Ny diskgolfbane ved NMBU er klar til bruk frå mai 2022

Av Kjersti Sørlie Rimer

Disk golfbane ved NMBU, Nordskogen april 2022 (Kjersti Sørlie Rimer sjekker kurven)
Disk golfbane ved NMBU, Nordskogen april 2022 (Kjersti Sørlie Rimer sjekker kurven)Foto: Anne Syversen Høvde

Disksport er idrettar der ein brukar ei sendeplate (disk). Den største grena er diskgolf. Disksport er generelt ein lågkostsport kor det er enkelt å komma i gang for liten og stor. Nokre grener er basert på lagspel, mens andre er for enkeltutøvarar.

Poenget med Diskgolf er å kasta ein frisbee frå ein utkastrampe mot ei korg og treffa korga på færrast moglege kast. På ei bane er det opptil 18 utkastramper og korger. Banene vert etablerte i ulike miljø. Bana på NMBU sitt område er planlagt delvis på eng og delvis inne i skogen. Det er eit poeng at trea i skogen skal gjera det vanskeleg å komma fram til korgene.

Forarbeid og drift

Det har vore behov for rydding av undervegetasjon (lauvoppslag) rundt utkastrampene og korgene og det er gjeve løyve til å fella enkelttre. Fellinga er gjort slik at det vert laga spanande og utfordrande baner inn mot korgene. Sjølve inngrepa for etableringa av banen er små, og det er forsøkt å bruka naturlege korridorar i skogen, i størst mogleg grad. Utkastrampene vert bygde i tre og korgene er i galvanisert metall som vert festa i bakken. Trerampene er dekte av gjenbruka kunstgras, utan fyll. Etter anbefaling frå andre, som har bygd disc golfbaner, er det innkjøpt resirkulert kunstgras frå TeBe Sport AS. Graset ser ut som nytt, og TeBe Sport AS tek imot graset i retur, når det blir aktuelt. Vedlikehald av bana må til etter kvart som skog og vegetasjon veks. Parkeinheita tek seg av det.

Etter ein stor innsats frå parkeinheita og dugnad frå frivillige studentar, tilsette og bebuarar i Ås, er det mogleg å ta  i bruk dei 13 første korgene i NMBUs diskgolfbane. Bana vil verta utvida til 18 hol i 2023.

NMBU har ein eigen putter-disk med NMBU logo.

Kor finn eg bana?

Kart som viser disk golfbane i Nordskogen per mai 2022
Kart som viser disk golfbane i Nordskogen per mai 2022 Foto: Lillian Sandås

Bana ligg i Google-maps, Mazemap, i appane UDisc og Discgolf Metrix.

Oppdateringar om banene ligg på Facebooksida «Diskgolf i Ås».

Natur og friluftsliv

For NMBU er det viktig å få folk ut i naturen og med det verta interesserte i friluftsliv. NMBU tilbyr diskgolf som eit tilbod for å leggja til rette for aktivitet i frisk luft. Aktiviteten må sjølvsagt sjåast opp mot forskingsaktivitet og det mangfaldet naturen har.

Fakta om anlegget:

NMBU ved Skogrådet, har søkt Viken Skog om å få oppretta ein bane. Disk golfbana ligg delvis innafor nøkkelbiotop nr. 12 på eigedom 42/1 i Ås kommune.

  • Nøkkelbiotopen har livsmiljøet; rik bakkevegetasjon, gråor-heggeskog
  • Arealet på heile nøkkelbiotopen er 23 daa
  • Forvalting sett til urørt i 2005
  • Utrekna arealpåverknad ved anlegg av to baner heilt eller delvis innafor nøkkelbiotopen utgjer om lag ein (1) dekar

Svaret fra Viken skog er:

Viken Skog SA ser alltid positivt på etablering av anlegg/tiltak som fremmer friluftsliv og idrett til beste for folks helse. I dette tilfelle vil anlegget ha svært liten negativ, (om noen), påvirkning på livsmiljøet og det biologiske mangfoldet. Viken Skog SA vil derfor godkjenne tiltaket om å anlegge frisbeegolfbane slik det er beskrevet i e-post av 15.12.21.

Lenke for meir informasjon:
Diskidrett i Noreg: https://amerikanskeidretter.no/disksport/

Fakta om kunstgrasleverandør:

TeBe Sport har utvikla verdas første mobile separasjonsløysing for hundre prosent gjenbruk og resirkulering av ein kunstgrasbane. Her vil opprulling og separasjon skje på bana, og ut av prosessen kjem reine råvarer som kan verta bruka om att og verta resirkulerte. Så mykje som mogleg av sand og SBR går attende til nye kunstgrasbaner, noko av kunstgraset går tilbake til idrettsflater eller andre applikasjonar, og noko material vert att vunne som pallar eller tilsvarande plastprodukt.

Publisert - Oppdatert

Del på