Moens parkbenkar vart teikna i 1929

Benker i bruk, 17. mai i parken
Benker i bruk, 17. mai i parken Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ein park eller hage er gjerne ein stad for kvile og ettertankar. Benkar og andre sitjemøblar vert derfor viktige element i kvar ein park. Bilete og omtalar av parkbenkar er kjent heilt frå antikken.

På 1700-talet teikna den betydelege hagearkitekten Sir William Chambers ei rekkje hagemøblar, teikningane kan ein finna i boka hans Designs of Chinese Buildings frå 1757.

Rødeparkbenker, designet av Moen
Rødeparkbenker, designet av Moen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

På 1800-talet sto Arts and Crafts-rørsla for ei fornying av dei estetiske kvalitetane i kunsthandverket. Arkitekten Sir Edwin Lutyens, som er kjend for eit nært samarbeid med hagearkitekten Gertrude Jekyll, teikna ei rekkje parkmøblar i denne tradisjonen, dei er framleis svært populære.

Olav L. Moen var den mest sentrale landskapsarkitekten i Noreg i første halvdel av 1900-talet. Han vart Noregs første professor i hagekunst, og var ansvarleg for parken ved Noregs Landbrukshøgskule- NLH ( i ein seinare periode kalla for Universitetet for miljø og biovitskap – UMB, før dagens namn Noregs miljø- og biovitskaplege universitet – NMBU) frå 1921. Han designa og leia ombygging og utviding av denne parken på 1920 og 30-talet.

Som eit ledd i arbeidet med utforminga av parken, teikna Moen ei detaljteikning av to typar parkbenkar. Den største og mest forseggjorte har dreia bein frampå, han er 190 centimeter lang og med 44 centimeter sitjehøgde.

Den andre, har ei noko enklare utforming, er 175 centimeter lang, og med 47 centimeter sitjehøgde. Alle tappar skulle naglast, og benkane skulle verta overflatebehandla med raudbrun måling eller oljebeis. Teikninga er datert 1929. Begge benkane har nyklassisismens enkle, klåre liner, men den største viser òg eit slektskap med Arts and Crafts-tradisjonen, med sine dreidde bein. Spesielt den største Moen-benken gjev eit inntrykk av å kunna fungera som ein «parksofa» egna for kontemplasjon over ei vakker utsikt.

 


 

Meir om parken

Parken er bland dei vakraste parkane i sitt slag i Noreg. Han inneheld element frå alle periodane åt parken, frå han vart etablert kring 1860 og fram til i dag. I parken finnes parti som er heldt i ein romantisk pittoresk retning, og andre delar som er prega av ein storlinja landsskapsstil.

Olav L. Moen teikna mange hagar og parkar i løpet av karriera si, og fram til cirka 1930 vart desse heldt i ein klar nyklassisistisk stil med klar geometri og tydelege proporsjonar. Moens stil og arkitektoniske prinsipp, bind dei sentrale delane av den historiske parken saman. Det sentrale parkrommet, Storeplena er eit tyngdepunkt; her strålar aksar og sikteliner ut i fleire retningar, og opplevinga av parken vert rikare av ei rekkje detaljar som murar, staudebed og fontener, både ved Storeplena og i dei tilstøytane parkrom.

Publisert - Oppdatert

Del på