Å fremme eit læringsskifte i vitensenter gjennom å formidle kontroversar

Av Berit Hauger Lindstad

Gruppediskusjon
GruppediskusjonFoto: Merethe Frøyland

Ingrid Eikeland sin studie gjev eit detaljert innblikk i korleis vitensenter kan formidle kontroversar. Funna er basert på stemmen til ho sjølv som forskar, frå formidlarar i eit vitensenter og elevar som besøker vitensenteret. Funna gjev og innsikt i kor komplekst og krevjande det kan vera å designe eit kontrovers-basert skuleprogram

I denne studien har eg som forskar og fire vitensenterformidlarar laga eit skuleprogram om bakterieresistens. I skuleprogrammet skulle elevane diskutere og ta val knytte til handlingar som dei sjølv kan gjera for å unngå at bakterieresistens utviklar seg (t.d. ved å reise mindre eller å ete mindre kjøtt). Etter at elevane hadde tatt eit val, t.d. å reise mindre, fekk dei eit motargument for å illustrere at dagsaktuelle tema er komplekse, og ofte er det uklart kva som er ‘den beste løysinga’.

Temaet bakterieresistens vart vald då det kan bli sett på som eit kontroversielt tema. I denne studien vert kontroversielle tema definert som dagsaktuelle tema utan nokon klare svar, der det er mykje sprikande kunnskap, meiningar og involverte partar. Å formidle kontroversielle tema i vitensenteret representerer vidare eit etterspurt læringsskifte i desse sentra frå eit fokus på å formidle fakta og nøytrale realfaglege fenomen, til og å formidle dagsaktuelle tema som angår dei besøkande.

Denne studien set lys på både moglegheiter og utfordringar med å formidle kontroversar i vitensenter, både i designprosessen av skuleprogrammet og i sjølve formidlingssituasjonen med elevar.

I designprosessen mellom meg som forskar og formidlarane vart det identifisert fleire forhandlingsprosessar knytte til korleis me ville formidle eit kontrovers i vitensenteret. Til dømes var det særleg eit ynskje frå formidlarane om at elevane måtte bli kjenslemessig engasjerte av skuleprogrammet. Samstundes vart det uttrykt bekymring for at denne måten å arbeide på ville føre til negative opplevingar for elevane. Det var og diskusjonar knytte til korleis ein kunne støtte elevane i prosessen med å diskutere og ta val når ein kontrovers som bakterieresistens er så kompleks og fagleg krevjande. Rolla til realfaget i kontroversen måtte og bli forhandla.

Det endelege skuleprogrammet vart prøvd ut på to vidaregåande skuleklassar. Dataene frå denne studien viser at skuleprogrammet var designa på ein slik måte at alle elevane, uavhengig av forkunnskapar, kunne delta i prosessen med å diskutere og ta val knytte til eit komplekst tema som bakterieresistens. Dataene viser og at elevane tok ulike val knytte til korleis dei meinte at det var best å handtere bakterieresistensproblematikken. Dette funnet tyder på at skuleprogrammet var designa slik at elevane sin stemme var avgjerande i valprosessen. Det var og uheldige utbytte frå skuleprogrammet. Då elevane hadde tatt eit val og vart møtte med eit motargument, vart fleire av elevane redde og forvirra. Det virka som at dei ikkje var førebudde på at det ikkje var eit tydeleg rett eller galt svar på bakterieresistensproblematikken. Dette kan og indikere at elevane ikkje var van med å handtere kontroversar, og at heller ikkje skuleprogrammet førebudde dei på dette.

Forskingstilnærminga i denne studien er basert på co-design, ei forskingstilnærming som er praksisnær og der det er eit tett samarbeid mellom praksisfeltet og forskaren. I denne studien var det særleg eit lenger samarbeid mellom vitensenterformidlarar og meg som forskar. Avhandlinga gjev difor og innblikk i dynamikkar som oppstår når ulike aktørar skal samarbeide om å designe eit felles produkt, basert på ulike forkunnskapar og erfaringar. Til dømes var det ikkje lenger eg som forskar som var eksperten og den som styrte prosessen, dette var noko me utforska og skapte saman. Dette skapte forvirring i gruppa knytte til roller, ansvarsområde og utbytte av forskingsprosessen.

Ein takk til Inspiria som gjorde det mogleg å gjennomføre denne studien, og ein takk til Equinor (tidlegare Statoil) som har støtta prosjektet økonomisk.

Publisert - Oppdatert

Del på