Ågot Aakra er ny dekan ved MINA

Av Cathrine Glosli

Ågot Aakra
Ågot Aakra, dekan ved MINAFoto: Folkehelseinstituttet

Aakra kjem frå stilling som forskingssjef ved SINTEF.  

Fredag den 1. mars startar Ågot Aakra som ny dekan ved Fakultet for miljøvitskap og naturforvaltning (MINA). Aakra kjem frå stilling som forskingssjef for Avdeling for bioteknologi og nanomedisin ved SINTEF Industri i Trondheim.
– Me gler oss til å ønskja Ågot velkommen tilbake til Ås, seier rektor Siri Fjellheim.
– Ågot har lang erfaring med leiing i akademia og i henne får MINA ein kunnskapsrik, driftig og framoverlent dekan.

God innsikt

– Eg gleder meg stort til å ta til ved MINA, seier Aakra.
– MINA har ein fagleg profil som er særs framtidsretta, og utdanninga og forskinga ved MINA er heilt sentral for å kunna løysa utfordringar både når det gjeld natur, miljø og klima.

Aakra var administrasjonssjef ved dåverande Institutt for naturforvalting (INA), og ein kort periode inn i MINA-æraen. Men ho har følgt med på fakultetet også i etterkant.
– Som vara i fakultetsstyret har eg då hatt eit lite innblikk i kva som har skjedd ved MINA dei siste åra også.

Lang erfaring frå NMBU

Ho har elles lang erfaring frå NMBU, med mastergrad i bioteknologi (1997) og ph.d. i mikrobiologi (2000). Etter fullført doktorgrad arbeidde Aakra ved NMBU i 21 år.

Først som forskar og seinare som seniorrådgivar, administrasjonssjef og som dekan ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap fram til 2021. Ho har også vore områdedirektør for Klima og miljø i Folkehelseinstituttet.

Publisert - Oppdatert

Del på