Tilråding frå Klimautvalg for fiskeflåten

Av Annette Alstadsæter

Klimautvalg for fiskeflåten - 24.mai 2019
Klimautvalg for fiskeflåten - 24.mai 2019Foto: .

Eit partssamansatt utval la i dag fram ein rapport med anbefaling om å fjerne fiskeflåtens rabatt i CO2-avgifta, samt å innføre ei kompensasjonsordning basert på fyrstehandsverdi. Skatteforsk's Alstadsæter var del av mindretalet som meinte at den føreslåtte kompensasjonsordninga er ein prissubsidie med uklare insentiv-, omfordelings- og miljøeffektar som berre kan forsvarast innført som ei tidsavgrensa overgangsordning.

Det siste året har eit partssamansett utvalg jobba med ein rapport på klimatiltak og verkemiddel for fiskeflåten, som vart lagt fram for høring fredag 24.mai 2019. Heile rapporten kan lastast ned her

Bakgrunnen for dette arbeidet har vore Norges internasjonale klimaforpliktingar om å redusere sine klimagassutslepp med minst 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990 og verte eit lågutsleppssamfunn i 2050. I Noreg har prinsippet om forureinar betaler og bruk av klimaavgifter vore viktige i klimapolitikken.

CO2-avgifta er ei av dei viktigaste klimaverkemidla i dagens klimapolitikk, og fiskeflåten har redusert sats. Den vanlege satsen for CO2-avgift for mineralolje i 2019 er 1,35 kroner per liter, som er lik 507 kroner per tonn CO2. Fiske og fangst i nære farvatn betalar ein redusert sats på 0,29 kroner per liter mineralolje, som er lik 109 kroner per tonn CO2. Fiske og fangst i nære farvatn er friteken CO2-avgift på naturgass og LPG. Fiske og fangst i fjerne farvatn betalar ikkje CO2avgift. Fritaket for fiskeflåten har historisk vore grunna i låg lønsnemnd i næringa. 

Utvalet har jobbe med å vurdere klimatilatak og evt. nye/endra verkemiddel for å fremje reduserte klimagassutslepp i fiskerisetning. Ein stor del av arbeidet besto i å vurdere korleis rabatten på CO2-avgifta kan fjernast og korleis dette vil kunne slå ut for sektoren, også sett i samanheng med kompanserande tiltak.

Rapportens samandrag og tilrådingar er som følger:

"Utvalet vart satt saman av regjeringa Solberg 31.05.2018 og har lagt mandatet frå regjeringa til grunn for sine vurderingar.
Kjernen i mandatet er at "Utvalget skal vurdere økt CO2-avgift på mineralolje, naturgass og LPG levert til fiske og fangst. Utvalget skal også vurdere andre klimatiltak som kan utløse utslippsreduksjoner i fiskerinæringen. Forslagene skal samlet sett ikke innebære økt støtte til fiskerinæringen."

Det presiseres også i mandatet at "Utvalget bes videre om å vurdere de samla virkningene på kort og lang sikt av forslagene, herunder virkninger på utslipp av klimagasser, aktivitetsnivå i næringen og distriktsmessige konsekvenser". I perioden utvalet har vore i arbeid, har partia som utgjer regjeringa lagt fram ei ny regjeringsplattform som viser til at "Unntakene [for CO2-avgift] for landbruk og fiskeri fjernes dersom det partssammensatte utvalget for fiske og forhandlingene mellom staten og jordbruksorganisasjonene om en klimaavtale ikke kommer frem til tiltak som gir reelle og tilstrekkelige utslippsreduksjoner. Dette skal ses i sammenheng med kompenserende tiltak i samråd med næringene".

Utvalet har fått gjennomført ein kostnadsanalyse for ulike fartygrupper som viser endringane i kostnadar på kort og lang sikt av å innføre ei full CO2-avgift for flåten. Vidare har utvalet berekna kva reduksjonar i utslepp ein kan vente av ei full avgift. Kostnadsanalysen viser at ein auke i CO2-avgifta gjev ein avgrensa, men likevel merkbar nedgang i forbruk av drivstoff. Vidare viser analysen at høva fartya har til å erstatte drivstoff med arbeidskraft eller kapital er avgrensa. Auken i drivstoffpris vil difor ha ein direkte kostnadseffekt for alle fartygruppene. Berekningane til utvalet om nedgang i klimagassutslepp ved ei avgift på om lag 500 kroner per tonn CO2 viser ein reduksjon i utsleppa p å kort sikt rundt 5-10 prosent. På lang sikt kan ein sjå ein nedgang i utsleppa på mellom 5,5-12%. Reknestykka er basert på korleis fiskeflåten har tilpassa seg endringar i drivstoffprisane historisk, og tek ikkje omsyn til ny teknologi som kan verte innført i framtida. Ei høgare CO2-avgift vil gje forventningar om ein permanent høgrae pris for fossilt drivstoff, og difor kan verknadene av avgifta på innføring av ny teknologi verte større enn det ein har berekna ut frå historiske variasjonar i drivstoffprisen.

Heile utvalet er samde om at ein i den generelle klimapolitikken skal ha som hovudprinsipp at forureinar skal betale. Eit slik prinsipp bygg opp under argumentet om at ein skal innføre ei full CO2-avgift for fiske og fangst i nære farvatn som ein del av ei omlegging til eit grønt skattesystem.

Kostnadsanalysen på kort og lang sikt som utvalet har fått utført, saman med vurderingar frå fiskerinæringa og landindustrien, kan tyde på at innføringa av ei full CO2-avgift vil ha kostnadseffektar som går i motsett retning av ein del av dei fiskeripolitiske målsetjingane vi har i dag; som til dømes utnytting av flest mogeleg av våre marine ressursar, eit jamnast mogeleg landingsmønster gjennom året og fokus på fangstkvalitet. Utvalet vurderer det også slik at på kort sikt har fiskeflåten liten høve til å endre på sjølve fartya eller drifta (investere i meir klimavenlege farty, motorar, reiskap eller driftsmønster). Difor foreslår utvalet, slik Solbergregjeringa har bede om i mandatet, at det vert innført kompensasjon for dei avgiftspliktige fartya samstundes med innføring av full CO2-avgift.

Utvalet har vurdert ulike måtar å kompensere fiskeflåten for auke i CO2-avgifta. Kutt i andre avgifter, som produktavgifta og fiskeriforskingsavgifta, treff breiare enn dei fartya som betalar CO2-avgifta, og er difor ikkje egna som kompensasjon.

For å nå måla i klimapolitikken må kompensasjonsordninga ikkje motverke CO2-avgifta. Utvalet har sett på tre mogelege ordningar som oppfyller dette kravet: - Historisk kompensasjon - Øyremerkt overføring til teknologiutvikling - Kompensasjon etter fyrstehandsverdi

Utvalet tilrår ikkje kompensasjon basert på historiske utslepp. Det vil diskriminere nye farty og motverke strukturendringar i fiskeflåten. Føremålet med kompensasjon ser utvalet som å lette tilpassinga i næringa til ei meir klimavenleg driftsform. Ei øyremerkt overføring vil støtte nokre utvalde reiarar og utviklingsmiljø som ligg langt framme, men ikkje heile breidda av næringa. Støtte til å utvikle og ta i bruk null- og lågutsleppsteknologi er viktig, men bør ha andre finansieringskjelder enn CO2-avgifta. Utvalet foreslår difor at norske farty som fiskar i nære farvatn får kompensasjon for CO2-avgift basert på fyrstehandsverdien.

Eit samla utval vil difor tilråde at ein frå og med 1.1 2020 innfører full CO2-avgift på fiske og fangst i nære farvatn, saman med ei kompensasjonsordning basert på fyrstehandsverdi. Fiskefartya i nære farvatn vil soleis betale full CO2-avgift, men verte kompensert basert på den verdien dei oppnår for sin fangst. Ei slik ordning vil gje flåten insentiv til å drive meir drivstoffeffektivt, og kan påverke korleis ein vel å designe fiskefarty og reiskap i framtida. Utvalet har vidare forsøkt å utforme forslaget til ordning slik at ein ikkje rokkar ved viktige strukturar i næringa i dag, og slik at ein heller ikkje legg til rette for at det blir meir fordelaktig å bunkre drivstoff i utlandet, og det har vært viktig å unngå at landindustrien vert påverka negativt. Utvalet meiner det vil vere enklast og mest effektivt å organisere kompensasjonsordninga for flåten samla sett, men ser at det finns fiskeripolitiske og - økonomiske argument for å organisere den på fartygruppenivå. Dersom ein vel det siste, er det viktig at fartygruppene ikkje blir for små, fordi dette kan redusere insentivet til å gjere tiltak.

Dei fulle konsekvensane av ei slik kompensasjonsordning er ikkje kjent og utvalet er delt på om dette krev at ordninga blir tidsavgrensa eller ikkje.

Fleirtalet; medlemane Bjørndal, Greaker, Maråk, Valland, Karlsen, Gabrielsen og Kyllingstad, legg til grunn at ei slik ordning må evaluerast etter ei viss tid, for å sjå om den har fungert etter hensikta; om den medverkar til å redusere CO2-utsleppa i fiskeflåten utan å motverke dei målsetningane styremaktene har med fiskeripolitikken. Fleirtalet ser det soleis ikkje som naudsynt å definere ei tidsavgrensing no.

Mindretalet i utvalet; medlemane Alstadsæter og Armstrong, meiner at den føreslåtte kompensasjonsordninga er ein prissubsidie med uklare insentiv-, omfordelings- og miljøeffektar som berre kan forsvarast innført som ei tidsavgrensa overgangsordning.

Fakta

Stortinget fatta den 5. desember 2016 fylgjande vedtak: «Stortinget ber regjeringa om å innføre lik CO2-avgift i ikkje-kvotepliktig sektor i 2018, med foreløpig unntak for landbruket og fiskerinæringen. For landbruket og fiskerinæringen skal det nedsettes partssammensatte utvalg som får i oppdrag å vurdere muligheten for å innføre gradvis økt CO2 avgift for disse sektorene og foreslå andre klimatiltak, under forutsetning av at distriktspolitiske, landbrukspolitiske og fiskeripolitiske målsettinger ivaretas. Arbeidet presenteres i forbindelse med statsbudsjettet for 2018.»

Sinare har ny regjeringsplattform lagt til grunn at "Unntakene (for CO2-avgift) for landbruk og fiskeri fjernes dersom det partssammensatte utvalget for fiske og forhandlingene mellom staten og jordbruksorganisasjonene om en klimaavtale ikke kommer frem til tiltak som gir reelle og tilstrekkelige utslippsreduksjoner. Dette skal ses i samenheng med kompenserende tiltak i samråd med næringene".

Det partssamansette utvalet som sidan juni 2018 har jobba med rapporten har bestått av: 

  • Trond Bjørndal, professor, SNF og NTNU, leiar
  • Annette Alstadsæter, professor, Handelshøgskolen, NMBU
  • Claire Armstrong, professor, UIT – Noregs Arktiske Universitet
  • Bent Gabrielsen, Noregs Kystfiskarlag
  • Mads Greaker, professor, OsloMet
  • Elisabeth Karlsen, Noregs Fiskarlag
  • Lars Tandle Kyllingstad, seniorforsker, SINTEF Ocean
  • Jan Ivar Maråk; Noregs Fiskarlag
  • Aina Valland, Sjømat Noreg

Rapporten vart lagt fram til høring fredag 24.mai

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på