Universitetsskoleprosjektet på studietur til Globala Gymnasiet i Stockholm

  • Heile gjengen samla på Globala Gymnasiet
    Foto
    Ingrid Eikeland

Utdanning for bærekraftig utvikling på agendaen: Representantar frå Universitetsskoleprosjektet på tur til Stockholm for å besøke Globala Gymnasiet.

Universitetsskoleprosjektet på studietur til Globala Gymnasiet i Stockholm

Frå torsdag 25. til fredag 26. april reiste ei gruppe på 36 stykk på tur til Stockholm for å besøke Globala Gymnasiet. Globala Gymnasiet er ein offentlig vidaregåande skule som sidan 2004 har hatt eit overordna fokus på utdanning for bærekraftig utvikling. Globala Gymnasiet er difor eit døme på korleis ein framtidig skule kan vera. Skulen arbeider aktivt for å påverke, forstå og lære meir om korleis verda kan bli forandra og forbetra ved å jobbe tverrfaglig med lokale og globale utfordringar.

Med på turen var representantar frå universitetsskulane Ås VGS, Ski VGS, Frogn VGS og Hvam VGS. Her var det både lærar, avdelingsleiarar, rektor og andre administrative med. I tillegg deltok forskarar og ansatte frå lærarutdanninga på NMBU, ein representant frå Akershus Fylkeskommune som skuleeigar, og andre representantar frå Utdanningsforbundet, RORG-samarbeidet, Den Naturlige Skolesekken og Sjøvegan VGS.

Det var med andre ord ei gruppe frå mange forskjellige institusjonar som var med på tur, der fokuset var å lære meir om utdanning for bærekraftig utvikling.

Me vart varmt tatt i mot på Globala Gymnasiet. Gjennom dei to dagane var rektor og fleire lærarar tilgjengelige for å fortelje om skulen, å svare på spørsmål og å vise oss rundt på skulen. Nokon deltakarar på turen observerte og undervisninga. Det vart ein inspirerande tur der me fekk med oss mange nye idear me tek med oss tilbake i eige arbeid.

Turen vart arrangert og initiert av koordinatorane i Universitetsskoleprosjektet.

Rektor og andre lærarar var tilgjengelig under heile besøket, reisefølget hadde mange spørsmål

Foto
Ingrid Eikeland

Omvising rundt skulen, på overflata likna Globala Gymnasiet på ein kva som helst skule

Foto
Ingrid Eikeland

Inne på skulen måtte me ta av oss på beina, noko elevane hadde bestemt. Tiltaket skulle redusere behovet for å reingjera og redusere bruken av reingjeringsmidlar på skulen

Foto
Ingrid Eikeland

Published 3. mai 2019 - 17:42 - Updated 27. mars 2020 - 10:09