Doktorgradsarbeidet til Racheal Amono gir ny innsikt om kardiomyopatisyndrom, CMS, hos atlantisk laks. Sjukdomen er eit stort dyrevelferdsproblem, i tillegg til at han fører til store økonomiske tap for næringa.
Kardiomyopatisyndrom, CMS, er ein alvorleg hjartesjukdom hos atlantisk laks. Sjukdomen rammar ofte stor fisk seint i produksjonsfasen, og i alvorlege tilfelle fører han til at hjartet sprekk og at fisken plutseleg døyr.
Problemet er aukande, også i Skottland, Irland og på Færøyane.
Piscine myocarditis virus (PMCV) er årsaka til CMS. I denne studien har Racheal Amono fått tilsendt prøvar med virus frå utvalde oppdrettslokalitetar langs heile norskekysten og undersøkt korleis viruset endrar seg over tid, kor mykje viruset varierer mellom ulike utbrot, og kva eigenskapar i viruset som fører til sjukdom.
Fleire virusvariantar sirkulerer under eit utbrot
– Eit CMS-utbrot kan ha fleire enn éin dominerande virusvariant, seier Amono.
– Det vi oppdaga, var at mangfaldet i virusets arvestoff kan auke over tid under eit utbrot. Dette gjeld både hos enkeltfisk og mellom smitta fisk. Denne endringa i viruset over tid kan ha samanheng med korleis sjukdomsutbrotet artar seg.
Racheal Amono fortel at sjølv om viruset endrar seg under eit utbrot, er det små endringar i viruset generelt over tid. Andre virusartar har små endringar heile tida, slik at dei over tid endrar seg mykje, men slik er det ikkje for PMCV.
– At vi såg få evolusjonære endringar i viruset over tid, kan tyde på at det er eit lite tal variantar av viruset som vert overført effektivt mellom fisk, og at det er desse variantane som sirkulerer mellom oppdrettsanlegg, forklarer ho.
– Det at viruset kan variere mellom fisk i same utbrot, gjer det vanskeleg å spore smittespreiing og gjer epidemiologiske analysar meir kompliserte.
Virus skaper eit skadeleg protein
– Eg har òg sett på eit spesifikt virusprotein som vi ikkje tidlegare har kjent funksjonen til, for å undersøkje kva rolle dette virusproteinet spelar i sjukdomsutviklinga, fortel Racheal.
PMCV er eit lite virus som berre produserer tre protein under ein infeksjon. To av proteina er kjende frå andre virus, men det tredje har fram til no vore ukjent.
– Studien vår viser at dette proteinet skadar fiskeceller. Små variasjonar i samansetjinga av proteinet har betydning for kor skadeleg det er for fisken. Forskninga vår viser at proteinet kan dele seg i fleire mindre protein som kvar for seg eller saman kan ha betydning for korleis viruset spreier seg mellom celler i fisken, forklarer Racheal Amono.
Kunnskap om virus kan bane veg for betre førebygging og kontroll
Amono forklarer at CMS gir store helse- og velferdsproblem for fisken. Overordna kunnskap om kor mykje eit virus varierer og kan utvikle seg, men òg detaljert kunnskap om små delar av eit protein danna av viruset, kan bane veg for utvikling av vaksinar, betra diagnostikk og betre verktøy for sjukdomshandtering.
– Sunnare fisk i oppdrettsanlegga gir mindre svinn, færre medisinske behandlingar og ei meir miljømessig berekraftig matproduksjon, seier ho.

FAKTA:
Racheal Amono
- Tidlegare utdanning: Bachelor i veterinærmedisin, master i helse hos akvatiske dyr
- Frå: Gulu, Uganda og Ås, Noreg
- Doktorgrad: Ved NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for parakliniske fag.
- Finansiering: Åkerblå, Norges forskingsråd
Noverande arbeidsgivar: Åkerblå (DNV) - Noverande arbeidsgivar: NMBU
- Tittel på avhandlinga:
Engelsk: Evolutionary and functional characteristics of piscine myocarditis virus
Norsk: Evolusjonære og funksjonelle eigenskapar hos piscint myokardittvirus - Hovudrettleiar: Førsteamanuensis Aase B. Mikalsen
- Medrettleiarar: professor Øystein Evensen og Turhan Markussen, ph.d.
