Doktorgradsarbeidet til Anna Jacobsen Lauvås viser at norske avløpsarbeidarar er utsette for virus og bakterielle komponentar som blir spreidde frå avløpsvatnet via lufta gjennom arbeidet.
Ny forsking frå NMBU og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at lufta i norske anlegg for reinsing av avløpsvatn inneheld virus og andre mikrobielle komponentar som stammar frå avløpsvatnet.
– Funn i denne forskinga viser at det er behov for å vurdere tiltak som kan verne dei tilsette betre, seier ph.d.-kandidat Anna Jacobsen Lauvås.
Reinsing av avløpsvatn er avgjerande for å hindre at sjukdomsframkallande mikroorganismar spreier seg vidare til miljøet. Samstundes kan sjølve reinseprosessen skape svært små partiklar i lufta, såkalla bioaerosol, som inneheld organisk materiale, bakteriar, sopp og virus. Å puste inn slike partiklar kan utgjere ein helserisiko for dei tilsette ved anlegga.
I doktorgraden sin har Anna Jacobsen Lauvås undersøkt kva arbeidarar faktisk blir utsette for i løpet av ein vanleg arbeidsdag. Ho har samla luftprøver frå tilsette ved ulike anlegg og arbeidsstasjonar, både sommar og vinter. Ved å utstyre arbeidarar med berbare luftprøvetakarar kunne ho måle nivå av virus og bakterielle komponentar direkte i arbeidssituasjonen.

Virus påvist i luftprøver frå norske anlegg
– Vi fann virus i lufta ved norske avløpsanlegg. Nokre av virusa er sjukdomsframkallande, som adenovirus, norovirus og influensa A-virus, fortel Jacobsen Lauvås.
I 22 prosent av luftprøvene blei desse sjukdomsframkallande virusa påvist. I tillegg fann forskarar ufarlige plantevirus (pepper mild mottle virus) i nesten 70 prosent av prøvene. Dette er virus som menneske får i seg via maten vi et. Fordi nettopp dette planteviruset hamnar i avløpssystemet, kan forskarane bruke det som ein markør for andre virus som òg kan bli spreidde frå avløpsvatn til luft.
– Under undersøkingane våre påviste vi òg høge nivå av bakterielle komponentar som kan trigge betennelsesreaksjonar i kroppen. Dei høgaste nivåa av både virus og bakterielle fragment blei funne ved innløpsristene, avløpsbassenga og slambehandlinga, og var særleg knytte til oppgåver som spyling, vedlikehald og reinhald, fortel Jacobsen Lauvås.
Risiko for arbeidarane
I avløpsanlegg finst det fleire tiltak for å redusere eksponering for luft som inneheld virus og bakteriar. Det finst innkapsla arbeidsstasjonar, tildekking av avløpsvatn i rørsle, og arbeidarane skal bruke verneutstyr.
– Trass i slike tiltak risikerer dei tilsette å puste inn luft som inneheld biologisk materiale frå avløpsvatn, seier Jacobsen Lauvås.
– Dette tyder på at ytterlegare tiltak trengst for å betre luftkvaliteten i reinseanlegg, seier ho.
Funn i denne forskinga bidreg til auka kunnskap om korleis virus kan spreie seg i arbeidsmiljø og peikar på pepper mild mottle virus som eit mogleg, enkelt verktøy i framtidige risikovurderingar i avløpsanlegg.

FAKTA:
Anna Jacobsen Lauvås
- Tidlegare utdanning: MSc Environmental Chemistry and Health, University of Copenhagen
- Frå: Oslo
- Doktorgrad: Ved NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for parakliniske fag.
- Finansiering: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
- Noverande arbeidsgivar: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
- Tittel på avhandlinga:
Engelsk: Occupational exposure to viral bioaerosols in wastewater treatment plants: presence, diversity and health impact
Norsk: Arbeidsmiljøeksponering av aerosoliserte virus i avløpsanlegg: forekomst, mangfold og helsepåvirkning - Hovudrettleiar: Professor Mette Myrmel
- Medrettleiarar: Anne Straumfors (STAMI), Anani K. Afanou (STAMI)