Støtte til innovativ undervising 2019

  • Prosjekt - Innovativ undervisning
    Foto
    Håkon Sparre

NMBU ønsker å byggja kompetanse og framja initiativ innan innovativ undervising. For fjerde året på rad er det delt ut støtte til prosjekt med mål om å utvikla undervisinga. Seks gode prosjekt er tildelte støtte. Utlysinga er eit ledd i satsinga på ypperleg forsking og utdanning.

Støtte til innovativ undervising 2019

 Utlysing 2019  

Tema for årets utlysing; digitalisering for læring. Det digitale samfunnet er eit eige innsatsområde i NMBUs strategi og eit område, der det er behov for å byggja kompetanse, prøva ut nye modellar og dela erfaringar. Tematiseringa av årets utlysing er eit ledd i dette arbeidet. 

Utlysinga i 2019 er på totalt 600 000 kroner. Alle fagmiljø ved NMBU vart inviterte til å søkja. Frist for å søkja middel var 13. mai. Vurderingskomiteen hadde møtet sitt 3. juni. 

Følgjande prosjekt er tildelte støtte:

Elin Børrud

Dugnad for digital innovasjon (blog-stafett om hvordan vi skal integrere digitale verktøy i undervisningen)

LANDSAM

Ronny Steen

Bruk av digitale 3D-modeller og virtuell virkelighet (VR) for å redegjøre for sammenhengen mellom bygning og levesett for norske sjøpattedyr

MINA

John Debenham

iKlinikk – spillbasert læring i veterinærfag

VET

Gunnhild Riise og Thomas Rorlack

“Årungen online” – etablering av et utelaboratorium for realitetsnær undervisning i limnologi

MINA

Oliver Tomic, Yngve Maral Moe og Hans Ekkehard Plesser

Aktiv-læringbasert undervisning i programmering ved NMBU

REALTEK

Hilde Vinje

Utvikling av tverrfaglig undervisningssamarbeid mellom statistikk og mikrobiologi

KBM

Ta gjerne kontakt med Læringssenteret ved Mike Moulton for mer informasjon om ordninga.  

Om støtteordninga

Målsettinga med støtteordninga er å prøva ut undervisings- og/eller vurderingsformer som kan auka læringsutbyttet til studentane og gjennomføringsgrad. Prosjekta skal utformast på ein måte, som gir nytteverdi på tvers av program/fakultet.

Kriterier for vurdering av søknadane:

  • Relevans: Korleis svarer prosjektet på målsetjinga om å auka læringsutbyttet åt studentane og gjennomføringsgrad?
  • Forankring: Korleis er prosjektet forankra i fakultetets eigne strategiar og mål på utdanningsområdet?
  • Realisme: Er prosjektet gjennomførbart med ressursane, tidsramma og støtteapparatet som er til rådvelde?
  • Evaluering, deling og samarbeid: Evaluering, deling og samarbeid: Kva er planane for deling/formidling av kunnskapar, erfaringar og resultat frå prosjektet? Korleis kan prosjektet ha nytteverdi for andre miljø ved NMBU?

Støtteordinga har ei ramme på totalt 2,3 mill. kroner, fordelt over 4 år (2016-2019). Det skal vera årvisse utlysingar av støtte i denne perioden. Utlysingane skjer på våren. Det vert gjeve støtte åt inntil 5 prosjekt ved kvar utlysing.

Det vert stilt krav om eigeninnsats frå dei aktuelle fakulteta, på svarande til storleiken den enkelte tildeling.

Søknadsskjema skal benyttast. Eventuelle vedlegg blir ikkje tekne med i vurderinga. 

Vurderingskomiteen består av prorektor, tri vitskaplege tilsette (undervisingsleiarar), leiar for Læringssenteret og to studentar. 

Læringssenteret held eit felles oppstartsseminar og følgjer opp prosjekta undervegs i arbeidet. 

Utlysing 2018

Utlysinga i 2018 hadde eit tema; utvikling av vurderingsformer. Dette er eit område, der det er behov for å byggja kompetanse, prøva ut nye modellar og dela erfaringar. Tematiseringa av årets utlysing er eit ledd i dette arbeidet. 

Tematiseringa av utlysinga innebar at prosjekt som tek for seg utvikling av vurderingsformer vart prioriterte i vurderinga for støtte. 

Utlysinga i 2018 var på totalt 600 000 kroner, som skulle delast på inntil 5 prosjekt. Alle fagmiljø med NMBU vart inviterte til å søkja. 

Frist for å søkja om støtte var måndag 30. april. Det kom inn 11 søknader innan fristen. Komitéen vurderte søknadane i eit møte 23. mai. 

Følgjande prosjekt vart tildelte støtte:

Søkjars namn

Prosjektets navn

Fakultetstilhørigheit

Ann Kristin Egeli

Utvikling
av OSCE (Objektivt strukturert klinisk eksamen)
VET

Elin Børrud

PBL
– læringsutbytte i tverrfaglig problembaserte undervisningsopplegg (Fra
erfaring til kunnskap om hva som virker)

LANDSAM

Elin Kubberud

«3Mer
modellen» - peer mentoring i formativ vurdering ved NMBU

HH

Ronny Steen

Læringsstøttende
vurdering – med bruk av digital teknologi

MINA

Siri Fjellheim

Samarbeidslæring
og hverandreevaluering i kurs med mange studenter

BIOVIT

 

Om utlysinga 2017

Utlysinga våren 2017 var på totalt 600 000 kroner, som skulle delast på inntil 5 prosjekt. Alle fagmiljøa ved NMBU vart inviterte til å søkja. Frist for å søkja om middel var 28. april. 

Det kom inn 13 søknadar, noko som er meir enn ei dobling samanlikna med 2016. Vurderingskomitéen hadde møtet sitt 5. mai og offentleggjeringa av tildelinga fann stad ved NMBUs Læringsfestival 1. juni. 

Følgjande prosjekt vart tildelte støtte:

Søkjars namn

Prosjektets navn

Fakultets-tilhørigheit

Nicolai Worren

Utvikling av simulering for   undervisning i organisasjon og ledelse

HH

Anne Gravdal, Morten Sørlie   og Yngve Stenstrøm

Flipped lab i kombinasjon   med blended learning - digital simulering av kjemiske reaksjoner og metoder

KBM

Solve Sæbø

Omvendt klasserom i   storskala statistikkurs

KBM

Ronny Steen

Bruk av digitale verktøy og   metoder for å bidra til aktiv læring - alt under ett tak ved bruk av   læringsplattformen canvas

MINA

Anne Torgersen

Økt læringsutbytte i   kompliserte ferdigheter og pedagogisk kompetanseheving i   studenttilbakemeldinger hos undervisere

VET

 Om utlysinga i 2016

Det var seks søkjarar, og samtlege vart tildelt støtte.

Følgjande prosjekt vart tildelt midlar:

Søkjars navn

Prosjektets navn

Fakultets-tilhørigheit

John McNeish

Digital Storytelling as a Tool to Explore the Relationship Between Energy and Society

Noragric

Odd Ivar Lekang

Project Based Learning – Hvordan fremme undervisningsbasert innovasjon gjennom et engasjert tverrfaglige studentmiljø

IMT

Trine L’Abee-Lund

Ny og tidsmessig smittevernopplæring i laboratoriet

MatInf

 Nils Sanne

Videogenerert egenundervisning – sharing and learning

HH

Roland Kallenborn

From empirical research to scientific writing and publishing in natural sciences

IKBM

Ekaterina Avershina Translation in action: virtual interactive learning IKBM

 

Published 7. mars 2016 - 9:54 - Updated 7. juli 2020 - 9:13