Misforstått dugnad

Av Annette Alstadsæter

Misforstått dugnad
Misforstått dugnadFoto: Shutterstock

«Dugnadssal» har blitt big business, men er i praksis tvangskjøp av skrot.

Denne teksten blei først publisert som kommentar av Skatteforsk's professor Annette Alstadsæter i Dagens Næringsliv, side 3, tirsdag 19. februar, 2019. 

Ein mørk haustkveld på ein aude parkeringsplass ein stad på Austlandet. Ein bil står med lysa på. Med ujamne mellomrom parkerer andre bilar kort ved sidan av, førarane hentar pakkar frå den parkerte bilens bagasjerom før dei reiser igjen.

Kva er skjer her; narkotikahandel? Distribusjon av smuglartobakk? Ingen av delane.

Det er ein lagleiar på eit barnefotballag som fordeler varer til såkalla dugnadssal til foreldra på laget, pålagt av klubbleiinga. I si tid trudde han at det å melde seg til innsats for podens fotballag skulle innebere sportsleg arbeid. Han hadde ikkje forventa å bli kremmar på si og måtte handtere tidsklemte foreldre som slettes ikkje ønsker å drive med nettverkssal på toppen av alt anna.

Store norske leksikon definerer dugnad som «frivillig, ubetalt arbeid.» Såkalla dugnadssal er i praksis tvangskjøp av overprisa produkt for foreldre og barn i ulike lag, foreiningar, og skuleklassar.

Dette er skjult egenbetaling. Enkelte lag opnar også for å kjøpe seg ut av salet ved å betale inn «fortenesten» til laget direkte.

Eit enkelt google-søk på «dugnadssalg» gav 5600 treff, med svært mange tilbydarar av ymse produkt som sokkar av alle slag, luer, undertøy, spekepølse, syltetøy, kort, tannbørster, kjeks, etc. Det ser også ut til å aukande grad bli ein ekstramarknad for eksisterande bedrifter, i tillegg til bedrifter som har dugnadssal som hovudaktivitet.

Innsalet skjer til dei som er ansvarlige for å generere sårt tiltrengte inntekter til frivillig arbeid, med forlokkande tilbod, som: "Dersom ditt idrettslag har 350 medlemmer som selger fem sekker to ganger i året, tjener hvert medlem 1000 kr. Det tilsvarer 350 000 kr i fortjeneste i året!"

Leiinga bestemmer at alle medlemmar skal selje eit gitt antal produkt. Men det er ikkje sal på vegne av foreininga. Ofte tar verken foreininga eller leverandøren risiko når avtalen er inngått, då medlemmane må betale klubben for sin salspakke, uavhengig av om produkta blir selde eller ikkje. 

Utlegga for den enkelte i samband med dugnadssal kan vere fleire tusen kroner, per barn og aktivitet, noko som kan hindre barn frå låginntektsfamiliar i å delta i organiserte fritidsaktivitetar.

Det er ein genistrek å utnytte organisasjonslivet og fiks ferdige (gratis) distribusjonsnett til sal i store mengder. Det er bare å kjøre ein lastebil med varer til klubbhuset og laste av, så kjem pliktoppfyllande (om enn misnøgde) lagleiarar kjørande, fyller opp lasteromma i bilane, og distribuerer så vidare til foreldra.

Dette presenterast ofte som sponsing ovanfor klubbmedlemmane. Men sponsing er å gi til et formål. Overskot og vekst i «dugnads»-selskapa vil indikerer gode marginar på varene, der såkalla sponsing kun er ein del av marknadsføringsstrategien.

Eg har ei lang karriere som loddseljar bak meg for ymse foreiningar i oppveksten. Naboane kjøpte lodd, og så kjøpte vi av dei når dei kom på døra med loddbøkene til sine saker. Kjøp av lodd er i praksis ei gåve til formålet, med ein liten sjanse for å vinne, der premie er positiv og uventa bonus.

Ved å støtte ymse formål gjennom såkalla dugnadssal aukar forpliktingane i denne implisitte kontrakten betrakteleg; i staden for å kjøpe for 20 eller 50 kroner i lodd, må ein kjøpe overprisa produkt som fort kan koste 250 kroner. Firmaet som leverer varene skal ha forteneste, staten skal ha sin andel (meirverdiavgift), før det eigentlige formålet får sitt. Og den latente gjelda til naboar og kjente i form av framtidige gjenkjøp stig tilsvarande.

Frivillige organisasjonar treng inntekter for å drive viktig arbeid som ofte er ryggraden i lokalsamfunnet og spelar store roller i manges liv.

Men det er eit paradoks at desse organisasjonane inngår store kjøpsavtalar på medlemmanes vegne, der det handlar om tvangskjøp av (ofte uønska) overprisa varer i ei tid med auka berekraftsfokus der mange ønsker å redusere personleg forbruk.

Eit alternativ til slikt tvangskjøp er gode gamaldags basarar og loddsal. Då kan bedrifter bidra med reell sponsing i form av donasjon av premiar. 

Eit anna alternativ er berekraftig marknadsdag for brukt sportsutstyr og klubbtøy, der klubben kan får inntekter både frå salet og frå sjølve arrangementet, med inngangspengar og kafé. Medlemmar og andre får tilgang til billigare utstyr, noko som senker barrierane for deltaking i organisert idrett.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på