Åshild Myhre Amundsen: Næringssjef i Lom

Friluftsglade Åshild Myhre Amundsen søkte seg til den toårige masteren i naturbasert reiseliv for å lære mer om naturbaserte aktiviteter. Nå er hun næringssjef i Lom kommune.

Kan du fortelle litt om jobben din?
Eg starta opp som vikar for næringssjefen i Lom kommune i mai 2012, og fekk fast stilling hausten 2013. Eg har hatt ei delt stilling, der 60 % har vore næringssjef og 40 % har vore som prosjektleiar for Lom nasjonalparklandsby (Norges nasjonalparklandsbyar er eitt av prosjekta gjennom «Naturarven som verdiskaper»). Jobben min er veldig variabel, spesielt sidan eg har kombinert to stillingar. Som næringssjef driv eg mellom anna med rådgjeving, saksbehandling frå næringsfondet, arrangerer kurs/møter/kvelder for næringslivet, dreg på bedriftsbesøk og profilerer Lom i forskjellege samanhengar.
Som prosjektleiar for Lom nasjonalparklandsby har eg jobba med fotturkart, skilting, naturstig, Innovasjon Norge kurs, vertskapskurs, strategiarbeid, infrastrukturtiltak og marknadsføring.

shild Myhre Amundsen fikk seg jobb som nringssjef i Lom kommune. Hun anbefaler  ske jobb utenfor de store byene.

Kvifor valgde du å studera på UMB?
Eg tok ein bachelorgrad i reiseliv på Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal), men hadde alltid planer om å fortsette på ein master. Eg har alltid vore glad i friluftsliv og naturbaserte aktivitetar, og dermed var det mastergradprogrammet på Ås som falt mest i smak. UMB har eit godt rykte på seg, og det var ingen andre masterprogram knytt til reiseliv som freista like mykje.

I tillegg visste eg at UMB hadde ei avtale med Lincoln University i New Zealand, der eg ville ta eit semester.

Kva for nytte har du hatt av utdanninga di?
Utdanninga på UMB har utan tvil vore viktig av fleire grunner. For det fyrste hadde eg mange oppegåande folk i klassa med ulik bakgrunn. Vi hadde eit god miljø, både fageleg og sosialt. UMB satte høgare krav til meg enn det eg var vant med frå bachelornivå. Dette gjorde meg meir strukturert og engasjert. Sjølvsagt er fagkombinasjonen viktig, og eg kunne nok ynskje at det var fleire spesialiserte fag knytt til reiseliv i løpet av studiet. Her fekk eg veldig utbytte av å ta eit semester i New Zealand.

Den viktigaste kunnskapen eg tek med meg frå mastergraden er nok evnen til å lære nye ting. Det vil ein alltid få bruk for.  

Har du nokon råd til kommande studentar?
Ikkje ver redd for å ta utfordringar litt utanfor komfortsonen. Vi har ei utdanning med bredde – bruk den!
Vær villig til å reise litt utanfor dei store byene når du søker jobb. Du kan ofte få god arbeidserfaring i små kommunar, fordi spekteret av arbeidsoppgåver er så breitt.

shild (i midten) trives i Lom kommune. Her sammen med to tidligere masterstudenter fra naturbasert reiseliv.shild (i midten) trives i Lom kommune. Her sammen med to tidligere masterstudenter fra naturbasert reiseliv. Photo: Leif verland

Publisert - Oppdatert

Del på