Trump på skattejakt

Av Annette Alstadsæter

dollars treasure hunt taxes
dollars treasure hunt taxesFoto: Shutterstock.com

Nyleg la Trump-administrasjonen fram ein plan for skattereform som både vil kunne løyse problem og samtidig skape nye.

Det pågår ein skattekonkurranse mellom verdas land. Storbritannia diskuterer å redusere selskapsskattesatsen drastisk som eit ledd i Brexit-prosessen, og Trump-administrasjonen vil redusere selskapsskatten frå 35% til 15%. Mykje av grunnen til dette er overskuddsflytting.

I ein prisvinnande artikkel sette Reuters i 2012 auka søkelys på flytting av overskudd i multinasjonale selskap. Reuters viste at sjølv om Starbucks år etter år rapporterte store underskudd til skattemyndighetene i Storbritannia, så rapporterte dei høg lønnsomhet til investorane i same perioden. Korleis er dette mogleg?

Skattebasen for selskapsskatten er inntekter minus kostnader. I prinsippet er både inntekter og kostnader gitt av marknadsprisar. Men i multinasjonale selskap kan både inntekter og kostnader justerast slik at skattbart overskudd i høgskatteland blir redusert. Selskapet sparer skatt medan land som Norge mister skatteinntekter. Dette er også konkurransevridande, sidan multinasjonale selskapa betaler mindre skatt enn dei nasjonale og kan vinne marknadsandelar gjennom lågare prisar.

Ein metode multinasjonale selskap kan flytte overskudd på er via såkalla immaterielle eigedelar, til dømes ved at alle selskapa i konsernet betaler for retten til å bruke konsernets varemerke. Desse betalingane går då ofte til eit lågskatteland, medan sjølve betalingane gjev skattefradrag i høgskatteland. Då vil konsernet totalt spare skatt. Ein annan metode er at konsern finansierer dotterselskap i høgskatteland med lån i staden for eigenkapital, noko som gjev skattefrådrag for alle rentekostnadene som betalast ut av landet.

Armlengdeprinsippet seier at varer og tenester som handlast mellom selskap i same konsern skal prisast til marknadsverdi. Det er i praksis ofte vanskelig både å sette og kontrollere denne prisen. Kva er til dømes marknadsprisen på retten til å bruke merkenamnet Starbucks?

Eit grunnleggande problem er kvar inntektene til multinasjonale selskap skal skattleggast. Dei fleste land bruker kjeldeprinsippet, dvs. at inntekta skal skattleggast der den er generert. Eit unntak er USA, som krever at alle inntekter som amerikanske selskap tener i heile verden skal skattleggast i USA, men først når inntektene tas heim. Det er frådrag for utanlandsk skatt, men sidan store delar av utanlandske overskudd blir genererte i skatteparadis, er det ofte nær 35% skatt på å ta pengar tilbake til USA. Sjølvsagt skaper dette store tilpassingar.

Amerikanske selskap held nå anslagsvis 17 000 milliardar kroner i utlandet.  Selskap som Apple har enorme pengebingar i utlandet, men låner likevel pengar for å kunne betale utbytte til amerikanske aksjonærar medan dei ventar på skatteamesti. Førre amnesti var i 2004, då selskapa berre betalte 5,25% skatt på utanlandske overskudd som blei førte tilbake til USA.

Trump-administrasjonen la i slutten av april fram ei kort skisse til skattereform. I tillegg til å senke selskapsskatten med 20 prosentpoeng er planen å gå over til kjeldeprinsippet for selskapsbeskatning. Dette vil kunne redusere incentiva til overskuddsflytting. Det er også annonsert eit nytt amnesti for å få amerikanske selskap til å ta sine utanlandske overskudd tilbake til USA mot at dei då betaler ein eingongsskatt.

Men forslaget vil kunne skape nye problem. Reduksjonen i selskapsskatten til 15% skal gjelde alle selskap, noko som då sannsynligvis inkluderer såkalla pass-through selskap. Desse selskapa blir ikkje skattlagde på selskapsnivå, men inntekta blir ført rett til eigaren og skattlagd med opptil 39,6%. Forslaget vil kunne innebere 25 prosentpoeng redusert skatt og gje desse eigarane ei stor skattelette. Samtidig vil det auke incentiva til slik skatteplanlegging og dermed kunne ha store negative effektar på USAs skatteinntekter. 

Majoriteten av pass-through selskapsinntekt går allereie til dei rikaste i USA, og det er også dei som då vil nyte godt av dette skattekuttet. The Guardian melder at Trump sjølv kan spare 500 millionar kroner i året på dette skatteforslaget.

Motivasjonen for redusert selskapsskatt er at dette skal føre til auka investeringar og skape nye arbeidsplassar i USA. Det er få kjente detaljar om sjølve utforminga av skattereformen, og det er ikkje skildra korleis dei store skattekutta skal finansierast. Det som er sikkert, er at dette forslaget vil  kome dei rikaste til gode, og det i ei tid med allereie stigande ulikhet i USA.

Denne teksten blei først pulisert i Dagens Næringsliv, 16.mai 2017.

Publisert - Oppdatert

Del på