Frå mjølkesyrebakteriar til framtidas mat og medisin. Ahmad Tsjokajev ved NMBU har utvikla metodar som kan endre forskinga på bakterielle karbohydrat.
Gjennom doktorgradsarbeidet sitt har Ahmad Tsjokajev utvikla nye og skalerbare metodar for å produsere komplekse karbohydrat frå mjølkesyrebakteriar med høg reinleik, samtidig som dei naturlege strukturane blir bevarte. Dette har gjort det mogleg å oppdage fleire hittil ukjende karbohydratstrukturar og er eit viktig steg mot å forstå korleis desse byggesteinane påverkar mat, helse og framtidige løysingar innan vaksinar og fermentering.
Nedanfor svarar han på fire spørsmål om forskinga si:
Kvifor er denne forskinga viktig?
Bakteriar finst overalt, i jord, vatn, mat og til og med på kroppen vår. Dei produserer enorme mengder komplekse karbohydrat som vi framleis veit lite om. Desse molekyla er viktige: Nokre påverkar konsistensen i mat og kan ha positive helseeffektar, medan andre er byggesteinar i bakteriane sine celleveggar og hjelper dei å overleve, stå imot virus og samhandle med immunforsvaret vårt. Å forstå desse strukturane er avgjerande for utvikling av vaksinar, antibiotika, diagnostiske verktøy og for å betre fermenteringsprosessar.
Kva var målet med doktorgradsarbeidet ditt?
Målet var å utvikle betre metodar for produksjon og reinsing av bakterielle karbohydrat, slik at forskarar kan studere strukturane meir presist og få innsikt i korleis dei blir danna, kva rolle dei spelar, og korleis dei kan utnyttast.

Kva er dei viktigaste resultata dine?
Eg har utvikla nye og skalerbare metodar for å produsere komplekse karbohydrat, såkalla polysakkarid, frå mjølkesyrebakteriar med høg reinleik og samtidig bevare strukturane slik dei finst på bakteriane. Ved hjelp av desse metodane har vi oppdaga fleire hittil ukjende karbohydratstrukturar, noko som viser at prosessen kan bidra til å avdekke endå fleire i framtidig forsking.
Kva betydning kan forskingsarbeidet ditt få for fagområdet og i ein større samanheng?
Dette arbeidet gir nye metodar og kunnskap som kan bidra til forskinga på bakterielle karbohydrat. På sikt kan det bidra til utvikling av betre matprodukt, nye strategiar mot infeksjonar og løysingar som reduserer tap i fermenteringsindustrien.

FAKTA:
Ahmad Tsjokajev
- Tidlegare utdanning: M.Sc. Molecular Biosciences og B.Sc. Molecular Biology and Biochemistry (2017) ved Universitetet i Oslo
- Frå: Trondheim
- Doktorgrad: Ved NMBUs fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap
- Tittel på avhandlinga:
- Norsk: Utforsking av eksopolysakkarider og celleveggsglykopolymerer fra melkesyrebakterier: Metodeutvikling, produksjon og strukturkarakterisering
- Engelsk: Exploration of Exopolysaccharides and Cell Wall Glycopolymers from Lactic Acid Bacteria: Method Development, Production, and Structural Characterization
