Skatteparadis angår oss alle

Av Annette Alstadsæter

.
.Foto: shutterstock_280853480

Her er ni grunnar til at nye tiltak trengst. For sjølv om skatteparadisas usynlighetskapper er et globalt problem, truar dei norsk velferd òg.

Sjølv om konsekvensane for den enkelte nok er mykje større enn av bompengar, vekker skatteparadis lite engasjement hos folk flest.

Det kan ha noko med synligheten å gjere. Vi vi blir minna om bompengane kvar gong vi passerer ein bom, medan vi bare les om skatteparadis i avisene, og der verkar problema fjerne og for store til å ta tak i. Då er det lett å tenke at dette må politikarane gjere noko med.

Men store delar av maktapparatet viser til at dette må fiksast via internasjonalt samarbeid og koordinering. Problemet er at løysingane ein til nå har kome fram til er konsensusbaserte, frivillige og ikkje biter.

Mange land har innført eigne tiltak for å redusere overskuddsflytting medan ein ventar på internasjonale løysingar. Det kan Norge også gjere.

I den nye boka «Rødt lys» presenterer Marianne Marthinsen og Maria Walberg ein meny av moglege norske tiltak. Nokre av desse var også foreslått av Scheel-utvalet tilbake i 2014, utan at noko har skjedd. Nylig var det det stortingshøyring over eit representantforslag om fleire norske tiltak, men det har fått lite oppmerksomhet.

Men korleis har aktivitet via skatteparadis konsekvensar for oss?

Lista er lang. Selskap og personars bruk av skatteparadisas tenester til lovleg og ulovleg skattetilpassing og skjuling av eigedelar, transaksjonar og eigarskap fører til:

  • Reduserte skatteinntekter. Ny forsking frå økonomane Thomas Tørsløv, Ludvig Wier og Gabriel Zucman anslår at Norge årleg taper 14 milliardar kroner i skatteinntekter på multinasjonale selskaps skattetilpassing. I tillegg kjem selskaps og personars skatteunndragelse. Forskinga mi saman med Niels Johannesen og Gabriel Zucman finn at dei rikaste skandinavane unndrar 25% av den personskatten dei skulle ha betalt, stort sett gjennom skjulte finansformuer og inntekter i utlandet.

  • Konkurransevriding. Selskap som følger reglane og betaler skatt taper i konkurransen mot selskap som ved kreativ skatteplanlegging reduserer skattebyrden og kan tilby varer og tenester til lågare pris.

  • Hemma utvikling. Forsking viser at utviklingsland er særs utsette for multinasjonale selskaps overskuddsflytting, noko som gjer det vanskelegare å generere skatteinntekter for sjølv kunne finansiere offentlege tenester og utvikling.

  • Miljøkriminalitet. Investeringar i miljøskadeleg verksemd blir ofte gjort via skatteparadis, slik at dei ikkje utan vidare kan knyttast til den faktiske eigaren. Ny svensk forsking viser at dette gjeld ein stor andel av kapitalen til produksjon av kjøt og soya i Brasil, som er direkte linka til avskoging. Science Magazine dokumenterer at stiftelsar som gjev store summar til forsking på bærekraft, helse og miljøvern samtidig får store inntekter frå investeringar i miljøskadeleg verksemd via skatteparadis.

  • Truga demokrati. Skatteparadisa forenklar korrupsjon og kvitvasking og leverer banktenester til kriminelle nettverk, terrorfinansiering, og lyssky transaksjonar. Vi kan ikkje vite om politikarar og byråkratar har eigne interesser i selskap som får store offentlege kontraktar dersom reelt eigarskap er skjult via holdingselskap og skatteparadis. Dette kan føre til auka korrupsjon og sløsing av fellesskapets ressursar.

  • Auka ulikhet. Forsking viser at det er dei rikaste som i størst grad gøymer pengar i skatteparadis. Det er også dei rikaste som i større grad eig aksjar og tener på multinasjonale selskaps skattetilpassing, noko som gjer at dei blir enda rikare og til at ulikheten aukar.

  • Misvisande statistikk. Overskuddsflytting og skjulte formuer gjer at offisielle statistikkar som er viktige i politikkutforminga ikkje viser heile bildet. Til dømes aukar formuesandelen til Norges rikaste med ein tredel når ein inkluderer skjulte utlandsformuer.

  • Redusert skattemoral. Når folk flest ser at rike personar og store selskap ikkje betaler den skatten dei skal, truar dette legitimiteten til skattesystemet. Det kan føre til dårlegare skattemoral, meir unndragelse og meir svart arbeid. Forsking viser at haldningar og skattetilpassing smittar.

  • Endra fordeling av skattebyrden. Dersom nokon betaler mindre, må resten av oss betale meir for å dekke rekninga. I ei verd utan skatteunndragelse og utnytting av regelverket ville ein kunne senke skattesatsane for alle.

Eit viktig skritt for å fjerne dei uheldige konsekvensane av skatteparadis er å konfiskere usynlighetskappa som skatteparadisa tilbyr.

Meir engasjement og press må til for å få til varige løysingar. Folks indignasjon kan nå langt i politikken. Sjå bare på bompengeopprøret.

Fakta

Denne teksten blei først publisert som kommentar av Skatteforsk's professor Annette Alstadsæter i DN mandag 1. oktober, 2019.

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på