Ole Sandven: Fiskeøkolog og snorklar

Ole Rugeldal Sandven - Yrkeseksempel - Master i Naturforvaltning - fiskekolog ved Unifob i Bergen.
Ole Rugeldal Sandven - Yrkeseksempel - Master i Naturforvaltning - fiskekolog ved Unifob i Bergen. 

Kan du fortelje litt om din noverande jobb?
Eg jobbar no ved Universitetsforskningen i Bergen (Unifob AS), som fagkonsulent innan fiskeøkologi (anadrom laksefisk). Her er eg svært mykje i felt, særleg om hausten. Då går det helst i elfiske og gytefiskteljing via snorkling. Når veret ikkje tillet feltarbeid, blir det ein del labarbeid og rapportskriving. Det var dette eg håpa å kunne få arbeida med då eg starta på utdanninga mi, og eg trives svært bra.

Korfor valte du å studere på UMB?
Eg valde å studere på UMB fordi eg var godt over middels interessert i naturen. I tillegg ville eg ha ei brei utdanning utan for sterk detaljspesialisering.

Kva nytte har du hatt av utdanninga du tok ved UMB?
Mastergradsoppgåva sette meg i kontakt med min noverande arbeidsgivar. I tillegg har eg fått ei brei plattform med kompetanse til å ta rekke ulike jobbar i både offentleg og privat sektor.

Er det fag du har hatt spesielt nytte av?
GIS og hovudkurset i ferskvassfisk.

Har du fått et inntrykk av arbeidsgjevars forhold til kandidatar frå Ås?
I min førre jobb hadde eg eit inntrykk av at arbeidsgivar hadde eit særs godt forhold til Ås-kandidatar. Dei gjekk spesifikt til faglærar på Ås for å finne aktuelle nyutdanna kandidatar. Eg har ikkje fått noko spesielt inntrykk frå min noverande arbeidsgivar.

Råd til kommande studentar?
Tenk gjennom kva du har lyst til å arbeide med etter utdanninga og vel fag deretter. Det er viktig å vere konsekvent i fagvalet slik at du ikkje får ein alt for sprikande utdanning (det er jo ein stor valfridom i dette studiet!).

Published 24. juli 2014 - 11:20 - Updated 6. juli 2017 - 14:20