Studentar byggjer trebrygge i Lille Årungen

Av Kjersti Sørlie Rimer

Snart ferdig brygge i Lille Årungen - juni
Snart ferdig brygge i Lille Årungen - juni Foto: Bjørn Anders Fredriksen

I det flotte nye parkanlegget nord for Urbygningen legg studentane igjen eit synleg studieprov. Dei har i løpet av året, i emna TBA 261 Bygningsplanlegging II vår 2021, samt TBA 262 Bygningsplanlegging II Bygging juni 2021, planlagt og prosjektert eit viktig element i dammen som blir kalla Lille Årungen, i Uraksen.

Det er innleide krefter som har leia mange studentgrupper igjennom idé og prosjekteringsarbeid i vårsemesteret 2021.  Alle gruppene leverte forslag til utforming av trebryggja. Eksterne krefter blei inviterte til å gi innspel til kva prosjekt som burde gå vidare til gjennomføring. Juniblokka sitt emne TBA 262 er gjennomføring av det tilpassa prosjektet ein enda opp med. Dei studentane som ville vera med i gjennomføringa, har no, under kyndig rettleiing av same rettleiarar, laga det flotte anlegget som tek form i juni.

Studentane har laga ein fullstendig plan med teikningar, forklaringar, plan for byggjefase, sikker jobbanalyse, prisliste og tilbod. Statsbygg har godkjent heile planen og levert godt og solid materiale. Fakulteta og eigedomsavdelinga hjelper med råd, utstyr og rettleiing i bruk av utstyr.S tudentane har jobba i all slags vêr og anlegget veks fram. Det er stilt store krav til orden på byggjeplass. Og det blir følgt opp at arbeidet ikkje set spor i resten av anlegget.

Som eigedomsforvaltar er det alltid inspirerande og morosamt å ha studentar med på laget. NMBU er heldige. Vi har eit breitt fagfelt og stort areal, vi kan la studentane leggje igjen små synlege prov på det dei har lært i studiet, på campus.

Publisert - Oppdatert

Del på