Parkering

Parkering på campus Adamstuen og campus Ås er berre tillate på område som er skilta/oppmerkte.

Parkering

Her finn du parkeringsinformasjon for tilsette ved NMBU og campusinstitusjonar.

Parkering for gjestar til campus Adamstuen
Det er skilta eigne plassar for gjestar ved bygg 12, sjå parkeringskart. Det er ikkje påkravd med oblat eller parkeringsbevis for å stå på desse plassane. Parkering er forbode mellom kl. 24.00-06.00 alle dagar.
Det er skilt med parkeringsvilkåra ved innkøyringane. Reguleringa på området gjeld heile døgnet, alle dagar.

Parkering for gjestar til campus Ås

Gjestar må parkere på gjesteparkeringsplassar frå kl 08.00 til 17.00 alle arbeidsdagar og kjøpe billett frå automat (kr 5,- per time). Dette gjeld gjesteparkering på Eika sportssenter/Damstykket (merkt med GG-hallen) og ved Bioteknologibygninga (merkt med Biotek på kartet).  I helger og på offentlege fridagar gjeld ikkje reservasjonen for tilsette og studentar og då kan alle parkeringsplassar brukast gratis. Maksimal parkeringstid er 24 timar.

 

Gjesteplassar
Det er gjesteparkering ved Bioteknologibygninga (merkt med Biotek på kartet) og Eika sportssenter/Damstykket (merkt med GG-hallen). Anna gjesteparkering vil bli skilta særskilt. 

Motorsyklistar rådast til å bruke Easypark for å betale på gjesteplassane. Motorsyklistar er sjølv ansvarlege for at parkeringsbilletten er synleg ved bruk av automaten.

Tilkomst til gjesteplassar
Tilkomsten til gjesteparkeringsplassen ved Eika sportssenter/Damstykket er skilta i Meierikrysset (Drøbakvegen (Fv. 152) og Herumvegen) Tilkomst til gjesteparkering ved Bioteknologibygninga er berre skilta frå Kirkevegen (Fv 56). Frå offentleg veg og fram til parkeringsområdet er begge parkeringsplassane skilta med svart «P» på kvit bakgrunn.
Er det ikkje plass på gjesteparkeringa, ta kontakt med driftssenteret ved Eigedomsavdelinga på tlf. 67 23 07 77 for å få hjelp. Opningstid for driftssenteret kl 0800 til 1500 (fredag 0800 -1300) i perioden frå og med 15. mai til og med 14. september og kl 0800 til 1545 (fredag 0800 - 1300) frå 15. september til 14. mai.

Spesielt for gjestar til NIBIO og SKP
• NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi, Høgskolevegen 7) – Registreringa gjerast elektronisk i resepsjonen i Høgskolevegen 7.
• SKP (Senter for klimaregulert planteforsking, Kirkevegen 16) – Registreringa gjerast elektronisk i resepsjonen i Kirkevegen 6 eller ved å bruke billett frå automat på gjesteparkeringa (Bioteknologibygninga eller Damstykket/Eika sportssenter).
• Husdyrfag (Oluf Thesnes veg/Arboretvegen - Registrering i resepsjonen 

Desse parkeringsplassane er reserverte gjestar til nemnte institusjonar. Det er viktig å følgje skiltinga på staden.

Kva gjer eg når gjesteparkeringa er full?
Om gjesteplassen er full, ta kontakt med driftssenteret på tlf. 67 23 07 77, så kan dei hjelpe deg vidare.

Ladeplassar for gjestar
På gjesteparkeringsplassen ved Bioteknologibygninga (BTB) og Eika sportssenter/Damstykket finn du ladeplass for gjestar. Sjå skilting på staden.

Eg er gjest over ein lengre periode. Finst det eit alternativ til gjesteparkeringsplassen?
Gjestar som treng gjesteparkeringsplass over lenger tidsrom eller treng å levere varer kan ta kontakt med vertskapet (eining) for meir informasjon. Det er mogleg å få tidsavgrensa elektronisk parkeringsløyve for å bruke parkeringsplassar for tilsette.

Spørsmål om parkeringsordninga
Har du spørsmål om parkeringsordninga kan du kontakte parkering@nmbu.no.
Klagar på pålagt kontrollgebyr skal sendast direkte til Q-park i denne lenkja.

 

 

 

Published 6. mars 2014 - 7:00 - Updated 9. januar 2019 - 9:31