Eit halvt oljefond årlig

Av Annette Alstadsæter

Panama Papers
Panama Papers

Den utstrakte bruken av skatteparadis gjer at verdas land årleg går glipp av minst 3,600 milliardar kroner i skatteinntekter. I denne kronikken drøftar vi nærare kva eit skatteparadis er og gjev ein oversikt over dagens verkemiddel mot skjulte bankkontoar i skatteparadis.

Av: Annette Alstadsæter og Niels Johannesen

Men kva er eigentleg eit skatteparadis, og kor mykje pengar er skjult der?

Eit skatteparadis tilbyr hemmelighald av finansielle opplysningar, noko som gjer dei attraktive for personar som ønsker å skjule formuer for å unndra skatt. Banksekretesse og anonymt eigde postkasseselskap gjer det mogleg å gøyme formuer i skatteparadis med (fram til nå) liten risiko for å bli oppdaga. Skatteparadis har også låg eller ingen skatt. Multinasjonale selskap flyttar overskot til skatteparadis ved hjelp av innfløkt selskapsstruktur og utnytting av inkonsistente regelverkt mellom land. Eit tredje kjenneteikn ved skatteparadis er svak regulering. Dette er særlig tiltalande for bankar og forsikringsselskap, som ved å flytte aktivitetar til skatteparadis kan omgå heimlandets finansielle regulering, som til dømes eigenkapitalkrav.

Det er likevel ikkje bare-bare å etablere seg som eit skatteparadis for land som skulle ønske det. Eit fjerde kjenneteikn ved skatteparadisa er politisk stabilitet, som er ein føresetnad for at utlendingar skal tørre plassere sine pengar i landet. Enkelte skatteparadis, som t.d. Panama, kan likevel fungere trass i ustabilitet, fordi dei hovudsaklig tilbyr kapitaleigarane muligheit til å skjule faktisk eigarskap til bankinnskot i stabile tredjeland. Pengane er ikkje plasserte i Panama.

Det er ikkje i seg sjølv ulovlig å ha konto i eit skatteparadis. Det er hemmelighald som mogleggjer både skatteunndraging og anna kriminalitet via skatteparadis. Vår kollega Gabriel Zucman bereknar i boka «The Hidden Wealth of Nations» at 48,000 milliardar kroner er skjult i skatteparadis, noko som anslagsvis gjev eit globalt tap i skatteinntekter på minst 1,600 milliardar kroner i året.

Verda taper enda meir på det som framleis er definert som lovleg skattetilpassing og bruk av skatteparadis, nemlig multinasjonale selskaps overskotsflytting. OECD bereknar at verdas land årleg går glipp av 2,000 milliardar kroner i skatteinntekter som følge av dette.

Den store merksemda rundt Panama-avsløringane har tilsynelatande ført til auka vilje til internasjonalt samarbeid i kampen mot skatteparadis. Kva verkemiddel har ein så allereie?

Frå 2008 auka talet på bilaterale avtalar om informasjonsutveksling kraftig. Problemet her har vore at for å få informasjon om nordmenns kontoar i Sveits, må Skatteetaten både ha dokumenterbar mistanke om unndraging og eksakt kontoinformasjon, noko som har ført til få avdekka saker. Forsking viser at dette ikkje førte til mindre bruk av skatteparadis; pengane ser heller ut til å ha blitt flytta til skatteparadis som heimlandet ikkje har avtale med. I tillegg er stadig meir av sveitsiske bankinnskot eigde av skalselskap registerert i andre land, slik at faktisk eigarskap er skjult.

I 2014 vart ein samde om ein multilateral konvensjon som sikrar automatisk bankinformasjonsutveksling med nærmare hundre land frå 2017/2018, inkludert mange viktige skatteparadis. Dette er eit stort framskritt, då rapporteringa skal skje automatisk og ikkje kun etter førespurnad. I prinsippet skal ein heller ikkje kunne omgå dette ved å eige kontoen i Sveits via eit postkasseselskap i Panama, fordi bankane er pålagde å ha opplysningar om eit selskaps eigarar før selskapet kan opne ein bankkonto.

Er alle problem nå løyste? Vel, nei. Utfordringar står i kø, som dårleg implementering av enkeltbankar eller land. Og skatteadministrasjonane vil også måtte bruke store ressursar på å kunne nyttegjera seg all den nye informasjonen dei får tilsendt, i ei tid då mange skatteadministrasjonar får budsjettkutt. I tillegg er det nødvendig med politisk vilje – og evne -  til samarbeid og regelverksendringar dersom det skal vere mogleg å redusere multinasjonale selskaps overskuddsflytting.

Denne teksten blei først publisert som kronikk i Dagens Næringsliv, 23.aril 2016: https://www.dn.no/meninger/debatt/2016/04/22/2149/Panamaavslringene/eit-halvt-oljefond--rleg

Publisert - Oppdatert

Del på