Studentar lar seg ikkje dulte

Av Annette Alstadsæter

Prokrastinering.
Prokrastinering.Foto: Shutterstock

Billeg digital dulting kan ikkje erstatte personleg oppfølging, som universiteta ikkje har ressursar til å gi alle studentane.

I desse dagar er det studiestart for tusenvis av ferske og spente studentar.   

Norske studentar bruker mindre tid per veke på studiane enn gjennomsnittet i EU. Samtidig viser forsking at studentar gjennomgåande planlegg å jobbe meir med studiet enn det dei faktisk gjer. Vi veit at det er positiv samanheng mellom innsats og karakterar, så kvifor jobbar studentane ikkje bare meir?

Ein grunn er prokrastinering, som fint lar seg definere med Stanley Jacobsens visetekst: «I morgon, i morgon, men ikkje i dag…». Det er ikkje alltid like lett å gjere det ein har planlagt, sjølv om det må gjerast, og sjølv om ein veit at det vil straffe seg å utsette det.

Apropos prokrastinering: Mang ein kveld har gått med til å skrive denne kronikken. Det meste av tida har gått til å stirre på pc-skjermen og så kome på ei rekke andre ting som bare må ordnast først. Det positive er at eg nå har både ryddig klesskap og bod.  

Nudging/dulting er eit samlebegrep for enkle og relativt billege tiltak som skal få folk til å ta betre valg. Er det mogleg å dulte studentar til mindre prokrastinering og større innsats slik at dei får betre karakterar?

Det har den kanadiske forskaren Philip Oreopoulos og kollegaer testa ut over ein fem-års periode. Til saman 25.000 kanadiske studentar på innføringskurs i økonomi deltok i eit eksperiment der forskarane testa fire ulike typar tiltak:

  • Online informasjon og oppgaveløysing for å gje auka innsikt i eigne mål og forventningar.
  • Motiverande sms-ar med informasjon og studietips. Studentane kunne ikkje svare på desse.
  • Online mentor som sende sms med studietips. Studentane kunne svare og stille eigne spørsmål.
  • Personleg mentor og jamne møter.

Det første tiltaket er det rimelegaste, så stig kostnadene. Det absolutt dyraste tiltaket var personleg mentor, og forskarane hadde kun ressursar til å gje 90 studentar dette.

Resultatet for karakterane på kort sikt var skuffande likt for alle tiltaka: null effekt.

Studentane som fikk personleg oppfølging jobba faktisk meir med studiet, i snitt to timar meir i veka, men utan at det slo ut på karakterane.

Dei billege digitale tiltaka var utforma for å gjere studentane meir bevisste på eigne framtidsmål og kor mykje jobb som krevast for å få gode karakterar. Men, i staden for å jobbe meir, ser det ut til at denne auka innsikta gjorde at studentane nedjusterte karakterforventningane sine eller reduserte innsatsen for å få ein gitt karakter.

I dag er 35% av alle nordmenn i aldersgruppa 19-24 år studentar, mot 22% i 1992. Over åra har forventningane til universiteta endra seg.

Mange studentar snakkar om universitetet som «skule», og det er snakk om «elev» og «lærar» i staden for «student» og «forelesar». Det er stort fokus på variert pedagogisk opplegg, flipped classroom, personleg oppfølging, seminar, gruppe- og prosjektarbeid etc. som skal motivere studentane til innsats.

Diverre er ressurstilgang (og forelesars tid) sjeldan eit moment når ein entusiastisk diskuterer nye undervisningsformer.

Ressurstilgangen, i form av institusjonanes overføringar per student og per kurs, varierer sterkt mellom ulike studier, som også professor Einar Lie nyleg trakk fram i Aftenposten.

Studentane meldar i dei årlege målingane i Studentbarometeret at dei ønsker meir oppfølging og tilbakemelding frå forelesar.

Dagens finansieringsmodell gir institusjonane incentiv til å fylle opp forelesingane i samfunnsfag og humaniora, sidan desse faga får lågast overføring per student. Dette fører til masseforelesingar med mange hundre studentar per forelesar og lite rom for direkte studentkontakt.

Trivsel er viktig, og diverre slit altfor mange studentar psykisk. Resultata frå den kanadiske studien talar for at mange nye studentar kan ha god nytte av ein mentor og meir personleg oppfølging; studentane som fekk mentor såg ut til å takle studiekvardagen betre og rapporterte mindre stress.

I det nye elitestudiet ved Universitet i Oslo står personleg mentor sentralt. Universitetet i Bergen vurderer også å opprette eit liknande elitestudium for motiverte og flinke studentar.

Finansieringssystemet gir per i dag ikkje rom for å innføre slike faglege mentorordningar for alle studentane.

---

Artikkelen: Philip Oreopoulos og Uros Petronijevic: «The Remarkable Unresponsiveness of College Students to Nudging And What We Can Learn from It”. NBER Working Paper No. 26059, juli 2019. https://www.nber.org/papers/w26059

Fakta

Denne teksten blei først publisert som kommentar av Skatteforsk's professor Annette Alstadsæter i Dagens Næringsliv, side 3, fredag 16. august, 2019. 

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på