Alf Erik Røyrvik: Utmarkskonsulent i Sogn og Fjordane

Alf Erik Røyrvik (28) har en mastergrad i naturforvaltning. Han jobber som utmarkskonsulent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Alf Erik Ryrvik, Master i naturforvaltning 2009.Alf Erik Ryrvik, Master i naturforvaltning 2009. Photo:

Kan du fortelle litt om din nåværende jobb? 
Jobben min er veldig fleksibel og variert. Stillinga mi er utmarkskonsulent og først og fremst jobbar eg med rådgjeving og konsulentarbeid innan utmarksforvalting. Dei viktigaste arbeidsområda her på Vestlandet er hjorteforvalting og forvalting av laks, aure og røye. I tillegg blir det ein del arbeid med småvilt, rovdyr og andre hjortedyr. Som den einaste på utmarksavdelinga kan eg i stor grad styre aktiviteten og satsningsområda sjølv, slik at eg kan utnytte kompetansen min og interressene mine best mogleg.  Skogeigarlaget i Sogn og Fjordane er eit lite skogeigarlag, og vi er få tilsette. Vi må derfor hjelpe til der det trengs. Eg jobbar derfor med både reiseliv, tømmeromsetning, naturvern og administrative oppgåver i tillegg til å jobbe med utmark. Dette gjer arbeidet veldig variert og spanande, og eg får til stadigheit nye utfordringar å bryne meg på.

Hvorfor valgte du å studere på UMB? 
På vidaregåande gjekk eg på naturbrukslinje og tok løpet med naturforvalting som gav studiekompetanse. Eg var veldig interessert i vilt og viltforvalting og planen var å utdanne meg innan dette. Den planen har eg holdt meg til. I følgje ein kamerat som og studerte naturforvalting, vart det på dåverande NLH at dei hadde det fagleg beste tilbodet. I tillegg fekk eg til stadigheit høyre positive ting om Ås og at Ås-kandidatar var ettertrakta i jobbmarknaden. Då var ikkje valet vanskeleg.

Hvilken nytte har du hatt av utdanningen du tok ved UMB? 
Fekk jo jobben på grunn av utdanninga. Eg hadde rett og slett ikkje hatt nubbsjans å gjere den jobben eg gjer no utan den utdanninga eg har teke ved UMB. Eg vil påstå at eg brukar kunnskap eg har tileigna meg gjennom UMB-studiane so godt som kvar dag.   

Råd til kommende studenter?
Eg vil kome med to råd til kommande studentar: 
- Sats på breidde i utdanninga. Dersom du ser for seg ein jobb innan forvalting trur eg det er ein kjempefordel å ha ei brei og variert utdanning. Ta kurs innan ulike studieretningar og faggrupper.  
- Engasjer deg. Engasjement ved sida av studiane, for eksempel i studentpolitikk, studentsamfunnet eller i lag og foreingar, har mange positive ”bieffektar”. Det er veldig sosialt og moro, det ser bra ut på CV’en, og det er veldig lærerikt. I tillegg bygger ein seg opp eit tverrfagleg nettverk. Ved å engasjere seg på sida av studiane, so får ein på ein måte to utdanningar i staden for ei. Nemnte eg at det er veldig moro?  

Publisert - Oppdatert

Del på