Kronikk: Forby skalselskap

Selskap utan reell aktivitet bør ikkje behandlast som eigne juridiske personar og bør for alle praktiske formål forbys, skriv Annette Alstadsæter.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv 3. januar, skriv Skatteforsk-leiar Annette Alstadsæter om korleis bruken av «juridiske personar» og skalselskap brukast for å tilsløre eigerskap og unndra skatt.

For skatteformål blir ein fysisk person og ein juridisk person stort sett behandla på same linje, som egne «skattepersonar», som skal sende inn skattemeldingar og blir likna deretter. Men juridiske personar, definert i Store Norske Leksikon som «rettssubjekt som ikke er en fysisk person, men en stat, kommune, fylkeskommune, selskap, institusjon, stiftelse, forening eller lignende», er noko heilt anna.  

Der ein person er stort sett den same heile livet, kan eit selskap splittast opp i utallige juridiske personar og mellomliggande selskap, slik at Skatteetaten og andre med kontrollbehov ikkje klarer gjennomskode eigarforhold og transaksjonar utan å legge ned store ressursar. Dette kan utnyttast bevisst av aktørar til å tilsløre, hindre informasjonsflyt og vanskeleggjere kontroll.

Med tiltak som i utgangspunktet var meint som forenklinger og støtte til entreprenørskap, som fjerning av revisorplikt for mindre aksjeselskap og redusert krav til eigenkapital, har norske myndigheter dei siste åra gjort det lettare å bruke selskap slik. Dermed flyttast kontrollkostnad fra selskap til Skatteetaten og mangelen på gjennomsiktighet blir enda større dersom ein koplar inn utlandet, med internasjonale selskap og transaksjonar.

Eit skalselskap er eit selskap utan særleg kapital eller aktivitet, og brukast ifølge definisjonen i Store Norske Leksikon blant anna «i skatteparadis til hemmelighold, legitim skatteplanlegging og til illegitime formål slik som skatteunndragelser». Dette er også blitt bekrefta gjennom avsløringar som Pandora Papers.

Økonomisk kriminalitet og aggressiv skatteplanlegging blir ikkje borte nesten uansett kva vi gjer. Men vi kan fjerne verktøy som forenklar slik aktivitet for aktørane og som hindrar innsyn og kontroll. 

Skalselskap bør ikkje lengre ha privilegiet til å bli sett på som eigne juridiske personar. Det vil gjere det vanskelegare å gøyme seg bak selskapsforma for å hindre informasjonsflyt og skjule kriminell aktivitet i kompliserte selskapsstrukturar, skriv Alstadsæter avsluttingsvis. 

Les heile kronikken her.

Interessert i skatteparadis? Du finn Skatteforsks temaside om skatteparadis her.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på