Økonomibygningen 1897

Av Kjersti Sørlie Rimer

Økonomibygningen før den brenner
Økonomibygningen før den brennerFoto: hentet fra bildearkiv

Økonomibygningen er ein av dei tre skulebygningane som blei bygd til skolestart 1859. Bygningane danner eit naturleg symetrisk tun rundt tuntreet, ei lind som blei planta i mai 1864.

Økonomibygningen stod ferdig i 1897 og er ein toetasjes murbygning med full kjellar og loft. I kjellaren var det hushaldsrom som bryggjeri, bakeri, grovkjøkken og fryseri. Det var kjellarrom for bokhaldaren, bad med to kummar og tre avkledingsrom.

I fyrste etasje var det kjøkken med anretning, spisestove for fjøsgutar og drenger. Hyblar for husfrua og to jenter og leilegheit med fem rom til bokhaldaren.



I annan etasje var det ein stor matsal for elevane med inntil 122 sitjeplassar. Det var ein mindre matsal for tilreisande, eit anretningsrom, tre soverom for tilreisande, eit møterom for skuleråd og tre kontor.

Erfaringa er at ein var fornøgd med matsalen, den verka stor og lys og var varm til trass i stor takhøgde. Golvflisene var lette å halde reine og ga salen eit "propert" utsjåande.

Del av gammel grunnmur under Økonomibygningen, 2007
Del av gammel grunnmur under Økonomibygningen, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Bygningen blei reist som nybygg, delvis på gamal grunnmur og delvis på ny. Den gamle grunnmuren består av mørk naturstein med flate, uregelmessige mørtelfurer.


I den nye delen er materialet framleis naturstein, men steinen er meir regelmessig og fuginga er av pølsetypen.


Det er bruka raud teglstein i normalformat, lagde i blokkforband og pølsefuge. Kjellar, 1. etasje og del av 2. etasje har innvendig midtre berevegg for etasjeskilje. Etesalen i austre del av 2. etasje er open til takflata, som blir bore av seks regelmessig stilte frittbærande konstruksjonar av stikkbjelketypen. Taket er eit ordinært sperretak med tekking av skifer - lappheller.


 
Bygningen er akkurat fire gonger lengre enn den er brei, og er dekka av eit saltak i omlag 30 gradars vinkel. Mot tunet er det lagt på tre fløyer som stikk omlag tre meter fram. Den breie og representative i midten viser veg til etesal og avdeling for gjester.


Den austre inngangen betente hushaldsavdelinga og den vestre inngangen gjekk til administrasjonsavdelinga. Her finst det framleis jarnringar i muren for parkering av hesteekvipasjar.

Den austre fasaden viser spennet frå jomfrua (husfrua) sitt enkle rom og vindauge til den representative etesalen sine storslåtte vindauge. Søre og vestre fasade er enkle og symmetriske med to aksialt plasserte vindaugsrekkjer.


 I fasaden er det to horisontale band som spring rundt heile bygningen. Det øvre viser skiljet mellom 2. etasje og loftet, og er danna av to smale pussa del-band med eit tanna, ståande rulleskift i mellom.



På fasadeutstikk med store vindauger går dette over til eit breit samanhengande pussa band som gir anfangerhøgda for dei bua vindauga, dette er mot nord og aust. Pussdetaljane blir tekne opp i struktur av pussa vertikale striper frå det øvre fasadeband opp under sperra. På gavlveggen er det trekantforma pussflater som avtrapping under taket si skrålinje. Det nedre bandet markerer overgangen frå grunnmuren sine gråsteinsflater til teglsteinsfasaden. Det blir danna av tre skift stein som er skuva fram og pussa.



Fasadeopningane er også ramma inn av pussdetaljar. Den dominerande vindaugstypen på sør-, aust- og vestfasaden er tofags krysspostvindauge. Dei har lågt butt overkarm med pussa innramming ned til tverrposthøgd. Ramma har skarpe hjørne og simulert sluttstein på toppen. Vindauga sit over kvarandre med eit mellomliggjande utsmykka brystningsfelt. Vindauga i fyrste etasje mot aust kan seiast å vere ein avsmalna ein-ramsvariant av den nemnde normalvindaugetypen.



Nordfasaden er hovudfasaden og dermed rikt utsmykka. Dei fantasifulle stigande vindauga i trapperomma er markering av trappene på innsida, mens feltet i midten på ein raus måte opnar seg og ønskjer velkomen.



Dei karakteristiske tre runde vindauga på toppen utgjer eit tema som går att i ulike variantar i Sverres bygningar på campus.



Økonomibygningen sin matsal har lenge vore i bruk til kantine. Her frå 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer.  

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skrive av Erik Aas jr. i 1996.

Publisert - Oppdatert

Del på