Faktabaserte fake news?

Av Annette Alstadsæter

Pixabay
PixabayFoto: Pixabay

Offentlig statistikk kan både feil- og misbrukast, og det er god grunn til å vere skeptisk til enkle konklusjonar.

Noko av det første eg fortel mine studentar er at dei ikkje skal tru blindt på statistikk i media, sjølv om den statistikken det visast til er frå SSB. Då er det ikkje kvaliteten på statistikken eg set spørsmålsteikn ved, men korleis statistikken blir brukt i den offentlige debatten, utan å ta omsyn til bakanforliggande faktorar.

La oss sjå på eit par eksempel for å illustrere kor viktig det er å sjå på kva som ligg bak statistikken, og vi startar med kva effekt utbytteskatt har på entreprenørskap.

Utbytteskatten vart redusert i Sverige i 2006, og etter det kan ein sjå ei auke i talet på nye aksjeselskap. Redusert utbytteskatt fører til auka entreprenørskap! Dette er eit enkelt argument å formidle til politikarane for å lobbe for redusert utbytteskatt.

Men, når vi ser på kva som skjedde i Norge rundt innføringa av utbytteskatt i 2006, så går talet på nye aksjeselskap opp. Auka utbytteskatt fører til auka entreprenørskap! Ikkje eit like populært argument å lobbe ovanfor politikarane med. Problemet i dette eksempelet er både definisjonen av entreprenørskap, målt som talet på nye aksjeselskap, og det som ligg bak tala. Mange av dei nye selskapa har ikkje tilsette. Så ikkje så mykje jobbskaping der, og ei heller så mykje entreprenørskap. Derimot kan dette forklarast med lovlig skatteplanlegging.

Båe reformane gjorde det attraktivt å opprette holdingselskap. Under den norske aksjonærmodellen er utbytte og kapitalgevinstar skattefrie så lenge dei blir haldne innan selskapssektoren og ikkje utbetalt til private, noko som har ført til utstrekt bruk av holdingselskap, innelåsing av overskudd i selskapssektoren og kunstig låg inntektsulikhet for personar.

Neste eksempel er frå ein kronikk i DN nyleg. Advokat Marianne Killengreen hevda at «Robin Hood er fortsatt på vakt. Når skatteinntektene er mer enn doblet på 15 år, er det i all hovedsak takket være de høytlønnede» og refererer til diverse tal i SSBs tabell 07006. Desse aggregerte tala gjev ikkje grunnlag for truverdige fordelingsanalysar. Men la oss nå likevel sjå nærare på kvifor Killengreens konklusjonar baserte på denne tabellen blir feil.

I seg sjølv er startpunktet korrekt; total utlikna skatt auka med 125% frå 2000 til 2015 – altså «meir enn dobla». Men det som ikkje seiast, er at totale bruttoinntekter auka med 121% i same periode og at antal personar i statistikken gjekk opp med 19%. Dessutan er alle beløpa i nominelle kroner som ikkje er korrigerte for inflasjon eller generell økonomisk vekst. 

Total utlikna skatt har i nominelle kroner nær femdoblast for alle med meir enn 1,25 mill. i bruttoinntekt over disse 15 åra. Men det er ikkje dei same personane som er med i dei ulike inntektsgruppene frå år til år, og stadig fleire flyttar opp i høgare nominelle inntektsgrupper. Faktisk har antal personar med bruttoinntekt over 1,25 mill. auka frå 19.000 til 110.000, og då er det klart at summen av skatt går opp.

Gjennomsnittleg skatt per person har derimot kun auka med 5% for alle med over 1,25 mill. i bruttoinntekt, medan den i same periode auka med  89% for heile befolkinga. Dermed har dei med høg inntekt etter dette målet (som ikkje nødvendigvis er eit bra mål) fått redusert skattetrykk, relativt til befolkinga under eitt. 2015 er eit spesielt år med nær dobling av utbytter til privatpersonar frå året før. Samanliknar vi i staden med 2014, har gjennomsnittleg utlikna skatt gått ned med 3% i perioden for dei med bruttoinntekt over 1,25 mill. kroner.

Ein kan heller ikkje seie noko på bakgrunn av disse tala om kva ulike lønsgrupper betaler i skatt, sidan personane i tabellen er rangerte etter bruttoinntekter, som er sum av løn, kapitalinntekter, pensjonar og næringsinntekter, og det kan vere mange personar med låg løn inkludert i dei høgare bruttoinntektsgruppene. Kapitalinntekter utgjer ein stor del av bruttoinntektene i dei høgare inntektsgruppene pga. høge underliggande formuer. Ny forsking viser også at det i dette segmentet til dels er stor skatteunndraging og skattetilpassing, som også er med på å skjule reelle inntekter. 

Kva er så moralen her; at alt avhenger av alt og at ein ikkje kan seie nokon ting? Nei. Men det er grunn til å utvise ein sunn skepsis til enkle konklusjonar baserte på aggregerte statistikkar. Og det særleg i ei tid der klar tale og sterke meiningar er populære i media, medan balanserte analysar av typen «på den eine sida… og på den andre sida…» ikkje er klikk-magnetar og derfor ikkje like lett når fram i den offentlege debatten.

Denne teksten blei også publisert som gjestekommentar - samfunn på side 4 papirutgaven av Dagens Næringsliv tirsdag 5.september 2017.

Publisert - Oppdatert

Del på