Korleis feittsyrene er plasserte i feittmolekyla, kan påverke korleis spesifikke feittsyrer blir brotne ned under fordøyinga. Det viser doktorgradsarbeidet til Eirin Stork ved NMBU.
Stork har undersøkt korleis feitt frå meieriprodukt blir brote ned i kroppen, og funne at både strukturen på produktet og oppbygginga av feittmolekyla spelar ei viktig rolle. Funna kan få betydning for både matindustrien og ernæringsforskinga.
Ho har òg undersøkt korleis gjær kan vere eit berekraftig alternativ til soya i fôret til mjølkekyr, utan at det går ut over kvaliteten på mjølka.
Fire spørsmål til Eirin Stork om forskinga:
Kva var målet med arbeidet?
Eg har sett på to hovudområde: korleis vi kan gjere fôret til mjølkekyr meir berekraftig, og korleis feitt frå meieriprodukt blir brote ned i kroppen.
Kvifor er det viktig å forske på dette området?
Det er viktig fordi vi treng fôrkjelder som ikkje konkurrerer med mat til menneske, og fordi feittfordøying har tett samanheng med helse.
Kva funn har du gjort?
Eg fann at gjærceller kan erstatte importert soya i kufôr utan å endre feittsyresamansetjinga i mjølka. Eg oppdaga òg at eigenskapar ved sjølve meieriproduktet, korleis feittsyrene er plasserte i feittmolekyla, og ein prosess som heiter acylmigrering, kan påverke korleis spesifikke feittsyrer blir brotne ned under fordøyinga.
Kva betydning kan forskingsarbeidet ditt få for fagområdet og i ein større samanheng?
Forskingsarbeidet mitt kan bidra til meir berekraftig norsk mjølkeproduksjon, og til auka forståing av korleis strukturen i maten påverkar kroppen – noko som kan vere nyttig både for matindustrien og ernæringsforskinga.

FAKTA:
Eirin Stork
- Tidlegare utdanning: Bachelor og master i teknologi/sivilingeniør i industriell kjemi og bioteknologi frå NTNU
- Frå: Sandnessjøen/Malvik
- Doktorgrad: Ved NMBUs fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap
- Finansiering: NMBU, Noregs forskingsråd gjennom «Foods of Norway»-prosjektet, og Landbruksdirektoratet gjennom «LipidinFlammaGenes»-prosjektet
- Tittel på avhandlinga:
- Norsk: Lipider i meieriprodukter: Separate studier på effektene av fôralternativer til melkekyr og in vitro fordøyelse av meieriprodukter
- Engelsk: Dairy lipids: Separate investigations on the effects of cow feed alternatives and in vitro digestion of dairy products