar aukar på heile det europeiske kontinentet, og at denne auken har gått mykje raskare i dei siste åra i takt med ein raskare auke i temperaturen.

Varmen skapar vekst
Kva er så grunnen til at fjellltoppane i Europa stadig vert grønare?
– Det er klimaendringane og ein auka global temperatur. Vi ser at dei toppane som har blitt varmare også har den største auken i talet på artar. 87 prosent av fjelltoppane har hatt ein auke i talet på artar, seier Grytnes.

Han fortel at temperaturen på dei 302 fjelltoppane har auka med 1,4 grader Celsius i gjennomsnitt. Auken i planterikdom på toppane er synkronisert med den globale oppvarminga. Og det har gått svært mykje raskare med både temperatur og auka planterikdom det siste tiåret.

Rødsildre fra et fjell i Nord-Norge.

Rødsildre fra et fjell i Nord-Norge.

Foto
Siri Haugum

Artar vil døy ut
Kva vil dette bety for fjella våre?
– I utgangspunktet kunne ein kanskje trudd at det var positivt med fleire artar. Etter kvart vil derimot fleire artar døy ut på grunn av dette, og verte utkonkurrert av vekstar som etablerer seg på toppane. Visse artar vil døy ut og aldri kome tilbake, seier han.

Forsvunne fjellområdar
Tregrensa vil altså også flytta seg oppover. Det er ikkje berre knytt til klimaendringar, men også beite, understrekar Grytnes.
Han seier at dei fleste nordmenn nok ikkje legg merke til endringane som alt har skjedd, det går sakte, trass dei dramatiske konsekvensane. Vitskapleg kartlegging er naudsynt for å kunne påpeike endringane som er i ferd med å skje.
– Vi har ein tendens til å tenkje på fjella som noko evig og stabilt. Våre funn viser at det ikkje er tilfelle, og at det vil kome store endringar i norske fjell. Vi kjem til å miste mange av fjellområda våre, seier professoren.

Published 5. April 2018 - 11:25 - Updated 1. juni 2018 - 15:01