Thomas Mo Willig

EnergiNorge ”Studentmiljøet i Ås er fantastisk. Det gode studentmiljøet gjer at ein alltid har noko å gleda seg til etter ein lang dag på skulen med partielle differensiallikningar.”

Kan du fortelle litt om din nåværende jobb?

Eg jobbar hjå Energi Norge. Jobben min går ut på å organisera forsking og utviklings-arbeid, publikasjonar og kurs innanfor vasskraft. Mine fagområde omfattar alt frå demningar og vassvegar til hydrologi.

Hvorfor valgte du NMBU?

Etter to års studiar ved Høgskolen i Agder søkte eg på ”fornybar energi” på samordna opptak og Ås dukka opp som eit av to alternativ. Eg hadde høyrt positive ting om Ås frå ei veninna som allereie studerte der, så det verka som ein hyggelig plass å studera. Oversikten på Internet viste at det var mange tilsette per student på Ås, og det måtte vera positivt tenkte eg.

Hvilken nytte har du av utdanningen din i nåværende jobb?

Frå Ås har eg fått ein solid bakgrunn i matematikk, fysikk og fornybar energiproduksjon som gjer at eg lett kan setta meg inn i vidt forskjellige problemstillingar som eg møter i jobben. Eg har også hatt stor nytte av å ta fag innan miljøfysikk, energiøkonomi og energipolitikk som gjorde det lettare å setta energiproduksjon inn i ein større samanheng.

Hvilket inntrykk har du av arbeidsgivers forhold til kandidater fra NMBU?

Eg trur dei har eit god inntrykk. Dei veit at dei kan få kandidatar som er faglig kompetente og samtidig sterkt opptatt av berekraft og miljø. Denne typen kandidatar er litt uvanlig i Norge, men kjem til å vera veldig viktig i tida framover med overgangen frå eit fossilt til eit fornybart samfunn.

Hva kan du si om studentmiljøet på Ås?

Studentmiljøet i Ås er fantastisk. Det gode studentmiljøet gjer at ein alltid har noko å gleda seg til etter ein lang dag på skulen med partielle differensiallikningar. Studentmiljøet gjer det lett å knyta nye vennskap.

Råd til kommende studenter?

Engasjer deg i ein eller fleire av NMBU sine mange forskjellige lag og foreiningar. I foreiningslivet lærer ein alt det som ikkje står i pensum, korleis ein setter opp ein revy, får artistar til samfunnet, inviterer bedrifter og foredragshaldarar til Ås. Bruk også moglegheita til å dra på utveksling til utlandet for å få faglig og språklig påfyll. I tredje klasse på Ås var eg på eit halvt års utveksling til Universitat Politècnica de València i Spania. I Valencia fylte eg på med ein del fag som ikkje fantes på Ås. Fem av seks fag blei undervist på spansk, men det var bare ei fin utfordring. Matematikk og fysikk er internasjonale "språk" som gjer det lettare å forstå innhaldet sjølv om dei blir undervist på andre språk enn norsk og engelsk. Det var elles veldig fint å dra til ein by der det bare regna ti dagar i løpet av dei sju månadane eg var der, og som hadde ei kystlinja med over 200 km sandstrand og badetemperatur til langt ut i oktober. Etter sju månadar i ein framand kultur og skulesystem var det også veldig godt og dra heim til trygge Ås. Viss ein ikkje vil dra på utveksling ut av landet er Universitetet i Oslo bare 28 min unna Ås med tog, om ein vil supplera med interessante emne derfrå.

Fakta

Thomas Mo Willig, siv.ing.
Rådgiver for vannkraftproduksjon
Energi Norge

Publisert - Oppdatert

Del på