Heia eigedomsskatt!

Av Annette Alstadsæter

.
.Foto: Schutterstock

Bustadeigarar «får» årleg 35 milliardar av staten. Ein nasjonal eigedomsskatt kan redusere ulikhet og auke verdiskaping.

Denne teksten blei først publisert som kommentar av Skatteforsk's professor Annette Alstadsæter i Dagens Næringsliv, side 3, tirsdag 30. april, 2019.  Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Superpåsken er vel overstått og behørig dokumentert med sol, snø og hyttekos i sosiale media. Rekordmange har realisert hyttedraumen sin, og det til gagns.

Enorme verdiar er sylta ned i norske hytter og hus, som i praksis er uproduktiv kapital. Likningsverdien av hushaldas bustadformue var i 2017 på over 2130 milliardar kroner, og marknadsverdien er mykje høgare.

Skattesystemet gjev sterke insentiv til å putte pengane i hytter og hus: Skattefrådrag for renter, skattefri gevinst ved sal av eigen bustad, verdsettingsrabatt på særleg primær- og fritidsbustad i berekning av formuesskatt, og skattefri utleige av delar av eigen bustad.

Subsidieringa av bustadeigarar via skattesystemet er rapportert som skatteutgifter i statsbudsjettet og er verdien av alle fordelane minus eigedomsskatt og dokumentavgift. I 2018 var denne subsidien på 35 milliardar kroner. Dette forsterkar sosiale forskjellar.

Dei som ikkje har råd til å kjøpe bustad får ikkje skattefrådrag for leigekostnadene til bustad, og dei vil ofte ha vanskar med å spare opp nok til å kome seg inn i eigarmarknaden. I mange tilfelle bidrar leigetakaren til å finansiere utleigarens bustadkjøp, gjennom skattefrie leigeinntekter samtidig som at utleigaren får skattefrådrag for rentekostnadene sine.

Ein av dei store utfordringane framover blir å finansiere velferdsstaten i ein globalisert økonomi med storstilt skattetilpassing, spesielt av multinasjonale selskap, som utholar skattegrunnlaget. OECD anbefaler meir bruk av eigedomsskatt, og spesielt i Norge, der bustadformuen ifølge SSB utgjer nesten tre fjerdedelar av hushaldas bruttoformue.

Det er opp til kvar kommune om dei vil ha eigedomsskatt. I 2018 hadde 370 kommunar ei form for eigedomsskatt, og det vart året før samla inn 7 milliardar i skatt på bustader. Nivået må ligge mellom 0,2% og 0,7%, men kommunane har ein del handlingsrom i sjølve utforminga av frådrag og berekningsgrunnlag. Dette legg til rette for skattekonkurranse mellom kommunar i kampen for å tiltrekke seg bedrifter og hyttefolk.  

Det er valgår, og Solberg-regjeringa har bestemt å reduserer makssatsen i eigedomsskatten, først til 0,5% i 2020 og så vidare til 0,4%, noko som vil treffe over hundre kommunar. Dette vil auke dei allereie svært høge subsidiane av bustadeigarar og ta frå kommunar nødvendige inntekter til finansiering av skular og sjukeheimar.  

Kvifor er det så stor motstand mot eigedomsskatt? Det å eige bustad er grunnfesta i den norske folkesjela, og det følast feil å måtte betale skatt kvart år for å bu i eige hus. Eit klassisk døme som blir brukt i debattar er gamle bestemor på minstepensjon som bur i eit stort hus og ikkje har råd til å betale eigedomsskatt på ein bustad som stadig aukar i verdi.

For ein økonom er ikkje dette eigentleg noko problem: ein person som sitter på eit verdifullt hus har stor ikkje-likvid formue og kan då ta opp lån på huset for å betale eigedomsskatten. Eller skattinnbetalinga kan utsettast til eigedomen blir realisert, anten ved sal eller arv. I praksis er dette vanskeleg å formidle og selje inn.

For politikarar utgjer eigedomsskatt ein politisk risiko, spesielt dersom den er dårleg utforma, og det er fristande å skåre politiske poeng ved å senke/fjerne denne upopulære skatten. I Sverige var eigedomsskatt ein av årsakene til valnederlaget til Socialdemokraterna i 2006, blant anna etter merksemd rundt dei såkalla skjergardsenkene som fekk oppjustert verdi på bustaden og høg eigedomsskat etter at nabohusa blei kjøpte opp av kapitalsterke feriegjester.      

Populært eller ei: det bør innførast ein nasjonal eigedomsskatt i Norge. Og då er utforminga viktig, slik at den ikkje treffer vanlige folk hardare enn dei rike.

Eigedomsskatten bør vere nasjonal for å unngå skattekonkurranse og politiske hestehandlar på kommunalt nivå, men inntektene kan gå til kommunane. For best mogleg fordelingsprofil bør skatten også ha eit stort bunnfradrag og progressiv satsstruktur.

Eigedomsskatt reduserer skattesubsidieringen av bustadeigarar og kan redusere ulikhet. Svakare skatteinsentiv til å putte pengane i bustad vil også kunne auka investeringar i næringsverksemd og bidra til entreprenørskap og verdiskaping.

Det store spørsmålet er «kva skal vi leve av etter oljå?». Svaret er ikkje «hytter og hus».

Publisert - Oppdatert

Del på