Hopp til hovedinnhold

Ny spesialisering innan kjernekraft og atomtryggleik ved NMBU

Av REALTEK-redaksjonen

KJM350 Radiokjemi
Bilder av studenter som gjennomfører forsøk på isotoplabben i Jordfagbygningen.

NMBU tilbyr no ei ny spesialisering i kjernekraft og atomtryggleik på masterprogrammet Miljøfysikk og fornybar energi. Studentane får kompetanse som er viktig for samfunnstryggleik og beredskap.

NMBU lanserer no ei heilt ny spesialisering i kjernekraft og atomtryggleik som ein del av masterprogrammet Miljøfysikk og fornybar energi. Spesialiseringa vil gi studentane ettertrakta kompetanse på eit fagfelt som får stadig større merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Studentane får ei solid fagleg plattform innan kjernekraft, strålevern og atomtryggleik. Dei vil lære korleis vi kan nytte kjernekraft som berekraftig og sikker energikilde. Spesialiseringa vil inkludere både teoretisk undervisning og praktiske øvingar. Studiet er utvikla i tett samarbeid med aktørar frå næringslivet, styresmakter og forskingsmiljø, for å sikre relevant og framtidsretta kompetanse.

– Behovet for ekspertise innan kjernekraft og atomtryggleik aukar både i Noreg og globalt. Gjennom denne spesialiseringa får studentane moglegheit til å bidra til trygge og berekraftige energiløysingar for framtida, seier konstituert dekan Ingunn Burud ved Fakultet for realfag og teknologi.

Spesialiseringa passar for studentar med interesse for teknologi, fysikk og samfunnsaktuelle spørsmål. Spesialiseringa er tilgjengeleg for masterstudentar på Miljøfysikk og fornybar energi frå hausten 2026.

Publisert - Oppdatert