Sigmund Andre Bakke

AF Gruppen, Energi og miljøteknikk«Eg fullførte studiene i mai og begynte jobbsøkinga i juni. I august signerte eg kontrakt med AF Energi og Miljøteknikk, eit selskap i AF-Gruppen.»

Kan du fortelle litt om din nåværende jobb?
Eg fullførte studiene i mai og begynte jobbsøkinga i juni. I august signerte eg kontrakt med AF Energi og Miljøteknikk, eit selskap i AF-Gruppen som jobber med energisentralar, tekniske entrepriser, EPC(energisparekontrakter) og drift/vedlikehold av etablerte energisentralar. Eg jobbar i fornybaravdelinga med å prosjektere og installere energisentraler og andre tekniske entrepriser. Prosjekta er av stor variasjon og størrelse. Det er alt ifrå mindre boligblokker til store byggprosjekter som energisentralen på det nye Veterinærbygget på Universitetet i Ås. Det er ei spennande tid å jobbe i energibransjen med mykje ny teknologi og fokus på grøne løsninger.


Hvorfor valgte du NMBU?
Eg valte NMBU fordi universitetet har eit godt fagleg rykte. Og det sosiale miljøet er sterkt anbefalt frå alle tidlegare studentar. Linja  var veldig tiltalande sidan ein kan velge og tilpasse fagplanen til eiget ynskje. Ein får ein plattform vidare som er veldig solid. Og så er det ein svert vakker campus og ein stad som er kjent for å halde på gamle tradisjonar.


Hvilken nytte har du av utdanningen din i nåværende jobb?
Eg har stor nytte av utdanninga i jobben. Eg brukar mange av fagområda dagleg og drar stor nytte av ein brei kompetanseplattform som NMBU har gitt meg. Eg gjekk eit år ekstra og tok ekstra fag ifrå om fornybar energi og andre teknologiområder. Dette var veldig verdifullt for meg. Masteroppgåva ved universitetet førebudde meg godt til arbeidslivet, med både arbeidsrutiner og ny praktisk/teoretisk kompetanse. Masteroppgåva mi handla om sesonglagring av solenergi og gav meg mykje praktisk erfaring ved å være med å planlegge og bygge testanlegget for solenergilagring på NMBU. Det er kompetanse som var veldig god å ha med seg i ein jobbsøkingsprosess. NMBU gjer ein praktisk og teoretisk kompetanseplattform som ein ikkje får ved andre universitet i Noreg, denne utrustar deg til alle utfordringar i arbeidslivet.   


Hvilket inntrykk har du av arbeidsgivers forhold til kandidater fra NMBU?
Arbeidsgjevaren har eit godt forhold til studentar frå NMBU. Eg vart eigentleg overraska over kor stor andel av dei ansatta som kom ifrå «lille» NMBU. Vi har ein brei plattform som er ettertrakta og vi kan settast til alle utfordringar.


Hva kan du si om studentmiljøet på Ås?
Studentmiljøet på Ås er heilt unikt. Det er ei forening for alle moglege interesser. Eg har sjølv vore aktiv i fleire foreningar og anbefalar alle på det sterkaste å delta i det sosiale felleskapet. I 2014 var eg med å starte Nordvestlandsforeninga MF Svela og satt som leiar i 3 år, var nestleiar i IUG NMBU og  høvding for Nordisk Landskamp i Danmark 2016. Ein får mykje meir ut av studietida si ved NMBU om ein deltar i det sosiale, anten det er foreninger eller komité for Studentsamfunnet eller for UKA. 


Råd til kommende studenter?
Det er viktig å engasjere deg både fagleg og sosialt. Det einaste eg angrar på sjølv er å ikkje ta eit utvekslingsemester i utlandet. Miljøfysikk er ei krevande studieretning, men opnar ein arbeidsverden med mange spennande moglegheitar. Eg anbefalar studentar å snakke med masterstudentane for tips når det kjem til alternative fagplanar. Det er mange gode fag frå dei andre linjane på NMBU som styrkar kompetansen. Det viktigaste på NMBU er å  by på seg sjølv, då får du so uendeleg mykje tilbake.

Fakta

Publisert - Oppdatert

Del på