Kronikk i DN: Fare for større sosiale forskjellar

NAV
NAVFoto: Shutterstock

Koronakrisa kan auke forskjellane mellom dei som har og dei som ikkje har jobb og kan ha varige negative konsekvensar for barn og unge, skriv Annette Alstadsæter.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv 9.juni skriv professor Annette Alstadsæter om korleis koronakrisa trefte hardt, men ulikt. Ny forsking viser at det er store sosiale forskjellar i kven som mista jobben i krisens første fire veker.

Sjansen for å miste jobben var mindre for dei med høgare utdanning og høgare inntekt. Vi ser også ein klar samanheng med sosial bakgrunn; det var mindre sjanse for å miste jobben for dei som har foreldre med høgare inntekt. Unge, innvandrarar og personar med yngre barn mista også i større grad jobben.

Da det i større grad var låginntektsfamiliar som blei permitterte i krisens første fase kan også forsinka utbetalingar av dagpengar frå NAV ha ekstra store og potensielt langvarige negative konsekvensar for desse familiane.

Håpet er at Norges vide velferdsstat og sikkerheitsnett vil redusere dei negative effektane ved arbeidsløyse.

Faren er at fleire vil falle varig utanfor arbeidsmarknaden, noko som kan føre til større sosiale forskjellar som også smittar over til neste generasjon.

Les heile kronikken her.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på