NMBU deltar i to nye forskingssenter for miljøvenleg energi

Av Johanne Høie Kolås, Cathrine Glosli

Rånåsfoss demning og vannkraftverk.

Forskarar frå NMBU deltar i to av dei åtte nye Forskingsentra for miljøvenleg energi (FME). Målet er meir fornybar energi i form av vasskraft og solkraft.  

– At NMBU deltar i to av dei åtte FME-ane som Noregs forskingsråd har valt ut, er verkeleg framifrå. Dette er ‘nasjonale landslag’ som samler dei beste forskningsmiljøa innafor energi, seier Siri Fjellheim, rektor ved NMBU. 

Fagmiljø frå Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting (MINA), Fakultet for realfag og teknologi (REALTEK) og NMBU Handelshøyskolen (HH) skal samarbeide i de to sentra NMBU er med i dei neste åtte åra. 

Meir fleksibel vasskraft 

I Noreg er vasskraft grunnstammen i energisystemet. Vassreservoarane gjer at vi kan balansere straumtilbod og -etterspurnad på ein fleksibel måte. Dette fører til at vi kan elektrifisere alle delar av økonomien og ha ei konkurransedyktig kraftkrevjande industri. Men meir uregulert fornybar kraft skapar press på balansen i energimarknaden. Nye, fleksible løysingar for vasskraft kan hjelpe oss til å gå raskare over til eit karbonnøytralt energisystem. 

I FME RenewHydro (Norwegian research centre for renewal of hydropower technology) er målet å  utvikle vasskrafta til å bli meir fleksibel, slik at ho bidrar meir til berekraftig fornybar energi. Senteret skal løyse utfordringar vasskraftbransjen blir stilt overfor når innfasing av store mengder uregulerbar kraft aukar krava til fleksibilitet, og når ein skal drive effektivt og berekraftig i eit uforutsigbart klima. I arbeidet ved senteret skal NMBU sine forskarar bruke sin kunnskap om fornybar energi og økonomi for å finne gode og realistiske løysingar som folk kan godta og som kan redusere konfliktar.  

Ved senteret vil det vera tett samarbeid mellom aktørar innan teknologi, marknad, miljø og samfunn. Frå NMBU skal forskarar innan fornybar energi ved MINA og HH bidra med forsking på samfunnsaksept der dei bruker såkalla valeksperiment for å talfeste og analysere vanskelege vurderingar. 

 – Forsking på samfunnsaksept og valgeksperimenter kan hjelpe oss når vi står overfor vanskelige vurderingar, seier Kristin Linnerud ved MINA, som leiar NMBU sitt arbeid i FME RenewHydro.  

– Vi vil identifisere konkrete løsninger som balanserer hensyn til lønnsomhet, forsyningssikkerhet, natur- og klimamål og konsevenser for lokalsamfunnet, kort sagt er berekraftige.

Senteret blir leia av NTNU. I tillegg til NMBU deltar NINA, Noregs handelshøgskole, NORCE, USN og SINTEF Energi. 

Forskere og solcellepanel
Forskere og solcellepanel. Foto: Ingunn Burud

Solkraft blir stadig viktigere 

I FME SOLAR er målet å utvikle solenergi som ein viktig del av energiforsyninga i Noreg. Solceller blir stadig viktigare for straumproduksjonen – både i Noreg og internasjonalt, og ein stor del av alle nye kraftverk som skal installerast i Noreg og EU må vere basert på solceller.  

Forskingsenteret skal belyse heile verdikjeda i solenergiproduksjon, frå silisiumproduksjon til drift av solkraftverka og resirkulering av anlegg. Fornybargruppa ved MINA skal også her forske på tema som handlar om samfunnaksept, medan REALTEK er leiar for ei av dei seks arbeidspakkane i senteret.  

– Dagens straumnett er ein begrensande faktor for storskala utrulling av solkraft.  

– I FME SOLAR skal vi utvikle ny kunnskap om korleis solkraftverk kan integrerast effektivt i straumnettet, samstundes som vi opprettheld energitryggleiken, seier Heidi S. Nygård ved REALTEK, som leiar arbeidet frå NMBU si side.  

Senteret blir leia av Institutt for energiteknikk (IFE). I tillegg til NMBU deltar NTNU, UiO, UiA og  SINTEF AS. 

Fagpersonar nemnt i saka:

Om FME-ordninga:

Ordninga med Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) blei etablert i 2009 for å følgja opp Klimaforliket og Energi21-strategien. Noregs forskingsråd (NFR) administrerer ordninga.

Gjennom slike FME-ar samarbeider utvalde forskingsmiljø, næringsliv og gjerne offentlege aktørar om å utvikla løysingar retta mot fornybar energi, energieffektivisering, CO2-handtering og samfunnsvitskap over ein periode på 5 + 3 år.

NMBU har tidlegare deltatt i blant anna FME CenBio, FME Bio4Fuels og FME SusSolTech.  

Publisert - Oppdatert

Del på