Matnyttig forsking

Av Kristine Løwe

Den digitale laksen
Den digitale laksenFoto: Illustrasjon

Verda treng nok, sunn og trygg mat produsert på ein bærekraftig måte under endra klimaforhold. Gode løysingar byggjer på god forsking, og mykje av denne går føre seg ved NMBU.

Dette er spanande og viktig forsking som kan møta dei store, globale spørsmåla.

Totalt har universitetet kring 700 forskarar og cirka 550 doktorgradsstudentar, og saman arbeidar dei for ein solid, trygg og helsefremjande matproduksjon som gir auka bærekraft og nye innovative løysingar.

Betre forståing

Det er ikkje berre menneskemat det vert forska på ved NMBU. Maten vi et treng òg godt og riktig fôr, til dømes oppdrettslaksen.

«Den digitale laksen» er ein digital modell laga av forskarar ved NMBU som legg til rette for meir effektiv fôring av oppdretttslaks, samtidig som ein sikrar god helse for både fisk og menneske.

– Den digitale laksen er ein langsiktig plan for omstillingsdyktig og bærekraftig lakseoppdrett, kor vi byggjer opp ein kunnskapsbase om korleis laksekroppen verkar, seier Jon Olav Vik, prosjektleiar for forskingsprosjektet og forskar ved NMBU.

 Les meir om prosjektet «Den Digitale Laksen» her.

Prosjektet er ein del av Senter for Digitalt Liv Noreg, det nasjonale senteret for bioteknologi og tverrfagleg forsking. NMBU er òg involvert i fleire andre spanande forskingsprosjekt under senteret, innafor tema som hjerneforskingtorsk og miljøforureining og enzymteknologi.

I «Den digitale Laksen» brukar forskarane matematiske modellar for å betre forstå livsprosessane i laksen, til dømes stoffskiftet.

Meir bærekraftig fiskefôr

Frå naturen si side er laksen ein kjøtetar, men det er i dag for lite fiskemjøl og fiskeolje, og fiskefôret er i hovudsak laga av planter.

–  Det å finna fram til gode alternativ har vore tidkrevjande, dyrt og vanskeleg, og enda er det ikkje særleg bærekraftig å dyrka dyrefôr på åkrane. Det ideelle ville vore å laga fôret av råvarer som ikkje er menneskemat, seier Vik.

Tre, tang og tare er den nye proteinrike maten
Prosjektet han leiar jobbar òg tett saman med NMBUs Senter for forskingsbasert innovasjon, Foods of Norwaysom forskar på koss husdyr og laks kan eta ny mat som gjær, bakteriemjøl og mikroalgar.

Dette er miljøvenleg og framtidsretta dyrefôr frå naturlege ressursar som i seg sjølv er ueigna som mat for menneske.

Men det nye fiskefôret har ukjende og samansette verknadar på laksekroppen, som involverer mange organ slik òg som bakteriesamfunnet i tarmen åt fisken.

Dessutan er det stor arveleg variasjon i kor godt fisk kan nyttiggjera seg ulike fôr. For å skjøna dette kompliserte samspelet treng ein hjelp av matematikk og datamaskiner, men òg storskala fôringsforsøk og avanserte målemetodar.

Færre dyreforsøk

Det er her «Den Digitale Laksen» kjem inn. Gjennom datasimulering av korleis ulike diettar verkar på laksekroppen, der berre dei mest lovande diettane vert prøvd ut i praksis, kan ein spara både forsøksdyr og forskartid.

Med tida skal «Den digitale laksen» verta bygd ut til å omfatta alle dei viktigaste livsprosessane, slik som forsvar mot sjukdommar og overgangen mellom ferskvatn og sjø.

Med å digitalisera det ein veit om laksekroppen, kan ein bruka matematikk og datamaskinar som hjelp til å skjøna komplekse samspel i biologiske system.

– Eit digitalt bibliotek over dei ulike modellane av livsprosessar i laksekroppen vil i framtida kunne gjera det muleg å løysa utfordringar som varmare klima, sjukdommar og mangel på fôringrediensar, seier han.

Betre matkveitekvalitet

Fiskefôr er i mellomtida berre eit av mange område det vert forska på ved NMBU. 

Allereie på 1950-talet sette forskarar på Ås i gang arbeidet med å laga kveitesortar som kunne tilfredsstilla norske krav åt kvalitet.

Norsk kveite hadde på den tida så dårleg kvalitet at mest all matkveite vart importert, men på byrjinga av 90-talet tok ein endeleg til å sjå resultat av forskarane sitt arbeid.

Produksjonen av norsk kveite hadde auka og nye sortar kombinert med endra dyrkingspraksis ga god kvalitet. Sjølvforsyningsgraden har sidan den gongen berre auka, og på 2000-talet kunne norske møller dekkja 70 prosent av etterspurnaden av matkveite.

Likevel står det fortsatt att meir arbeid for å sikra kveite av høg kvalitet i framtida – også i år med mykje nedbør. 

Målet har vore å finna fram åt kveitesortar med høgt proteininnhald og relativt sterk glutenkvalitet.

Fakta

Les om Foods of Norway

Publisert - Oppdatert

Del på