Fire unge forskarar frå KBM til talentutviklingsprogram

Av Tonje Lindrup Robertsen

Forskertalenter fra KBM; Davide Porcellato, Live Heldal Hagen, Magnus Øverlie Arntzen og Ove Øyås.
Forskertalenter fra KBM; Davide Porcellato, Live Heldal Hagen, Magnus Øverlie Arntzen og Ove Øyås.Foto: NMBU

Gjennom talentutviklingsprogrammet Forskertalent for berekraft, skal NMBU satsa på unge talent med potensial, vilje og ønske om å utvikla seg som forskarar, rettleiarar og innovatørar. I år er fire KBM-forskarar plukka ut for å delta. 

– Store gratulasjonar til forskartalenta for berekraft! sier KBM-dekan Ågot Aakra 

– Talentutviklingsprogrammet er eit tydeleg teikn på at NMBU prioriterer karriere for forskarar. KBM har mange og svært dyktige yngre forskarar som er svært konkurransedyktige og attraktive. Eg er svært glad for at Live, Davide, Ove og Magnus nå får sjansen til å vera del av NMBUs talentutviklingsprogram, og ønsker dei lykke til med deltagelsensier Aakra. 

Dei som er valt ut til talentutviklingsprogrammet frå KBM, er: 

Viktig karriereutvikling for yngre forskarar 

«Forskartalent for berekraft» er eit toårig program for vitskapleg tilsette ved NMBU. Programmet skal gi deltakarane auka moglegheiter til å utvikla seg som forskarar, rettleiarar og innovatørar, og bygga kompetanse slik at dei stiller sterkare i konkurransen om finansiering frå toppforskingsprogram i m.a. EU og Forskningsrådet.   

For perioden 2021/2022, er 21 nye deltakarar valt ut til å delta i talentutviklingsprogrammet. Det var 45 søkarar totalt.   

– Talentsatsinga ved NMBU er eit glimrande tiltak for å gi fire av ‘våre’ saman med ei rad andre forskarar ved NMBU gode sjansar til å utvikla sin kompetanse på tema og område som det elles er vanskeleg å prioritera tid til. Å bli betre kjent med andre yngre forskarar ved NMBU, å ha ein dedikert mentor og ikkje minst å ha tid og midlar til eigenutvikling, er viktige element i talentutviklingsprogrammet. Dette er typiske ‘salderingspostar’ i ein travel og ambisiøs forskarkvardag: Gjennom talentutviklingsprogrammet får deltakarane sjansen til å løfta viktige, men gjerne mindre prioriterte sider av forskarlivet høgare opp på prioriteringslista. Eg trur dette er ei svært god investering for talenta sjølve og for NMBU, seier Aakra.   

– Eg vil også nemna at KBMs styre i år vil auka merksemda på karriereutvikling for forskarar. Styret begynte diskusjonen om dette i førre styremøte, ein diskusjon som vil halda fram i neste styremøte, understrekar ho.  

Publisert - Oppdatert

Del på