Kronikk: Sjefane tjener når staten taper

.
.Foto: Shutterstock

Når multinasjonale selskap unngår skatt i Norge, får dei ansatte ein del av kaka. Men de som allereie har høg lønn, tjener aller mest på skatteparadisaktiviteten, skriv Annette Alstadsæter.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv fredag 4. mars skriv Skatteforsk-leiar Annette Alstadsæter om samanhengen mellom profit shifting og lønningar i selskapa.

Det er ikkje lengre tvil om at ein del multinasjonale selskap reduserer skatten sin i Norge og andre land ved å flytte overskudd til skatteparadis, og nyare forsking anslår at den årlege summen som flyttast ut er tilnærma tusen milliardar dollar. Kva skjer med dei sparte skatteutgiftene?

Alstadsæter skriv om rykande fersk forsking der ho saman med Julie Bjørkheim, Johannes Scheuerer og Ron Davies viser at noko av dei sparte skattane faktisk går til dei norske ansatte, via høgare løner. Når dei samanliknar løna til ansatte i selskap som er linka til skatteparadis med dei som ikkje er det, finn dei at det særleg er ansatte med høg kompetanse (leiarar og yrker som krever universitetsutdanning) som har høgare løn. Den som tjener aller mest er administrerende direktør, som sit at med ti prosent høgare løn, ei lønspremie som aleine tilsvarer over 40 % av medianløna.

Basert på estimatet deira kan ein anslå at norske ansatte tjente 450 millionar kroner ekstra i løn i 2018 som følgje av skatteparadisaktiviteten til arbeidsgjevarane, noko som kan gje 273 millionar kroner ekstra i skatteinntekter til staten. Desse tala bleiknar samanlikna med alle pengane som blir flytta ut av Norge av dei multinasjonale selskapa, som utgjer nærare ti milliardar kroner i skattetap.

Les heile kronikken her.

Kronikken er basert på eit nytt working paper «Pennies from Haven: Wages and Profit Shifting» av Annette Alstadsæter, Julie Brun Bjørkheim, Ron Davies, og Johannes Scheuerer.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på