Peter Andresen: Utmarksforvalter i Sogn og Fjordane

Peter fra Danmark søkte seg til masterprogrammet i naturbasert reiseliv etter at han hadde studert til skog- og landskapsingeniør i København. Nå jobber han som utmarksforvalter i den lille og naturskjønne kommunen Gloppen i Sogn og Fjordane.

Kan du fortelle litt om jobben din?
Eg jobbar som utmarksforvaltar på landbrukskontoret Gloppen kommune. Jobben er veldig variert, så eg kan ikkje si at det finns ein typisk dag. Noko av det eg jobbar med er forskjellege skogbruksaker, bygging av skogsbilvegar, motorferdsel i utmark, viltforvaltning, næringsutvikling i landskapsverneområde og litt reiseliv. Kort og godt alt som har med utmark å gjere. Brorparten av tida bruker eg på kontoret, men ein gong eller to i veka blir det óg tid til ein tur i felten. Da det er det ofte synfaringar eller forskjellige rapporteringar eller kontrollar som er på programmet. Eg jobbar saman med fire dugande kollegaer på landbrukskontoret i eit bra team. Vi hjelper kvarandre når det trengs, så forutan utmarksforvaltning blir eg óg ein sjeldan gong utfordra med litt landbrukssaker.

Peter jobber som utmarksforvalter i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Det blir en del kontorarbeid, men han fr ogs mulighet til  jobbe i felt hver uke.Peter jobber som utmarksforvalter i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Det blir en del kontorarbeid, men han får også mulighet til jobbe i felt hver uke.

Hvorfor valgte du å studere på UMB?
Eg valde å studere på UMB fordi dei tilbaud nettopp den utdanninga eg ville ha. Eg har tidlegare tatt eit årsstudie i friluftsliftsliv i Alta og har studert til Skog- og landskapsingeniør på Københavns universitet, men eg ønsket å fordjupe meg innan naturforvaltning og rekreativ bruk av natur. Eg kikket på mange universiteter og utdanningar i heile Skandinavia, men UMB hadde det tilbod som passet best på det eg ville. UMB var heilt ukjent for meg innan eg falt over studiet på nettet. Men eg har ikkje angra på valet. Både det sosiale og faglige er heilt i topp.

Hvilken nytte har du hatt av utdanningen du tok ved UMB? 
Kort fortald var det utdanningen innan naturbasert reiseliv som gav mig jobben som utmarksforvaltar, til trass for at eg i det daglege primært bruker min utdanning som skog- og landskapsingeniør. I dei mindre kommunane er det nok ein fordel om ein har ein brei kompetanse og kan sitte med ved bordet i forskjellege samanhengar. I Gloppen kommune er der en spirande interesse for naturbasert reiseliv og difor så kommunen det som ein stort fordel å få tilsett ein med kjennskap til det feltet. I det daglege bruker eg kanskje mest faga eg har hatt innan jus og viltforvaltning. Ein gong i blant dreier sakene seg om næringsutvikling i Naustdal-Gjengedal landskapsverneområde og da kjem reis-faga til stor nytte.

Peter i felt.Peter i felt. Photo: Privat

Har du noen råd til kommende studenter?
Vel fag som du syntes er interessante. Du veit uansett ikkje eksakt kva fag du får bruk når du er ferdig og då er det betre å velje fag som ein finn spennande – då går det som regel og betre på eksamen. Og så trur eg at det er ein fordel med litt breidde og variasjon i utdanninga når ein eingong skal søkje jobb.

Ta og gjerne kontakt med tidligare studentar når du skal skrive masteroppgåve. Det er ein bra måte å danne seg eit nettverk på og så er det morosamare og meir motiverande å skrive ein oppgåve som ikkje berre hamnar i ei skrivebordsskuffe når den har blitt levert.

Publisert - Oppdatert

Del på