Korleis kan ein førebyggje smittsam diaré blant norske storfe?

Av Tove Merete Husby

Bovint coronavirus hos kalv – virusutskilling, overføring og fullgenomsekvensering
Bovint coronavirus hos kalv – virusutskilling, overføring og fullgenomsekvenseringFoto: Ingrid Toftaker

Korleis kan ein førebyggje smittsam diaré blant norske storfe? Korleis spreier bovint coronavirus seg mellom besetningar og kva for tiltak vil vere effektive? Dette er spørsmål det blir svart på i doktorgradsarbeidet til Veslemøy Oma.

Sjølv om norsk storfe er fri for mange smittestoff som er vanlege i mange andre land, er det enkelte virus som skaper store tap også her til lands. Eit av dei er bovint coronavirus, som kvart år gir utbrot med diaré og hoste både hos kalvar og vaksne storfe. For å kome desse tapa til livs, har det vore behov for meir kunnskap om korleis viruset spreier seg og korleis ein betre kan avgrense smitta.

Oma gjennomførte eit smitteforsøk der kalvar vart smitta med bovint coronavirus. Der vart det funne at kalvane skilte ut mest virus medan dei hadde kliniske teikn, men at dei fortsette å skilje ut virus i meir enn fem veker etter smitte. Etter tre veker blei kalvane sett saman med ein ny gruppe kalvar for å undersøke om dei framleis var smittefarlege. Eksperimentet viste at sjølv om kalvane skilte ut virus i lang tid, var dei ikkje smittsame for andre kalvar etter tre veker. Dette har tyding for kor lang tid som bør gå før dyr kan seljast etter eit sjukdomsutbrot, og arbeidet har vore med å forme kva anbefalingar som blir gitt husdyrprodusentane.

I tillegg til kalvane, vart menneska som tok hand om kalvane undersøkte. Dei vart prøvetatt i nasen etter å ha vore i kontakt med dei sjuke kalvane. Utstyr som støvlar, frakkar, klokke og stetoskop vart det også tatt prøver frå. Dette blei gjort fordi ein lenge har lurt på om menneske kan overføre viruset mellom besetningar, og kva for tiltak som vil vere nødvendig for å hindre denne overføringa. Resultatet av undersøkingane viste at folk kunne ha viruset i nesa ein kort stund, men at virusa var lite smittefarlege og borte innan seks timar. På utstyr derimot vart det funne store mengder virus også etter 24 timar, og dyrking i cellekultur viste at virusa var smittefarlege. Dei same undersøkingane av menneske og utstyr vart gjort under eit smitteforsøk med bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) og resultata viste også her at smittefaren var større frå utstyr enn frå nesa til folk. Ein kan dermed konkludere med at det er mogleg å reise mellom besetningar utan å dra med seg smitte, dersom ein er svært nøye med handvask og skifte av klede og utstyr.

For å få klarheit i korleis bovint coronavirus spreier seg mellom besetningar kan ein bruke genetiske studiar av viruset for å sjå på slektskap mellom virus frå ulike utbrot. For å ta i bruk den nyaste genetiske teknologien på eit virus som bovint coronavirus, er det nødvendig å auke mengda virusarvestoff og til dette trengs det nye metodar. I doktorgradsarbeidet til Oma er to metodar for formeiring av virus-arvestoffet utprøvd og samanlikna, og den eine metoden viste seg svært lovande og vil bli brukt i vidare studiar av viruset.

Veslemøy Sunniva Oma disputerer 8. februar 2019 ved NMBU Veterinærhøgskolen med avhandlingen "Bovine coronavirus in calves – experimental studies on virus shedding, transmission and whole genome sequencing".

Publisert - Oppdatert

Del på