Mange unge og aktive menneske har låge jernlager, og jerntilskot blir ofte brukt for å førebyggje jernmangel. Ei ny doktoravhandling frå NMBU viser at lågdose jerntilskot kan bidra til å halde oppe jernnivåa utan å skade tarmfloraen. Samstundes peikar forskinga på at eit høgt inntak av svovelhaldige aminosyrer kan påverke tarmbakteriane i ugunstig retning.
Doktorgradsarbeidet til Stine Sofie Strømland undersøker korleis jern og svovelhaldige aminosyrer påverkar tarmfloraen og helsa. Funn frå både idrettsutøvarar, vernepliktige og personar med overvekt gir ny kunnskap om samanhengen mellom kosthald, tarmbakteriar og helse.
Nedanfor svarar ho på fire spørsmål om forskinga si:
Kvifor er denne forskinga viktig?
Doktorgradsarbeidet har undersøkt korleis to kosthaldskomponentar, jern og svovelhaldige aminosyrer, påverkar helsa, med særleg vekt på tarmfloraen. Dette er viktig fordi jernmangel er vanleg blant idrettsutøvarar, særleg kvinner, og kan redusere den fysiske yteevna. Jerntilskot blir ofte brukt for å førebyggje eller behandle jernmangel, men høge dosar kan gi mage- og tarmplager. Ei mogleg forklaring kan være at overskotsjern som ikkje blir teke opp i tarmen, påverkar bakteriane som lever der. Dette er likevel lite undersøkt, spesielt hos idrettsutøvarar.
Kosthaldet spelar òg ei viktig rolle. Raudt kjøt er ei viktig kjelde til jern, men inneheld samstundes svovelhaldige aminosyrer som inngår i protein. Høgt inntak av slike aminosyrer har vore knytt til ugunstige helseeffektar. Dyrestudiar har vist at dei kan påverke tarmfloraen, men dette har i liten grad vore undersøkt hos menneske.
Kva var målet med doktorgradsarbeidet ditt?
Målet med forskinga var å kartleggje jernstatusen hos friske og fysisk aktive personar, undersøkje korleis høg fysisk belastning påverkar jernnivåa, og teste om eit lågdose jerntilskot kunne hindre at jernnivåa gjekk ned utan å gi uønskte biverknader.
Eit særleg mål var å undersøkje om jerntilskot påverkar tarmfloraen.
Arbeidet omhandla òg ein kategori svovelhaldige aminosyrer; metionin og cystein, som ein får i seg via proteinhaldig mat - særleg mat frå dyreriket. Det vart undersøkt korleis eit høgt inntak av desse aminosyrene påverka tarmfloraen og graden av betennelse i kroppen.
Doktorgradsarbeidet omfattar tre studiar: éin blant mannlege og kvinnelege vernepliktige som deltok på opptak til Forsvarets spesialstyrkar, éin blant kvinnelege fotballspelarar og éin blant menn og kvinner med overvekt eller fedme.
Kva er dei viktigaste resultata dine?
Resultata viste at ein stor andel mannlege og kvinnelege vernepliktige, og kvinnelege fotballspelarane hadde låge jernnivå. Harde militære feltøvingar førte dessutan til at jernstatusen vart ytterlegare svekt hos dei vernepliktige.
Hos fotballspelarane bidrog eit lågdose jerntilskot til å halde oppe jernnivåa gjennom sesongen, utan negative endringar i tarmfloraen eller andre helsemål som vart undersøkte. Tvert imot såg forskarane eit større mangfald av bakteriar i tarmen hos spelarane som fekk tilskot. Eit høgt bakteriemangfald blir ofte sett på som eit teikn på ei sunn tarmflora. Til saman tyder resultata på ein positiv effekt av låg-dose tilskotet.
Studien av svovelhaldige aminosyrer viste at deltakarar som hadde høgt inntak hadde lågare bakteriemangfald og større førekomst av enkelte bakteriar som tidlegare er knytte til ugunstige helseeffektar. De hadde og teikn til auka betennelse i tarmen. Til saman tyder resultata på ein mogleg negativ effekt av et høgt inntak av desse aminosyrene, som det finnes meir av i mat frå dyreriket enn i plantemat.
Kva betydning kan forskingsarbeidet ditt få for fagområdet og i ein større samanheng?
Doktorgradsarbeidet gir ny kunnskap om korleis jern og svovelhaldige aminosyrer påverkar tarmfloraen og helsa. Resultata tyder på at mange unge og aktive personar ikkje har optimale jernlager, og at lågdose jerntilskot kan vere ein skånsam strategi for å hindre at jernnivåa fell i periodar med høg treningsbelastning.
Sidan studien viser teikn på at høgt inntak av svovelhaldige aminosyrer forstyrrar balansen i tarmbakteriane, kan funna bidra til å forklare kvifor mykje rødt kjøtt har vore knytt til dårlegare helse i tidlegare forsking. Men det trengs meir forsking for å bekrefte denne hypotesen.
Til saman kan funna danne eit viktig grunnlag for vidare forsking og bidra til meir målretta råd om kosthald og ernæring i framtida.

FAKTA:
Stine Sofie Strømland
- Har tidlegare studert: Bachelor og master i bioteknologi ved NMBU
- Kjem frå Ski
- Har no fullført doktorgraden ved NMBUs Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap
- Hovudrettleiar: Professor Siv Kjølsrud Bøhn (KBM, NMBU)
- Tittel på avhandlinga på norsk og engelsk:
- Jern og svovelholdige aminosyrer: påvirkning på tarmmikrobiota og helse
- Iron and sulfur amino acids: impacts on gut microbiota and health
Les om forskinga i media:
Les omtale av forskinga på nrk:
