Vi må lære å bygge byer på nytt

Sigurd Hoels vei i Oslo.
Sigurd Hoels vei i Oslo.Foto: Anja Standal

– I dagens fortettingspolitikk har vi mista viktig kunnskap om kompakt bybygging og korleis ein bygger relasjonen mellom bygning og gate, seier Anja Standal i ei ny PhD-avhandling frå Institutt for by- og regionutvikling .

Tidlegare var målet å spreie byane utover. No skal vi fortette dei. Det krev at både lovverk, planlegging og utvikling må endre seg.

– Vi må ikkje berre lære å bygge byar på nytt igjen, vi må også utvikle nye omgrep som kan bli brukt i plan- og byggeprosessar. Overgangen mellom bygningen og gata er noko vi må få eit betre grep om, seier PhD-kandidat Anja Standal.

Standal sitt doktorgradarbeide omhandlar dei små, tilsynelatande uviktige detaljane i det som vi oppfattar som urbant; på samanhengen mellom bygning og by, mellom private og offentlege rom og dei uløyselege relasjonane mellom bygningar og gater. Desse detaljane legg føresetnader for å skape ein levande og attraktiv kompakt by, i tråd med gjeldande politiske forventningar.

Fasaden høyrar like mykje til byen som til bygningen
Avhandlinga har studert ei rekkje eksempel på korleis ein byggjer bygning-gate-relasjonen, som byform, jus (plan og – bygningsloven) og gjennomføring. Gjennom ei visuell analyse av ei rekkje bileteksempel har Standal utvikla ein typologi og foreslått eit omgrep ‘Fasadeterskel’ som ei nemning på forholdet mellom bygning og gate til bruk i byplanlegging.

– Begrepet fasadeterskel inneheld både det å gå langs den fysiske grensa som definerer kva som er innandørs og kva som er utandørs, og moglegheitene for å bevege seg tvers gjennom denne. Fasaden og fasadeterskelen tilhøyrar byen like mye som til bygningen, har Standal tidlegare forklart til Forskning.no.

Dei fysiske detaljane i bygning-gate-relasjonen legg føresetnader for å skape ein levande og attraktiv kompakt by i tråd med gjeldande nasjonal arealpolitikk.
Dei fysiske detaljane i bygning-gate-relasjonen legg føresetnader for å skape ein levande og attraktiv kompakt by i tråd med gjeldande nasjonal arealpolitikk. Foto: Anja Standal

– Modernistiske ideal har spela ei avgjerande rolle innanfor norsk praksis, både som byform, lover og forskrifter, og at vi har mista viktig kunnskap om kompakt bybygging som resultat av dette. Det er ein sterk tendens til å byggje biletet av den kompakte byen framfor dei bymessige strukturane ein treng for å legge til rette for kompakte bykvalitetar. Resultatet av byggeprosjekta skapar ei byform som er introvert, med store utfordringar for samhandling mellom offentlege og private rom.

Den kompakte byen
Eit anna sentralt funn i avhandlinga er at plan- og bygningslova vert utvikla mykje seinare enn planpolitikken og er lite påverka av modernismekritikarane, noko som har ført til at dei meir detaljerte elementa – som fasadeterskler - har vorte redusert eller nærmast forsvunne frå planinstrumenta.

Ambisjonar om kompakt bykvalitet er i hovudsak skildra gjennom ynskje om visuelt uttrykk i reguleringsføresegnene, i forskrifter og plandokument, medan avhandlinga syner i staden at det er dei juridiske linjene saman med føresegnene som er dei definerande planverktøya for kompakt bybygging. I tillegg syner avhandlinga at det tekniske regelverket for bygg fungerer som eit ‘skjult’ plansystem der generelle reguleringar av detaljer og konstruksjonar av bygningar i forskrifta har direkte effekt på både planlegging og byform.

– I avhandlinga foreslår eg seks grep for å kunne påverke og vere med å løyse problemet med å byggje den kompakte byen. Eit av desse grepa handlar om å fremje ein mikromorfologisk kunnskapsbase som omfattar analytiske verktøy og metodar på mikro-meso-makro skala Eit anna grep er å implementere eit norsk omgrep for og typologi av bygning-gate relasjonen, definert gjennom ordet fasadeterskel, fortel Standal.

Andre grep er å redefinere planinstrument for reguleringsplanar og sette eit sterkare fokus på relasjon og form og ikkje berre arealbruk, å gjeninnføre byggelinja som eit fornya og redefinert verktøy for bybygging, samt å gjeninnføre tapt kunnskap i ei byteknisk forskrift. Til sist foreslår avhandlinga ein større kunnskapsbasert skjønnspraksis i byggekontrollprosessen.

[video:https://youtu.be/JU6FBOQ0h0c]
Videoen er laget av Forskning.no

Disputas finner sted på NMBU i Bikuben, auditorium Gullvepsen fredag 25. mars, og språket er engelsk.

10.15-11h Trial lecture: “Possibilities to define and regulate urban densification and transformation in accordance with the Norwegian planning and building act - illustrated through examples which highlight different aspects in and for this debate.”

12h Public defence: “The Building-Street Relationship - Investigating the Art of Compact City Building in Contemporary Norwegian Practice”

Veileder:
Elin Børrud, professor

Medveileder
Fredrik Holth, dosent

Publisert - Oppdatert

Del på