NMBU tildelt millionprosjekt under nytt nasjonalt senter for bioteknologi

Det nye senteret «Digitalt Liv» får ein kvart milliard i støtte for å forska innovativt og tverrfagleg på bioteknologi.

NMBU tildelt millionprosjekt under nytt nasjonalt senter for bioteknologi

 «Eit nytt senter for å maksimera utnyttinga av bioteknologi, og nye spennande forskingsprosjekt, skal løfta norsk samfunnsnyttig forsking... Tysdag kveld løyvde Forskningsrådet 250 millionar kroner til etablering av det nye senteret – Norsk senter for Digitalt Liv - pluss seks nye spennande forskingsprosjekt,» melder Aftenposten i dag.

Eit av dei nye forskingsprosjekta under senteret er NMBU-drevet og handlar om ei djupare forståing av biologien åt laksen. Tittelen på prosjektet er «Towards the Digital Salmon: From a reactive to a pre-emptive research strategy in aquaculture (DigiSal)».

Prosjektet skal «etablera ein matematisk modell for oppdrettslaksen... som vil vera eit nyttig verktøy for å kunna føreseia effekten av ulike fôr-samansettingar, basert på genetisk informasjon om laksen. Dette vil mellom anna nyttast for å optimalisera samansettinga av laksefôret og vil danna grunnlag for ei meir kunnskapsbasert næring basert på djupare kunnskap om biologien åt laksen.»

Prosjektkoordinator er Dr. Jon Olav Vik ved NMBUs Institutt for husdyr- og akvakultur og forskingssenteret Cigene (Centre for Integrative Genetics), men det er mange forskarar, både frå Campus Ås og Adamstua og frå fleire av NMBUs institutt, som deltek i prosjektet.  

- Dette er ei stor og viktig satsing så det er veldig gledeleg at vi fikk innvilga dette prosjektet, seier Sigbjørn Lien, professor ved NMBUs Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap (IHA) og assisterande direktør i Cigene. Lien er ein av forskarane som deltek i det nye prosjektet.

NMBU deltek òg i to av dei andre forskingsprosjekta under «Digitalt liv», nemleg «DigiBrain: From genes to brain function in health and disease» og «dCod 1.0: decoding systems toxicology of cod (Gadus morhua)».

DigiBrain søkjer å bygja ein matematisk modell som integrerer informasjon om gen, protein, celler og vev, til ei heilskapleg forståing av funksjonen åt hjernen og blir leidd av Universitetet i Oslo (UIO). Men professor Gaute Einevoll, som er tilknytta både NMBUs Institutt for matematiske realfag og teknologi (IMT) og UIO, er blant sentrale forskarar som medverkar i prosjektet. Det er òg professor Finn-Arne Weltzien ved NMBUs Institutt for basalfag og akvamedisin (Basam).

dCod blir leitt av Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UIB) og frå NMBU deltek professor Jan Ludvig Lyche ved NMBUs Institutt for mattryggleik og infeksjonsbiologi (Matinf) og professor Ian Mayer frå NMBUs Institutt for produksjonsdyrmedisin (Prodmed). Prosjektet handlar om miljøforsking på torsk, og UIB har skildra det nærare her.

- Dette er ei svært viktig satsing, og vi ser verkeleg fram til moglegheitene både ved senteret og forskingsprosjekta. Så er eg sjølvsagd særs godt nøgd med at vi både leiar eit prosjekt og deltek i to andre. Dette kjem til å bli eit givande og viktig samarbeid, som det skal bli uhyre spennande å følgja framover, seier NMBU-rektor Mari Sundli Tveit.

- Vi er stolte av at vi leier eit av prosjekta som inngår i «Digitalt liv» og medverkar i andre. Samarbeidet innanfor dette nye nasjonale senteret er viktig for NMBU for å utvikla oss vidare innan desse felta, seier Ragnhild Solheim, forskingsdirektør ved NMBU.

Noregs forskingsråds BIOTEK2021 har tildelt 50 millionar kroner til senteret Digitalt Livs nettverksoppgåver og 200 millionar kroner til forskingsprosjekta som inngår i det. Dei seks forskingsprosjekta, som er valde ut frå 47 søknadar, får mellom 20 og 40 mill. kroner kvar over fem år.

«Gjennom satsinga Digitalt liv – konvergens for innovasjon skal bioteknologar jobba skulder ved skulder med matematikarar, informatikarar og ingeniørar for å bringa fram nye innovasjonar frå bioteknologisk forsking, mellom anna ved å omsetja store mengder gendata til konkrete bruk,» skriv Forskningsrådet på eiga heimeside.

I ein annan artikkel om satsinga skildrar dei vidare korleis «Digitalt liv» skal leiast av NTNU i tett samarbeid med Universiteta i Oslo og Bergen. Desse tri utgjer navet i senteret. Andre forskingsinstitusjonar, mellom anna NMBU, kan kopla seg på som noder føresett at dei har fått middel til forskarprosjekt frå BIOTEK2021.

NMBU er tildelt eit viktig forskingsprosjekt som skal utvikla ein matematisk modell for oppdrettslaks og bruka systembiologiske arbeidsmåtar på produksjonsbiologi.

Denne saka er omsett til nynorsk:

NMBU tildelt millionprosjekt under nytt nasjonalt senter for bioteknologi

Det nye senteret «Digitalt Liv» får en kvart milliard i støtte for å forske innovativt og tverrfaglig på bioteknologi. 

NMBU er tildelt eit viktig forskingsprosjekt som skal utvikla ein matematisk modell for oppdrettslaks og bruka systembiologiske arbeidsmåtar på produksjonsbiologi.
Foto
Shutterstock

Published 30. september 2015 - 15:41 - Updated 11. mai 2020 - 10:28