Byggar det største studentbustadsprosjektet i verda i massiv tre på Ås

Av Kristine Løwe

Studentsamskipnaden i Ås (SiÅs) startar nok eit prosjekt i massivtre. Denne gongen verda si største i slaget sitt, med nesten 800 nye hyblar på Ås.

I 2012 bygde Vegdekke 250 hyblar i massivtre for SiÅs. Dette vart starten på ei bølgje av bygg i massivtre i Noreg. Alt i april neste år startar Vegdekke bygginga av studentbustadene i Skogvegen. Dyrø og Moen as er arkitekt på prosjektet.

- Vi ynskjer å byggja i massivtre fordi det er klårt best miljømessig og fordi det er eit rask og effektiv byggemetode. Massivtre gjev òg eit betre inneklima og arbeidsmiljø. Og studentane elskar å bu i tre-hus. Vi er stolte over at vi nok ein gong skal gjennomføra eit stort omfattande byggeprosjekt der miljø og bærekraft ligg til grunn. Ulemper ved å byggja i massivtre har vi ikkje oppdaga enno, seier Einride Berg, adm. dir. i SiÅs.

- Massivtre halverer CO2-utslippet frå materialbruk samanlikna med bæresystemer i stål og betong. Det er dermed ein av dei beste og raskaste måtane vi kan redusera eit bygg sine klimagassutslipp. Vegdekke har hittil bygget nær 1.400 slike studentbustader fem stadar i Noreg, og gleder seg til å halda fram her på Ås.

- Vi er audmjuka for den store oppgåva som står føre oss, og takkar SiÅs for tillita, seier distriktsleiar Rune Andersstuen i Vegdekke. Totalverdi på heile prosjektet er anteken til ca. 660 millionar kroner. Byggestart vert i april 2019, med planlagt ferdigstillelse i oktober 2021. Totalentreprenør er Vegdekke Entreprenør as.

Test av at metadata fra fotoweb som skal følge med.
Test av at metadata fra fotoweb som skal følge med. Foto: Håkon Sparre

Publisert - Oppdatert

Del på