Det var god match mellom vertsskap og gjestar då lærarar frå naturbruksskulane nyleg hadde fagdag med breitt program på NMBU. Besøket var del av nettverkssamling for naturbruksutdanning i Noreg arrangert av Naturbruksskolenes forening og NMBU.
Den fyrste dagen på samlinga var på Gardermoen der både landbruksminister Sandra Borch og rektor ved NMBU Curt Rice heldt innlegg. Rice peikte på at NMBU og naturbruksskulane på mange måtar speglar kvarandre.
– Vi er opptekne av læring for heile landet - det å utdanne lærarar for naturbruksskular som utdannar elevar til å dyrke maten, forvalte jorda i distriktet er eit demokratisk og nasjonalt viktig område for NMBU med lange røter, sa Curt Rice og viste til at NMBU har utdanna lærarar til naturbruksskolane sidan 1916.
Naturbruk er eit utdanningsprogram på vidaregåande skule som gir elevane høve til å velje ein annleis skulekvardag der praksis og teori blir knytt saman. Den raude tråden i skulane er at bruk av naturen i yrke eller fritid gjennom for eksempel landbruk, dyrefag, akvakultur, gartnar, naturforvalting, naturturisme m.m. er gjennomgåande i opplæringstilbodet. Naturbruksskolenes Forening representerer 40 skular og meir enn 1000 lærarar. Foreininga representerer 40 skular og meir enn 1000 lærarar. Foreininga skal lyfte fram naturbruksutdanning, byggje nettverk mellom skular og alle andre som jobbar for og med naturbruksutdanning.

— Gode ambassadørar
Årets samling hadde berekraft som tema og blei arrangert i samarbeid mellom Naturbruksskolenes forening og Institutt for lærarutdanning og utdanningsvitskap ved Fakultet for realfag og teknologi på NMBU
Dag 2 på samlinga omhandla NMBU si forsking og utdanningsmoglegheiter, medrekna etter- og vidareutdanningstilbod.
– Vi håper de kan vere gode ambassadørar for blant anna utdanningane våre innan primærnæringane. Eg er sikker på at vi kan samarbeide meir. Vi vil ha besøk og kjem gjerne på besøk, var oppfordringa frå prorektor for utdanning Elise Norberg. Under plenumssamlinga i festsalen blei deltakarane også oppfordra til å kome med forslag til kva slags etter- og vidareutdanningstilbod som kunne vere relevant for tilsette ved naturbruksskulane.
Den største delen av samlinga hadde parallellsesjonar som gav eit innblikk i ulike aktivitetar ved NMBU, medrekna omvising på hesteklinikken og smådyrklinikken, demonstrasjon av robot og ulike faglege foredrag om blant anna urbant landbruk, berekraftig matproduksjon, skogtaksering, viltturisme og mykje meir.
Stor velvilje
– Eg er ganske trygg på at alle deltakarane opplevde besøket på NMBU som svært matnyttig, uttrykk førsteamanuensis i naturfag- og naturbruksdidaktikk Elisabeth Iversen. Eg er stolt over å arbeide ved eit universitet som hjelper til å nyansere og vise fram kompleksiteten i berekraftomgrepet, som igjen er tett knytt til korleis vi bruker og forvaltar naturen vår. Naturbruksskulane utdannar elevar som skal nytte naturen. Det å kunne bringe saman deltakarane frå naturbruksskulane med forskarar frå NMBU har vore ein draum eg har gått med i fleire år. Det gjer meg faktisk litt rørt at vi har fått dette til, fortset Elisabeth.
– Det at så mange skular og deltakarar kom hit, og at det berre var velvilje å finne frå forskarane då dei blei førespurt om dei ville hjelpe til denne dagen viser at dette er viktig. Eit godt samarbeid mellom naturbruksskulane, Naturbruksskolenes forening og NMBU kan ikkje anna enn å bere frukter for alle partar, og ikkje minst elevane og studentane avsluttar ho.
Samarbeid for meir rekruttering
Dagleg leiar i Naturbruksskolenes forening, Tone O Mosebø, er svært glad for det gode samarbeidet foreininga og skulane har med lærarutdanninga ved NMBU, og ho trur utvida samarbeid med større delar av universitetet vil gi heilt nye moglegheiter.
— Mange lærarar ved naturbruksskulane er utdanna ved NMBU og har eit stort hjarte for det gamle universitetet sitt. Dei som no går på naturbruk og ønskjer å studere vidare, har eit svært godt grunnlag for universitetsstudium i dei grøne faga. Eit tettare samarbeid mellom naturbruksskulane og NMBU vil kunne motivere elevane til å velje nett dette, og eit tettare samarbeid vil kunne auke rekrutteringa til både naturbruksskulane og NMBU trur Mosebø.
— Foreininga og skulane er så glade for at vi fekk til denne nettverkssamlinga. No gjeld det å finne fram til felles aktivitetar og ein struktur som vi kan vidareføre dette. Vi gleder oss til framhaldet, avsluttar Mosebø.

